søndag 14. november 2010

Best på førebygging!

Eg har hatt ei svært bra veke på jobb!
Me som jobbar med førebygging i kommunen meinar me gjer ein god jobb. Og kommunen har vore god på å legga forholda til rette for det. Dessutan gjev undersøkingar oss eit bilete på at det som blir gjort faktisk har ein effekt.
Og då var det veldig kjekt å vera i Drammen denne veka, der Stord kommune fekk Ungdommens førebyggingspris! 300 000 kroner frå Helsedirektoratet øyremerka vidare førebygging!
Bra for oss, og bra for ungdommane våre! :-)  
Her er nyheten lagd ut på kommunen si nettside. Les og bli gla! :-)

SLT-koordinator, Utekontakten og to frå Stord Ungdomsråd visar stolt fram prov på at me er best!  

1 kommentar:

  1. Veldig bra, og dåke gjere ein veldig god jobb. Bra for oss med gode tilbakemeldingar, bra for heile.

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?