onsdag 27. juli 2011

...

Danskebåten legg til kai. Me stimar saman i bilen, skrur på radioen med det same me køyrer av båten. Det er fredag den 22. juli 2011. Klokka er 15.33. Ein kjekk song er nett slutt. Radiodama stotrar, mumlar. Det har visst vore ein eksplosjon i by'n, seier ho. Ho set på ein ny song, i påvente av nyhende. Me hevar augebryna. Ser på kvarandre. Skiftar kanal på radioen, over til ein meir "seriøs". Her får me vita at det nett har eksplodert midt i regjeringskvaratlet i hovudstaden. Me ser på kvarandre igjen. Bomba? Terror? Mot litle Noreg?
Radioen fortel etter kvar som den får vita. Eg sit i passasjersetet og trykkjer meg gjennom nettaviser og faecbook medan radioen fortel det den veit. Stor eksplosjon, heile regjeringskvaralet er nesten knust. Fasadane på VG-huset er knust. Folk i Oslo er sjokkert. Vantru.
Så kjem meir nytt, no om skyting på ein politisk ungdomsleir. Det kan vel ikkje stemma? Radiostemma seier at det kjem inn meldingar frå fleire. Mange er skutt. Me ser på kvarandre. Skjer det verkeleg? Det er ikkje berre nokon som tullar? Eller misforstår ein dårleg filminnspeling? Nei, det går opp for oss at dette faktisk skjer.
Akkurat no, medan me køyrer der på vegen frå Kristiansand. Ungdommar kjempar for livet. Dei døyr. Dei har panikk. Foreldra får telefonar og sms'ar. Dei har panikk. Kan ikkje hjelpa. Må ikkje ringa tilbake, dei kan avsløra gøymestader. Politi og redningsmannskap jobbar på spreng. Ein gal mann skyt. Rett  mot unge, fine folk! Statsministeren er i sikkerheit. Men bygningar er knust. Folk blir skotne rett ned, nett no.
Kven gjer slikt? Nokon tek på seg ansvaret. Ekspertar uttalar seg. Ministrar seier dei må avventa. Facebookvener slenger ut diverse teoriar. Mange med rasistisk tilsnitt. "Jævla idiotar! Kom dåke heim og spreg i dåkas eige land!" - sa ein av dei første statusoppdateringane eg las av dette kaliberet. Eg trur ikkje me hadde kjørt forbi tollaren endå, ein gong. Men så får me høyra at han som skyt er kvit. Han er norsk. Han sprenger og skyt faktisk i sit eige land. På sitt eige folk. Eg går innpå facebook igjen. Statusen frå tidlegare er faktisk fjerna. Sikkert smart. Men eg hadde alt sett den. Andre også..
Dagen derpå, tal på omkomne, skadde og sakna er høgare enn me trudde var mogeleg. Folk er i sjokk. Landet er i sjokk. Verda støttar. Statsministeren talar igjen. Det same gjer både konge og andre ministrar. Dei snakkar om demokrati. Om å stå saman. Og folket støttar kvarandre.
Eit rørande samhald. Blomar, lys. Støtte. Omsorg. Midt i sterke skildringar frå dei som var der, som hadde nokon der, som mista eller som overlevde. Ein varme og omsorg som overraskar meg.
Som gjer meg stolt. Som kanskje kan gjer dagane som kjem litt lettare for dei som vart ramma.
Eg tenner lys. Eg går i tog. Eg grin. Snakkar med ungane. Forklarar, det som let seg forklara. Tenkjer på alle dei som har vore midt i det. På dei som har hatt sine midt i det. På redsel, panikk, sorg. Eg tenkjer på dei som står han som har gjort dette nær. Det gjer vondt.
Men det gjer godt å sjå korleis dette blir handtert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du sei noko om dette?