onsdag 5. mai 2010

Samlar på..

I bilen, på veg heim i ettermiddag, hyler plutseleg arvingen ut "OJ, stopp bilen mamma!" Hæ, kvepp eg, med foten på bremsa, lurar på om nokon er i ferd med å bli kvelt eller noko i baksetet. "Ein russ!!!"
Eg slepp bremsa. Det skulle tatt seg ut; for det første hadde me sannsynlegvis skremt vetet av ein stakkars attenåring om eg plutseleg vrengte audien ut i grøfta, og ungar med utstrakte nevar kom kavande ut. For det andre hadde me vel enno ikkje kome heim, så mange raudkledde som går i vegkanten om dagen. Så derfor er eg nett no i kveld ei ganske upopulær mamma.
Men avringen veit å få med seg nokre kort på skulevegen, og å gå på tivoli var særs innbringande i så måte! Han var også fullt orientert om at på fredag, då skulle russen kyssa grisen der med ungdomsskulen. - Og han kom stolt heim med ein fin liten bunke. Og så blei det høgtlesing av ymse slagord til fredagspizzaen.. "Mamma, hørr dinna då; Har du ein pistol i lomma, eller er du bare glad for å sjå meg?" (Godt dei ikkje forstår!) "Hørr då mamma; Eg har hatt dette kortet i rompa.." Han ler seg nesten forderva.
Dei svarte er visst mest verdifulle. Finst angiveleg berre tre av dei svarte korta blandt kompisgjengen. Så eg har lovd dyrt og hellig, at om me køyrer forbi ein ekta svart-russ, då eg berre stoppa..
Arvingen blei fanga av kamera i Sunnhordland si dekking av russedåpen. Stolt når han såg seg sjølv i avisa gitt!

1 kommentar:

  1. Fantastisk:-)

    Huska ein gong eg gjekk forbi Leirvik skule i russadress, tilfeldigvis midt i storefri... Eg følte meg nærmast som ei stor popstjerna uten sikkerhetsvakta.

    Du får finna fram nåken av dine russakort:-)

    KLemz fra russ-04

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?