lørdag 28. august 2010

Trim

Å trimma er alltid noko ein skulle gjort meir. Alltid.
Burde vore på spinning. Skullle eg ikkje byrja jogga? Ein tur, i det minste!?
Dårleg samvit for det eg ikkje gjer. Og desto større godkjensla når det endeleg blir gjort noko.
Periodevis er eg ganske flink, og trenar regelmessig.
Men det er ei stund sida no..
No er det unnskuldingane inni hovudet - om dårleg tid, for fint vêr, for stygt vêr og andre prioriteringar som får vinna.
Tidlegare var det jo litt fint vêr, og huset skulle malast. - Og faktisk - når eg tenkjer meg om, er det jo litt trim i å dra den malarkosten opp-ned-att-og-fram òg!
No er det stygt vêr. - Men du verden for eit rotete hus! Så då blir eventuell trim bytta ut med rydding. Er dét trim?
Og så er det jo jobben då. Oppstart om hausten, med ørten møter på kveldstid. Og i tillegg å følgje ungane på fotball og ballett, og kanskje prøva å få dei inn i ein litt betre rytme med leggetider og greier.. Veldig lett å ikkje få tid til det kroppen eigentleg har mest bruk for no, etter veker i feriemodus..
Eg har gode vener som faktisk ER flinke. Dei prøver innimellom å lokka meg med.
Og snart! Snart skal eg skjerpa meg! Snart får dei napp! :-)
Eg må berre få litt betre tid først.

2 kommentarer:

  1. hehe, kjenne eg meg igjen? :)

    SvarSlett
  2. Hei

    Må sei eg kjenne meg veldig godt igjen. Bare at eg har ingen små barn som ska på fotballtrening, dans og andre aktiviteta og skulda på. Eg har kun meg sjøl.....likavel. Får sjå i neste veka.

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?