tirsdag 13. april 2010

Hompetitten


Å sitta bakpå ein pick-up i solskin såg idyllisk ut. Men ein times tur på landeveien i guatemala blei sterk kost for ei sart rompa som ikkje var heilt restituert etter 24timarsflyreisa nokre dagar tidlegare. Men det var artig! Fekk sjå lokalt jordbruk, minikioskar midt i ingenmannsland, og arbeidsfolk med tunge bør på hovudet langs vegen. Og hadde dessutan godt selskap på planet! :) Turen gjekk til to kvinnegrupper som fekk læra å lesa og skriva. Vaksne, flotte bondekvinner som ikkje hadde fått anledning til å læra denne kunsten tidlegare i livet. Dei hadde enkle kår, men så stort pågangsmot og vilje. Herlege små ungar hang på, dei var forundra over desse rare folka som kom på besøk! Sterke inntrykk å få i dette landet!

mandag 12. april 2010

Loppesirkus


Mykje her er svært annleis enn heime. Hygiene til dømes. Og kriminalitet. Las ein plass om kor mange drap her var kvar dag, men det har eg fortrengt. Mogeleg det høge talet har ein samanheng med at sjølv kjøleskapet på lokal-supern er vokta av ein med maskingevær? Vel, me utlendingar er i alle fall mykje opptekne av å alltid gå i lag med andre for å, om mogeleg, førebygga eventuelle overfall o.l. Det er òg mykje snakk om reinslegheit og bakterieflora. Og dertil tilhøyrande lopper og diaré. Har kome til Comalapa i dag, og hotellstandarden er i ein annan klasse enn der me budde i Antigua. Så no har eg rigga meg til med lakenpose og medbrakt pledd, og er klar for og første natt her. Var invitert heim til ein lokal familie på kvelds, men maten verka vera gjenomsteikt. Og god var den! Likevel, i tilfelle rottefelle, har eg no både diarémedisin og antikløemiddel klar til i morgon.. Biletet over er utsikten frå toppetg på hotellet ved ankomst. Gata utfor var då yrande av comalapensarar på marknad, og her var alt frå vekkerklokker, felg-grillar og høner å få kjøpt.

søndag 11. april 2010

Antigua


Dette er utsikten eg vakna til i dag! Vulkanen har forholde seg roleg heile dagen, medan eg har tutla gatelangs i denne vakre byen. Trange, steinlagde gater, og fargerike men slitte murbygningar som omkransar fantastiske bakhagar. Marked, folk, lukter, lydar. Masse inntrykk. Makalaust!

lørdag 10. april 2010

'Døgna'


No har eg 'døgna', dvs unnlatt å sova det sista døgeret. Er ikkje mange gonger eg har gjort det frivillig. I alle fall ikkje sidan russetida. Forstår ikkje heilt det store i det, sjølv om eg anser meg for å vera litt ungdom - i sinn i alle fall! Men no har eg altså forflytta meg ganske langt då! Berre sjå på bilete av skjermen på fly to av tre. Løye òg, å vera på reis! Veldig mange underhaldande folk å betrakta. Og så er det jo flymaten. Og underhaldning på skjermen, kjekt mykje å velga i! Sett tre filmar i natt, spelt backgammon og golf. Og glodd!:)

fredag 9. april 2010

På reis


Skuggen av flyet i det me går inn for mellomlanding i amsterdam. Lurte ei lita stund på om me skulle landa på sjølvaste vegen, men det blei ikkje noko av. No er eg på vei inn i nytt fly som skal fyka oss øve atlanteren. Det har namnet Moder Teresa. Lover bra. Trur eg..

tirsdag 6. april 2010

Guatemala

Eg skal på tur! Comalapa i Guatemala er Stord kommune sin venskapskommune, og eg er no så heldig å få lov til å reisa dit i to veker. To personar deifrå er her no, og skal bu og jobba her i halvanna år. Noko av tida skal dei vera med oss i vårt arbeid med rusførebyggjing. Kanskje me driv noko som dei kan dra nytte av i sitt heimland på dette området? I alle fall, no skal eg og ein kollega på ekskursjon!

Dette er ein heilt ny verdsdel for meg! Det blir spanande, eksotisk, og eg veit i grunn ikkje heilt kva eg skal forventa meg.. Har hatt det så hektisk no før påske, så eg har i grunn ikkje tenkt så mykje på det. Men no er det plutseleg nesten avreise, og eg kjenner sommarfuglane begynnar å livna til. Prøver å førebu meg litt. Så då ser eg på kartet..

mandag 5. april 2010

Det gjorde godt!

Så var påskeferien over for i år. Det er ikkje til å legga under ein stol at det er deilig med fri! Me har nytt hyttelivet. Snudd på døgeret, sett koseleg barne-tv til langt på dag, ete og drukke godt, og hatt og fått besøk. Det har vore kos! I alle fall så lenge toalettforholda var akseptable..

No er det berre ein fridag igjen før kvardagen tek oss. Den må nok brukast til opp-pakking og å koma seg på plass igjen. For du hendelse kor mykje me dreg med oss! No flyt huset over av redningsvestar, skitne sokkar, halvleste ukebla' og fuktige handkle. Vaskemaskinen går seg nok varm i morgon!

Litt bilete frå påskeferien vår..

Jepp, blei jammen litt "påske-verkstad" på hytto. Jentene malte eggaskalet etter frukosten, og vips, så hadde me koselege telys å pynta med!
Litladokko har ein liten time-out framfor fjernsynet mens resten av gjengen leikar i fjøra. På bordet, praktisk og komfortabelt nok.
Nam-nam, godkjent innhald i påskeegga som Påskeharen hadde lagt ut.
Gullungane på båttur langs Bømlalandet.