tirsdag 22. februar 2011

God vinter!

Eg var noko negativ til alt som hadde med vinter å gjera her førre veke. Men no har eg snudd!
Etter ei helg med fantastisk solskin og nysnø på heimefjellet, må eg sei at eg elskar vinter!
Me fekk med oss storeguten heilt opp til Steinen (ein stein, litt stor, kjend turmål på storafjellet, men elles ikkje noko i seg sjølv å gå og gå for å sjå) på laurdag, og det gav meirsmak! Søndagen pakka me godsaker i sekken og ull på ull på heile hurven, og køyrde oppover igjen. Det vart med litt skigåing på flaten, og medbrakt akebrett i særs trafikkert akebakke, men SÅ fint!
Når helga var vel over, såg eg at sola skulle vara ein dag og to til. - Då kjem det godt med at eg har ein fleksibel jobb! Ungar vart skippa avgarde i barnehage og skule, og sambo og eg sikta mot toppane igjen. Makalaust!!
Og så blei det heller jobb i kveld. Kjekt det òg! :-)

2 kommentarer:

  1. Og endå holde været seg flott, og me er komt til onsdagen. Eg har ikkje funne fram skia ennå, men ja, det ser flott og fristande ut. Flink!!

    SvarSlett
  2. Alltid kjekt og lesa bloggen din Cecilie:)Og flotte bilde.

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?