lørdag 27. mars 2010

Tikk-takk

Det er tid for å skru klokka mot sommar! Alltid litt stussing på korleis denne klokkeskruinga skal vera. Fram eller tilbake?
No har eg omsider lært meg ein hugseregel: Alltid mot sommaren!
Fram no på våren, tilbake til hausten.
Og så var det neste spørsmål; Ein time fram; vil det sei at me får sova litt lenger?
Nei. Ein time mindre å sova på gitt!
Men blir lyst og kjekt då!

fredag 26. mars 2010

Vår

Vår tra la la
Vår tra la la
Vår tra la la
Vår tra la la
Vår i år

Nynnar på DeLillos sin Vår, og syns i grunn livet e fint!

Ja så har det blitt vår
Så har det blitt vår i år
Og våren den er en klisjé
Den er en klisjé men hva gjør vel det

Vår tra la la
Vår tra la la
Vår tra la la
Vår tra la la
Vår i år

Kanskje, om eg hadde lært meg litt om korleis (og om det faktisk er mogeleg!?), kunne eg lagt songen ut her.. I mellomtida får eg berre nynna vidare, og nyta at det faktisk er

VÅR!

torsdag 25. mars 2010

Lysets engel


Denne keramikkengelen kjøpte eg på påskeferie i fjor, på ei pittelita kafé-kaffi-og-handarbeidsutsal-bu med litt ekstra på Hovden. Eigentleg identifiserer ikkje eg meg heilt med "engle-typen", men eg falt sånn for den der og då.
Og den vart fin her heima òg! Endå finare med telys tent i handa ein mørk vinterkveld.
Engelen min har kome til sin rett denne vinteren gitt!

onsdag 24. mars 2010

Påverknad?

Kva påvekar oss til å bli som me blir og til å gjera som me gjer?
Har sett eit par episodar av Hjernevasken til Eia i kveld. Konklusjonen min er at eg trur eg hadde gjort meg veldig dårleg som forskar. Som politikar òg, for så vidt. Eg blir i alle fall veldig lett overbevist. Og motbevist. Og overbevist igjen. Og sånn går nu dagan..
Når ein forskar her vert intervjua, som hardnakka hevdar at han har rett i at miljøet har nesten alt å sei for korleis born blir, så trur eg på han. Så kjem neste, som også har gode argument og overbevisande forsking å visa til, og hevdar at gener, altså biologi og evolusjon gjer oss som me er. Ja, då trur eg på det òg. Så er eg like klok. Eller..?
Uansett; Programmet var i alle fall både underhaldande og - trur eg - lærerrikt.

søndag 21. mars 2010

100 dagar


Laurdagskvelden var fin! Om den no sit litt igjen i kroppen etterpå..
100 dagar - arrangementet, musikkfest for å feira at me nærmar oss Stordfest 2010, var eit stort kalas, med masse variert musikk heile helga. Som den fjernsynshungrige og heimekjære fredagspersonen eg er, valte eg altså sofaen på fredagen. Og den gode studenten i meg gjorde prioriteringa slik at eg måtte droppa musikken på Laur-dagen. - Men var klar for å ta det igjen når kvelden kom!
Og kvelden starta med kjekt besøk rundt eit kosleg bord med trivelege damer. Det blei som det måtte bli; så triveleg, at noko av den tidlegaste musikken blei spelt utan mine øyre tilstades. I alle fall, når øyrene først kom seg på plass, var det jo så mange kjekke folk - som eg ikkje hadde sett på lenge - at eg har litt dårleg samvittighet i dag. Eg trur muligens eg blei ein av dei som eg så ofte har irritert meg over på konsertar, som pratar i veg med sidemannen, med musikken i bakgrunnen.. Nei, faktisk trur eg at eg fekk balansert det ganske greitt, godt hjulpen av eit smart arrangement der me kunne velga å forflytta oss rundt til-frå mellom musikarar og gamle vener.
Bluesgangsters, Bite og Bastard; knakande kjekt! Og knallande hard svart-rock, med raspande stemmer og mykje tung bass; eg lot meg fascinera! Blei ståande å fundera på kva dei eigentleg syng om. Tru om det handlar om vårblomar, kattungar og bestemor si gode ripssaft? (Det hadde i alle fall vore jysla løye om det var slik!)
Eg må sei eg fekk eit bra utbytte av denne kvelden. Mykje bra musikk! Mange kjekke folk! Vårfølelse når eg gjekk heimover i natta på bare vegar.
Kva gjer det vel då, om eg må betala litt med å vera noko slakk i pelsen i dag?

fredag 19. mars 2010

Action i natta

01.37. Øhu! (med stum u)! Etterfulgt av lyden av væske som klæskar i golvet frå halvannan meterts høgde. Kjenne den lyden! Eg bråvaknar, og er på golvet før prinsesso har hutra fram "eg e sjuk..".  Kjappe steg, og eg får konstatert at ho i alle fall kom seg ut av senga denne gong, og faktisk halvvegs mot badet.
Øh! Endå meir ja! Tynt og lett klumpete skvip skvettar oppover veggar og leggar. Prinsesso har eit grønleg skjær over nasa. Mammo geleidar inn på badet i håp om å nå toalettet før neste Øh! Håpar ingen av dei andre vaknar!
Så er det dusjing og på med ny pysj, trøysta og varma litt, og putta forsiktig under dyna, - med bøtta ved sida av. Og så fram med vaskebøtta, filla, klorin og grønnsåpa. Klokka er 02.26, og eg vaskar veggar, rekkverk, golv, og så meg sjølv.
02.39, og eg er under dyna igjen. Lyttar. Sprett opp ved første host frå naborommet. Puh, berre vanleg hoste! Lettare typisk at pappen reiste på jobb i går, så då er det mammo som må bli heime. Kva var det eg hadde på plakaten i morgon no igjen? 03.02. Sjekkar sjuandesansen. Ok, det lar seg ordna i morgon, blir ein alternativ arbeidsdag. Nytt host? Øhu? Nei, er visst ro.
Sovnar nok snart igjen..

torsdag 18. mars 2010

Favorittar på skjermen

Fjernsynet e kjekt! Selskap, tidtrøyta, underhaldning, påfyll, avslapping.. Og "barnevakt" når mammo vil sova litt lenger enn prinsesso, litaldokko og arvingen i helgane!
Favorittane mine no for tida er Himmelblå, Frustrerte fruer, Otto heilt privat og Torsdag kveld i Nydalen. Og som ellers fredagskvelden med Nytt på Nytt, litt svitsjing mellom Norske Talenter og Skavland, og Senkveld. Såg Bård Tufte Johansen på farlig fotballkamp her ein kveld, det var kjekt òg, men har ikkje sett meir av det enno. Engelsk, svensk eller dansk krim e alltid ein slager! Og så hadde eg tenkt at eg skulle få med meg Harald Eia sine omdiskuterte forskarprogram, men det har eg visst ikkje fått plass til i timeplanen enno. Satsar på nett-tv der. Likeeins med Klasse 10B. Og True blood må eg visst sjå på DVD i staden. Som så mange andre seriar.


Einaste med fjernsynet som er utruleg irriterande, er når det ikkje er eg som styrer fjernkontrollen. Då hender det at eg meir eller mindre ufrivillig sit og blir informert om krabbafiskarar, tatovertingar eller myter som blir "busta"..
(ja, eg kan jo berre gå og gjera noko anna, I know!)