onsdag 12. januar 2011

Is!

Me bur så og sei midt i ein bakke. Og med snø-tining-frost-slaps-frost-snø-regn-meir snø-tin-frost, ligg isen etterkvart så tjukk at om det hadde vore vatn under kunne me trygt ha lufta danseskeisene!
Slik såg bakken ut for eit par dagar sidan:
Eg følte nemlig for å ta bilete av vegen etter at det to kveldar på rad stod bilar på tvers her. Med unge gutar bak rattet. Ungt pågangsmot, fryktløyse og kjensle av udødelighet var muligens bakgrunnen for at dei våga seg nedover vegen på heilårsdekk, trass i at me som bur her parkerte firhjulstrekkarane med piggar i toppen av bakken. Eg stod i vindauget og haldt pusten då eg oppdaga dei, skliande nedover delvis sidevegs. Hjelp lite med gode bremser her! Heldigvis gjekk det bra i begge tilfella! Om ein ser vekk i frå ein øydelagd framskjerm i alle fall..
Sjølv bevegar eg meg svært forsiktig utfor døra. -Og aldri utan broddar! (ja, ser nok ut som eg er 90, minst!)!
Og gler meg til våren...

2 kommentarer:

  1. kjenne meg veldig igjen her. Etter og ha kjørt seg fast to ganger på ein dag, står no min bil med piggfrie dekk godt parkert og innesnødd av brøytebil. Eg lure på om eg kjeme noko vei før te våren.

    SvarSlett
  2. Og så kom det meir snø i går. Blir spennande å sjå kor lenge det er kaldt, eller om regnet kjem og danner ny is kjapt is...

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?