tirsdag 4. januar 2011

Oppsummering før neste kapittel

Ja, så hadde me rulla oss over eit nytt årsskifte. Jula fòr forbi som ein seig sniggel, med berre ei stripe av slim liggande igjen som ei sleip bonuspølse rundt valkane.
- Nei, no høyrtes visst jula litt vel tung ut.. Det var ho ikkje! Ho vart nemleg nett så sosial og koseleg og god og mett som eg hadde håpa på! Og i tillegg full av flott snø, mogeleg å både aka og stå på ski på!
Og nyttår blei feira på skikkeleg vis, sjølv om pappen i huset måtte reisa frå oss på jobb. Ungane var oppe til seine natta, og morgonane har i løpet av romjula forsvunne meir og meir under dyna..
Lite effektive dagar gitt, men ÅH, så deillig!
Og ÅKK, så tungt no! Var noko ganske anna å stå opp i går og i dag, første dagane på skule, barnehage og jobb. Det var tidleg det! (Og eg reknar med det blir endå værre i morgon..)
Velvel, tenkte eg ville avslutta 2010 med ein liten "årskavalkade", før eg startar på skikkeleg med nytt bloggår.

Så, her er altså mitt 2010:

 Nyttårsfeiring heime. Med koseleg besøk av vener frå Sverige. Og magasjau.
Ekte vinter, med is på sjølv dei største vatna. Nytt turterreng!

 Studietur til London. Stort utbytte, både fagleg og sosialt!

Og så kom ungane og samboen, pluss venepar over, og me hadde ein strålande byweekend,
tilogmed med dinosaurar!
 Påsken blei feira på hytta. Påskeharen hadde vore forbi der òg!
 Jobbtur til Guatemala!
Wow!
Besøkte Antigua, Comalapa, Monterrico, Atitlansjøen, Guatemala City.
Landevegar, vulkanar, lansby, bygd,  fargar, folk, hav og fjell.
Spanade dagar fulle av inntrykk!



 17.mai på kaien. Søstre i nasjonaldrakt.
 Dum Dum Boys på Stordfesten!

 Sommarbåttferie i nærområdet.


 Spasertur i Kardemommeby.

 Stor jenta første skuledag!

 Ålesundvisitt i bryllup. Flott by, og flott brudepar!
 Ungdommens forebyggingspris 2010: Stord kommune!
 Førjulstur til Bergen. Pepperkakeby, Putti-plutti-plott og hotell.
 Og så var det jul! Og altså; endå eit nytt år!
Punktum.


3 kommentarer:

  1. Eg må berre sei at dette var ein fantastisk oppsummering av året. Og jammen har du hatt eit minnerikt år, og delteke på spennande ting både i inn- og utland. Ungane har også fått lufta seg rimeleg bra når sant skal seiast:)

    SvarSlett
  2. Herligt Cecilie...å kunne følge deg og dine fine på dette viset!! <3
    Strålende dame med strålende blogg....
    Alt hva du får tid til....ikke annet enn imponerende!!
    Måtte det nye året by deg og dine, vakre opplevelser og små og store minnerike stunder!
    Klem -it

    SvarSlett
  3. Takkar for tilbakemeldingar! - Jysla kjekt!!!

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?