tirsdag 7. desember 2010

Min Dag!

Eg blei 35 på laurdag. Og faktisk; bursdag er framleis kjekt! Trass i at eg kjenner litt på at eg no er nærare førti enn tretti, og fleire gonger har svart "tjueni" når nokon har spurt meg kor gammal eg er...
Men altså, bursdagen er liksom spekka med tradisjon; kos, song, besøk, presangar - og oppmerksomhet! Og det er stas!
Denne gong havna Min Dag midt i Samboen sin jobbperiode, så ungane tok høgtideleg på seg ansvaret med vekking til song. Sjølvsagt hadde eg måtta avverga et eit par gonger (klokka halv fem og klokka ti på sju; -"Nei, du treng ikkje henta dei andre, det er framleis natt"). Men klokka åtte kunne eg ikkje utsetja dagen lenger. Og då var det innmarsj, "heppi børsdei", presangar og heimalaga kort. 
Seinare på dagen ringte det på døra, og blomstermannen stod utfor med ein flott bukett - som kom heilt frå nordsjøen!  
Så, gratulera med øvestått dag til meg! :-)

3 kommentarer:

  1. Og der var me med på heile morgonen på dagen din. Så heldig du er som har så kjekke ungar og samboer. Du er vel unt forresten - Skjønne liten stor gut du har:)

    SvarSlett
  2. ha ha nydelig! Ser for meg ungane som blir hysje ut döre för dei rekk å synge. Gratulerer med overstått.

    SvarSlett
  3. Ikkje verst! :) Brødrene Folgerø kan når dei vil!

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?