fredag 29. oktober 2010

I gong!

Jepp. No e eg i gong! Har tidlegare skrive om at eg ein gong skulle koma i gong med å verta litt sprekare. Og no kan eg omsider fortelja at - YES, eg trenar.

Eg svært nøgd med eigen insats denne veka; tre gonger på treningsseneret; eg har fått med meg både spinning og styrke. - Og endå er det eit par dagar igjen av veka! Kanskje eg klarar å få inn ei økt til? I alle fall skal eg få inn ein god søndagstur - mest truleg i regn, men det er jo berre deilig om kleda er rette og tette.

Hehe, eigentleg syns eg det er noko slitande med dei som presenterer alt dei trenar og kor spreke dei er på Facebook og liknande. Og her sit eg jaggu og legg ut i same banar sjølv! Men det har altså ein grunn: På denne måten legg eg litt press på meg sjølv, - eg kan jo ikkje "skuffa" no! (meg sjølv aller mest..;-)
Og også på dette feltet er eg best under press!

1 kommentar:

  1. Lurt å skryta av seg sjølv, uansett grunn. Og har ein mål om å vera flink å trena, og har klara det tre gonger på ei veka, då skal ein i alle fall vera fornøyd. Eg syns du er flink.

    Må berre seia at bildene av jentene med dei fine klerno, var kjempe fine.. Eg er veldig overraska over kor store dei har vorte.. Thea trudde meg ikkje når eg sa kven det var. He he..

    Håpe dykk har det flott!

    Klem klem

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?