tirsdag 30. november 2010

Favoritt rett rundt hjørna!

Ah, desember! Ein månad som ligg høgt på lista over favorittmånader - om eg hadde hatt ei slik liste.
Ein månad full av kjenslemessige motpolar. Det hoppar frå ekstremstress og hjartebank til ro og fred og kjærleik.

Frå grelt prøveromslys når eg står der, varm i toppen, likbleik i huden, og potensielle julekjolar får meg til å føla meg som ei dårleg stappa svinasteik. Til stemningsfull levande belysning på eit bord mellom meg og gode vener eller familie.

Frå sur kaffi på slutten av jobbdagen, når eg sit der og slit meg gjennom siste rest av kjedelege rapportar. Til lun gløgg ute i fri, kald luft, med ungar som spring spente og glade rundt.

Frå butikk-køar, "utsolgt"- skilt, dårlege tapedipensarar og utmatta ekspeditriser. Til sofakrok, pledd, gode lukter og herlege smakar.

Heldigvis syns eg at mesteparten av stresset stort sett har eit kjekt og positivt tilsnitt, så vektskåla tippar absolutt over på den gode sida. Ergo topp-plasseringa.

Og no kjem den altså, desemberen! Berre nokre dagar att til første luka i kalenderen skal opnast. Eg gler meg til juleavslutningar, barnåler, julemenn og pepperkakehus. Mange av presangane er faktisk allereie komt i hus. Og kjolen heng i skapet!

Må sei denne desemberen har eit bra potensiale!

2 kommentarer:

  1. Gledar meg og til desember.. Det er ein fin månad til å vera sosial, til innekos, til å vera litt kreativ og til å setta litt ekstra stas på ungane. Håpar me sjåast til jul, fram til det, kos dåke mykje.

    SvarSlett
  2. Den var veldig fine. Ikkje la stresset overta den siste og flotte månaden i året, men ha vet til å kosa seg og nyta det:)

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?