lørdag 12. mars 2011

Vantru!

Sit og ser på vannvittige nyheitsklipp, direktebilete og intervju frå Japan og omegn. I dag tidleg rysta eit jordskjelv målt til nesten 9 på Richter skala området. No flaumar vatn med enorme krefter innover land; bilar, bygningar, fly (!), båtar er synlege på bileta, hulter til bulter, i eit reint kaos. Eg tenkjer at innimellom alt dette må det vera enormt med folk.. Høyrte nett at ein by no står ein tredel under vatn. Og når vatnet kjem så fort som det ser ut, då kjem ikkje folk seg unna! Det er streke bilete og historiar me får inn i stova. Niåringen har snakka og spurt mykje om uvêr, orkanar, jordskjelv, bølger og anna elende i kveld; Kan det skje her mamma?

Eg vil tru me kjem til å få inn mange fleire historiar og bilete dei næraste vekene. For ei vannvittig, hjelpelaus, ekstrem, sjokkerande og  rystande kjensle det må vera å vera der dette no skjer. Nett no, faktisk.
Eg håpar det er noko me heldige nordbuarar kan gjera for å hjelpa, på eit eller anna vis. Me har i alle fall ein skremande moglegheit til å kanskje læra ungane våre litt om empati ..

1 kommentar:

  1. og no nesten 1 veke seinar, veit me ennå ikkje omfanget. Kor mange som har mista livet, og ikkje minst kor stor den radioaktive strålinga frå atomkraftverka er og blir. Og endå ein gong ser me kor priveligerte me her nord er....

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?