fredag 7. januar 2011

Trettande dag jul

Dette er dagen då jula skal kastast ut, seiest det. Det er i alle fall dagen då me her på øyo tradisjonelt går julebukk. Og som tradisjonen tru var det også i år spinnglatt og kaldt.
Likefullt var ungane strålande fornøgde med både opplevinga og fangsten!
Så no er huset på nytt fylt med sukker- og snoperi....
*sukk*
Husets eigne julebukkar før dei la ut på glatto.

Julebukk er for øvrig ein koseleg tradisjon! Eg hugsar sjølv kor kjekt me syns det var å kle seg ut, banke på hos både kjende og ukjende, - og spaninga knytt til innhaldet i posane ved endt tur.
- Og kvalmen litt seinare på kvelden!
Som vaksen blir eg både rørt og lattermild når skjønningane står der på trappa og syng. Nokre av dei lev seg heilt inn i rolla, og gjev eit heilt teater. Andre syng gjerne eit vers eller to for mykje, gjerne med eigne versjonar av kjende songar.
Eg let meg særleg sjarmera av dei skumlaste av dei skumle vampyrane og uhyra som dreg i gong med "Eit barn er født i Betlehem"!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du sei noko om dette?