onsdag 16. februar 2011

Hei og hade vårkjensla!

Det var eit par dagar her førre veke eg fekk vårkjensla så veldig over meg! Eg høyrte småfuglar i trea utfor huset. Asfalten var bar, eg fekk nesten lyst til å hoppa strikk eller paradis! Og me drog fram syklar og fòr på tur. På blomebutikken stod søte primulablomar i vårlege fargar og ropte på meg - og dei fekk bli med heim. Eg plukka jamvel med meg ein liten vårblom til å ha ute på trappa.
Så vårkjensla fekk bre litt om seg, rett og slett! 
Det tok ikkje så mange dagane før blomane låg flate og ulukkelege utover kanten på pottene. Syklane står framleis i tunet, men no har dei fått eit lite dryss av kvitt over seg. Den isande kalde vinden gjer at eg skamfrys heilt inst, inne ved ryggsøyla, og fuglane har sannsynlegvis reist til syden igjen. 
Og ingen har lyst til å hoppa verken paradis eller strikk.
Eg sa det faktisk sist veke òg, at eg ikkje heilt våga håpa på noko vår - det kan endå komma mange tunge snødett når me berre er komne til midten av februar! Likefullt er det plutseleg litt vanskelegare å kosa seg med vinteren. Det freistar liksom ikkje noko særleg å stikka til fjells med skiskorne på.
Så no har me byrja planlegginga av sommarferien! Og kanskje, om eit par dagar, skal eg nyta vinteren igjen. Skal berre venna meg til tanken først..

1 kommentar:

  1. Ser ut som vinteren skal vedvare. Så eg trur du kan sette syklane inn igjen....

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?