lørdag 18. desember 2010

Møsa!

Ja, eg er ei ekte "møsa"! Tårene ligg alltid klar rett bak augeloka, og piplar fram anten det er gode, søte, triste eller sinte kjensler som ligg bak. Det er jo så mykje som er så rørande! I løpet av dei siste dagane har eg mellom anna tørka tårer fordi:
  • eg fekk eit kompliment
  • ei veninne fekk baby
  • samboen var teit
  • eg høyrde ein fin sang på radioen
  • mange ungar stod på ein scene og fekk applaus
  • eg kjende meg igjen i ein sketsj
  • eg hadde datatrøbbel
  • "mamma, eg elllske deg!"
  • eg såg eit fint landskap
  • samboen var snill
  • barnestemmer sang ein julesang (ja, det er jo kvardagskost no om dagen. Likefullt rører det meg til tårer. Kvar gong)
Endå verre var det då eg var gravid; då gjekk det knapt an å sjå ei nyheitssending utan lommetørklé tilgjengeleg. Trur ikkje det har blitt så veldig mykje betre etter at ungane kom i hus..

Nokre syns nok det kan vera sjarmerande når ein viser kjensler; blottlegg seg litt, syner ei sår side. Men for meg sjølv er det eit herk! Liksom ikkje så sjarmerande, syns eg, når augo er raudkanta og sjalet fullt i snått medan eg hastar vidare oppover gata på julehandel eller på jobb. Og svært irriterande når eg ikkje får fram eigen bodskap i diskusjonar fordi tårene kom først!

Mon tru om det fins noko hjelp for sånne som meg? Tåretolmekurs, for eksempel? Eller eigne møseavvenningstreningsopplegg?

torsdag 9. desember 2010

Kosetur

Eg har tenkt i heile halve haust at eg skulle ta ungane med på bytur no før jul. Og brått var det berre ei helg igjen utan planar, så me kasta oss rundt. Fekk uavhenta billettar til Putti plutti plott i Grieghallen, og overnatting på hotel Norge. Så då fòr me avgarde på kystbussen, eg og mine tre søtingar.




Og me fekk ei knallkoseleg helg! Nissane på teateret var koselege, det var lysfest med fyverkeri i byn, pepperkakebyen var som vanleg stor og stemningsfull, og det var juleverkstad på sjøfartsmuséet. Egon har god mat både for store og små, og i tillegg leikeavdeling og utdeling av spel og fargeblyantar. Dessutan var det basseng på hotellet. Heim igjen tok me båt. Litt for kvar ein smak! 
- Og alle var einige om at me hadde hatt ein gild tur!

onsdag 8. desember 2010

Nedtelling

Eg huskar det godt frå eg sjølv var lita; spenninga og lukka, kvar dag fram mot jul. Adventskalenderen!

Me hadde ein mamma-brodert kalender med fine nissar, og fullt i pakkar! Eg hugsar søster mi og eg måtte dela på moroa, og fekk pakke annankvar dag nokre år. Heilt greitt det, likefullt spanande og kjekt. Så kjekt at eg meinar å huska at eg maste meg til kalender også etter at eg hadde fllytta heimefrå..

Eg byrja mi eiga mammakarriere med ambisjonar om å laga ein like fin og spanade kalender til mine små. Var unekteleg ein del "putl" siste dagen i november, men hasteinnkjøp av dei siste pakkane, oppteljing og fordeling. Det hende eg var smart, og byrja kalenderhandlinga i god tid i tikronerskorgene rundtomkring i butikkane. Så enda det opp med litt snop, litt praktisk (tannkost, sokkar og denslags), og litt ting å gjera (kino, bading, juleverkstad). Eg likte å halda på med det, dei små elska det, og det tok seg fint ut på veggen.

Men så, i forfjor, kom spørsmålet frå sjuåringen; "-Mamma, kan kje eg heller få ein sånn lego-kalender?" Eg blei litt fortumla (-hæ, VIL han ikkje ha mine fine, gjennomtenkte pakkesangar??) og litt glad (med innpakkinga av 48 pittesmå presangar friskt i minne, og ein eksamen hengande på skuldra). Men arvingen var kjempefornøgd med små Legofigurar kvar dag. Og når me først var på det sporet fekk prinsessa velga seg ein som ho ville ha. Det blei sjølvsagt Polly-pocket; med ei dukke, og nye klede og utstyr til henne kvar dag. I år har me gjentatt suksessen frå i fjor, i tillegg har litadokko fått deg sjokoladekalender.

Må sei det var ganske avslappande og greitt å gå å kjøpa desse inn. Og ungane er storfornøgde kvar dag.
Men det ser ikkje like fint ut då...

tirsdag 7. desember 2010

Min Dag!

