tirsdag 16. november 2010

Rydde-bla-lese-le

Har hatt ei lita opprydding i gamle greier. Og blir som alltid sitjande å bla nostalgisk i alt deg løgne eg har tatt vare på opp gjennom tida. Eine eska under trappa innheld tenåra mine; alt frå den gule sport-walkmanen til brev, veska mi, klassebilete og alle passbileta som var pressa ned i lommeboka (kven er dei alle?) og haugevis med skulebøker, dagbøker og skuledagbøker.
Har ikkje hjarta til å kasta det!
Eg veit vel i grunn innerst inne at det berre blir ved desse opprydningane eg kjem til å sjå på tinga. Men det gjer det faktisk verd å ta vare på! For ryddejobben blir jo pluseleg så koseleg der eg sitt på det kalde golvet, med alt dette framfor meg! Så får det heller vera at det heile tek doble (triple!?) tida. -Og det er like mykje under trappa etter som før..

2 kommentarer:

  1. ååå lefsa, den hadde eg og. Heilt enig, kem kan hiva slikt

    SvarSlett
  2. Eg MÅ berre kommentere dette. Du har vore nett lik alltid. Du sette i gong, NO skal det ryddes. Så blir det heilt roligt - og etter nokre timar ser det nett likt ut. Du er rauge i kinna etter å ha lest og sett på gamle bilder etc. Så pakke du rotet i saman og tar det fram neste gong du skal "rydde".
    Mamsen igjen

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?