lørdag 18. desember 2010

Møsa!

Ja, eg er ei ekte "møsa"! Tårene ligg alltid klar rett bak augeloka, og piplar fram anten det er gode, søte, triste eller sinte kjensler som ligg bak. Det er jo så mykje som er så rørande! I løpet av dei siste dagane har eg mellom anna tørka tårer fordi:
  • eg fekk eit kompliment
  • ei veninne fekk baby
  • samboen var teit
  • eg høyrde ein fin sang på radioen
  • mange ungar stod på ein scene og fekk applaus
  • eg kjende meg igjen i ein sketsj
  • eg hadde datatrøbbel
  • "mamma, eg elllske deg!"
  • eg såg eit fint landskap
  • samboen var snill
  • barnestemmer sang ein julesang (ja, det er jo kvardagskost no om dagen. Likefullt rører det meg til tårer. Kvar gong)
Endå verre var det då eg var gravid; då gjekk det knapt an å sjå ei nyheitssending utan lommetørklé tilgjengeleg. Trur ikkje det har blitt så veldig mykje betre etter at ungane kom i hus..

Nokre syns nok det kan vera sjarmerande når ein viser kjensler; blottlegg seg litt, syner ei sår side. Men for meg sjølv er det eit herk! Liksom ikkje så sjarmerande, syns eg, når augo er raudkanta og sjalet fullt i snått medan eg hastar vidare oppover gata på julehandel eller på jobb. Og svært irriterande når eg ikkje får fram eigen bodskap i diskusjonar fordi tårene kom først!

Mon tru om det fins noko hjelp for sånne som meg? Tåretolmekurs, for eksempel? Eller eigne møseavvenningstreningsopplegg?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du sei noko om dette?