torsdag 9. desember 2010

Kosetur

Eg har tenkt i heile halve haust at eg skulle ta ungane med på bytur no før jul. Og brått var det berre ei helg igjen utan planar, så me kasta oss rundt. Fekk uavhenta billettar til Putti plutti plott i Grieghallen, og overnatting på hotel Norge. Så då fòr me avgarde på kystbussen, eg og mine tre søtingar.




Og me fekk ei knallkoseleg helg! Nissane på teateret var koselege, det var lysfest med fyverkeri i byn, pepperkakebyen var som vanleg stor og stemningsfull, og det var juleverkstad på sjøfartsmuséet. Egon har god mat både for store og små, og i tillegg leikeavdeling og utdeling av spel og fargeblyantar. Dessutan var det basseng på hotellet. Heim igjen tok me båt. Litt for kvar ein smak! 
- Og alle var einige om at me hadde hatt ein gild tur!

2 kommentarer:

  1. Du imponerer meg! Virkelig, du er det ein her i Sverige kaller bullmamma (bolle-mor). Det høyres kanskje ut som ein fryktelig fornærmelse, men det som meines med uttrykket er ei sånn koselig mor som ordner og steller, er blid og glad og baker ferske boller til alle ungane i gata. Personlig er eg også bullmamma, men meir i den bokstavelige formen; rund og god i kantane og litt deigete midt på.

    SvarSlett
  2. Hahahaha! Tur helst siste beskrivelsen passar best her òg! Sjeldan med bollebakst for heile nabolaget gitt! Men glimtar til med nokre "symptom" innimellom - målet får vel vera å vera ekte bullmamma! ;-)

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?