tirsdag 22. mars 2011

Lesk nummer 1!

"Ditta e heilt ekta fjellbrus" seier besten når ungane heller vil ha brus. Om det hjelp på lysta er heller uvisst. Men at det er gode greier er det i alle fall inga tvil om!
Vatn, rett frå springen, nesten rett frå fjellet, er det aller, aller besta å leska seg med når ein er tørst. Passar til all mat, utan mat, til trening, til frisk luft og til å berre nippa av!
No er det mykje annà òg, som passar til dei ulike tinga. Men det er ikkje det som får fokus i dag. For i dag er det nemleg
Den internasjonale vanndagen.
Så då skriv eg om det.
Sjølv tutlar eg rundt med ei flaske som eg fyller på og på og på i løpet av dagen. Prøver å drikka mest mogeleg. Det er jo så bra; godt for hud, kropp og sjel. Og så er det heilt gratis, i alle fall så lenge me held oss her heime..

1 kommentar:

  1. Vanndagen...har eg faktisk ikkje høyrt om. Men ingen ting er som friskt godt kaldt fjellvatn(rett fra springen, eller ein bekk på fjellet)

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?