Eg blei 35 på laurdag. Og faktisk; bursdag er framleis kjekt! Trass i at eg kjenner litt på at eg no er nærare førti enn tretti, og fleire gonger har svart "tjueni" når nokon har spurt meg kor gammal eg er...
Men altså, bursdagen er liksom spekka med tradisjon; kos, song, besøk, presangar - og oppmerksomhet! Og det er stas!
Denne gong havna Min Dag midt i Samboen sin jobbperiode, så ungane tok høgtideleg på seg ansvaret med vekking til song. Sjølvsagt hadde eg måtta avverga et eit par gonger (klokka halv fem og klokka ti på sju; -"Nei, du treng ikkje henta dei andre, det er framleis natt"). Men klokka åtte kunne eg ikkje utsetja dagen lenger. Og då var det innmarsj, "heppi børsdei", presangar og heimalaga kort. 
Seinare på dagen ringte det på døra, og blomstermannen stod utfor med ein flott bukett - som kom heilt frå nordsjøen!  
Så, gratulera med øvestått dag til meg! :-)

tirsdag 30. november 2010

Favoritt rett rundt hjørna!

Ah, desember! Ein månad som ligg høgt på lista over favorittmånader - om eg hadde hatt ei slik liste.
Ein månad full av kjenslemessige motpolar. Det hoppar frå ekstremstress og hjartebank til ro og fred og kjærleik.

Frå grelt prøveromslys når eg står der, varm i toppen, likbleik i huden, og potensielle julekjolar får meg til å føla meg som ei dårleg stappa svinasteik. Til stemningsfull levande belysning på eit bord mellom meg og gode vener eller familie.

Frå sur kaffi på slutten av jobbdagen, når eg sit der og slit meg gjennom siste rest av kjedelege rapportar. Til lun gløgg ute i fri, kald luft, med ungar som spring spente og glade rundt.

Frå butikk-køar, "utsolgt"- skilt, dårlege tapedipensarar og utmatta ekspeditriser. Til sofakrok, pledd, gode lukter og herlege smakar.

Heldigvis syns eg at mesteparten av stresset stort sett har eit kjekt og positivt tilsnitt, så vektskåla tippar absolutt over på den gode sida. Ergo topp-plasseringa.

Og no kjem den altså, desemberen! Berre nokre dagar att til første luka i kalenderen skal opnast. Eg gler meg til juleavslutningar, barnåler, julemenn og pepperkakehus. Mange av presangane er faktisk allereie komt i hus. Og kjolen heng i skapet!

Må sei denne desemberen har eit bra potensiale!

tirsdag 23. november 2010

Mot til å glede!

I dag er det MOT til å glede - dagen!
Kommunen vår er MOT-kommune, det vil sei at MOT-programmet er implementert i alle ungdomsskulane, og i tillegg i idrettslag. MOT er eit halningsskapande program som står både for å ha mot til å ta eigne val, å ta vare på kvarandre og å visa mot. Porgrammet har ein høg status blant både ungdommar og foreldre her, og MOT-informatørane våre gjer ein fabelaktig jobb!

Men, poenget mitt her og no var vel i grunn å markera mot-til-å-glede-dagen. Og korleis gjer eg det?

Kan vel først fortelja om mine opplevingar i dag. På tur gjennom sentrum, mellom ymse møte i dag, blei eg tilbydd både pepperkaker og mandariner, klovnerier og song av kjekke ungdomsskuleelevar. Eg fekk jamvel ein liten lapp stukken i handa, der det stod "du er ein unik og fantastisk person!" Må jo sei det gleda eit småstressa hjarta!

For å prøva meg på å gleda andre, har eg vore ekstra generøs med kompliment i dag. Det gledar alltid! Og så har eg laga ein god middag til famillien min. - Og kanskje Samboen skal få ein ekstra god kvelds no etterpå... (vegen til ein mann sitt hjarte går som kjent via magen.. ;-)

Håpar de som les dette òg har hatt gleda av å gleda og å bli gleda i dag!

tirsdag 16. november 2010

Rydde-bla-lese-le

Har hatt ei lita opprydding i gamle greier. Og blir som alltid sitjande å bla nostalgisk i alt deg løgne eg har tatt vare på opp gjennom tida. Eine eska under trappa innheld tenåra mine; alt frå den gule sport-walkmanen til brev, veska mi, klassebilete og alle passbileta som var pressa ned i lommeboka (kven er dei alle?) og haugevis med skulebøker, dagbøker og skuledagbøker.
Har ikkje hjarta til å kasta det!
Eg veit vel i grunn innerst inne at det berre blir ved desse opprydningane eg kjem til å sjå på tinga. Men det gjer det faktisk verd å ta vare på! For ryddejobben blir jo pluseleg så koseleg der eg sitt på det kalde golvet, med alt dette framfor meg! Så får det heller vera at det heile tek doble (triple!?) tida. -Og det er like mykje under trappa etter som før..