Smedholmen Live - ein liten del av Fitjarfestivalen 2010 - gjekk av stabelen i går kveld. Og eg var med!Smedholmen ligg ein pitteliten tur i båt utfor Fitjar, og ferda gjekk i skyssbåt. Eg har aldri vore der før, og fekk oppleva ein knallkoseleg stad! Nokre gamle velhaldne hus (i alle fall såg det slik ut i går), og store, flotte trer som omkransa ein for-anledningen-laga-grillservering og fantasktisk flott lyselilla bølgete bar. Og så var det ein stor, grøn bakke ned mot sjølve scenen, og denne hadde sjøen rett bak. Direkte vakkert!
Og så var det musikken då. Ovanfornemnte Kings of Convenience, som kom direkte frå Asia-turné, var rolege, fine, samstemte, humoristiske og sjarmerande på scenen. Og det to-manns store bandet gjorde lukke på Smedholmen òg! Så kom The New Wine på, bergensarar etter kva eg oppfatta, og skikkeleg bra! Og til slutt Kakkmaddafakka! Så fine, funky og sjarmerande på scenen, og knakande gode! Eg har høyrt om dei før, men ikkje høyrt dei. Det er eg gla eg har no! Sjølv falt eg veldig for dei nydeleg koreograferte korgutane, som hadde fullt program gjennom heile settet. Herleg!
Åh, eg er så fornøgd når eg får med meg slike happeningar! At det regna litt under konsertane gjorde ikkje noko, eg hadde jo kledd meg for dèt. Og så kom trollkjerringane med lyn og torden når det heile var over, og me venta på tilbakeskyssbåten. - Og då fekk me jo testa om regnkleda tålte skikkeleg vestlandsvêr.. (Vel, trur ikkje det var mange som hadde særleg mange tørre flekkar igjen på kroppen!) Men vêret kan me, som kjent, ikkje gjera noko med. Og opplevinga var uansett verd litt svømmehud mellom fingrane! :-)
Litt bilder, tatt med svært våt mobil (tåler dei vatn??):
Kings of convenience.
"Mjødbenkjen", lilla, og med fine lampar på disken.
Kakkamaddafakka på scenen, med kor i aksjon.
