mandag 31. mai 2010

Favorittane mine

For å vega opp for det fæle biletet i forrige innlegg, måtte eg berre finna fram nokre kjekke bilete.. Så her er altså favorittpersonane mine, knipsa på båttur i pinsehelgo.
Flaskepostar på veg ut i verda.. Lurar på kor dei tek ferda....?

søndag 30. mai 2010

Prosjekt

Ok. Eksamen innlevert og feira. Har kome i gong med alt som har hopa seg opp på jobb. Og så var det heimen då..
Eg har klart å holda overflata sånn nokolunde. I alle fall nok til å ikkje bli stengt ned av mattilsynet og barnevern (trur eg..). Og ja, handyman-Samboen e med på laget han òg. Men han har òg noko han prioriterer vekk.. Og no er han på jobb igjen.
Så; ein del har rett og slett blitt fullstendig neglisjert dei siste vekene.
Som klesbretting og -system. Eg vaskar og heng til tørk. Men så stoppar det altså opp. Alt blir tømt i sofaen i stova, og så hentar me der når det er tomt i skap og skuffer. Og å rydda vekk det som har blitt for lite har i alle fall ikkje blitt gjort no når ho mor har holdt på med "leksa" heile tida.
Så no: Prosjekt "Få-orden-i-kler-skuffer-og-skap" er herved offisiselt opna.
Eg kunne ønska dette berre var eit illustrasjonsfoto.
I staden er det ein liten glip av røynda. 
Godt det er søndag!






tirsdag 25. mai 2010

Lukkeleg er den..

.. som nett har sendt inn siste eksamen!
No blir da feiring med boller og is her i heimen! Og ei skikkeleg markering med gode medstudentar til helga. Herleg kjensla! Alle timane over bøker og tastatur er allereie som viska vekk frå minnet, og eg ser framover mot kveldar med koselitteratur og alt anna enn fag.  
Og herifrå skal eg berre melda meg på hobbykurs og lett fagleg påfyll, utan krav om prestering!

*Knipsar med tedno*

torsdag 20. mai 2010

Dundelina

Småjentene i huset er avogtil prøvekaniner for dei skjønne Dundelina-kleda til Monica. Begge jentene stiller velviljug opp når ho treng prøva storleikar, testa ut vidde, lengde og passform.
I tillegg har størstaprinsesso ved fleire anledningar hatt mulighet til å vera modell ved fotograferingar. I utgangspunktet har ho også då vore positiv, og har kasta på seg kjolane med stor iver.
- Men så passar det plutseleg ikkje frøkno å gjera som verken fotograf, designer eller mamma vil.
Så god-bileta lar seg venta på frå denne kanten. Modell-karrieren òg...
Uansett. No har Dundelina hatt konkurranse.
Me vann ikkje, men Prinsesso sin kjole fekk i alle fall heiderleg omtale. Så kanskje neste gong..

tirsdag 18. mai 2010

Bikka 2000!

Oj, bloggen har bikka 2000 treff! La til dette telleverket i midten av mars, og er no ganske imponert over at så mange klikkar innom her! (Eller, at nokre klikkar innom så mange gonger..?)

Ja, eg veit at mamma antakeleg står for 200 av dei. Men det er fortsatt ein del igjen etter henne.. Og kven er det eigentleg?

I alla fall; takk for at de kikkar innom her, kven de no er! :-)

mandag 17. mai 2010

Russakort

Dagen i dag har handla mykje om is, leik, premiar, gnagsår og småprat med mange kjekke kjentfolk. Og ikkje minst russakort!
Arvingen er, som eg har skrive tidlegare her, svært interessert i desse korta. Han har òg klart å overføra interessa til litlesøstera. Og hin dagen dukka dei begge opp frå teiknesakene med kvar sitt heimalaga russakort.
Her er hans. Og om du ikkje er heilt stø i tredjeklassingshandskrift; dette er hans motto:
"Alkohol løyser ingen problemer. Men det gjer faan ikkje tran heller.."

søndag 16. mai 2010

Gratulera med dagen Noreg! - Og Tone!

SÅ var bunadsskjortene strokne, og klare for morgondagen. Takk til mammo som forbarma seg over meg, og tok to av dei. No når dei heng på rekke og rad her, lurar eg på kva ho gjer annleis enn meg: Det er nemleg urimeleg stor skilnad i stryke-kvaliteten (og ja, eg kjem dårlegast ut!).. 
Bunadar har blitt prøvd, justert, og knappar blitt flytta på. (Note to self; Hugs å ordna dei FØR mai til neste år!) Sølvet e pussa (jaffal blitt duppa i giftblanding, så da skine no litt meir enn da gjorde), og flagg, snurregreier og trompet (!) ligg framme. 
Så no kan 16.mai berre gå over i 17.mai!
HURRA!