fredag 24. desember 2010

God jul!


Så var me endeleg i mål!
Alt som skulle lagast er laga. Det vil sei, det som ikkje er laga til no, kuttar me ut i år.
Alt som skulle kjøpast er kjøpt. Det vil sei, det er vel ope nokre timar julafta òg...? Har visst gløymt strømpebuksereserven..
Alt som skulle pyntast er pynta. Så får heller resten av granbar og mose, som eg jo hadde planar om å gjera noko med, bli liggjande i garasjen til det blir kosta ut..
No er det seine natta litle julafta, og roen har lagt seg fullstendig over huset. Ute er det meir snø enn eg kan hugse sjølv frå barndommen.
Og det er jul!
- Måtte det bli ei strålande, fredeleg, sosial, avslappande, koseleg og minnerik jul for oss alle! -




2 kommentarer:

  1. Vel overstått jul og godt nyttår til deg og dine. Håpe på gode bloggsider i 2011 frå deg også:)

    SvarSlett
  2. Takk for da, og likeså til deg!
    Satsar på at det blir litt tid til blogging også i år! ;-)

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?