søndag 20. februar 2011

Hurra!

Eller, hurra og hurra..
Eg veit ikkje heilt eg, om det er så mykje å ropa hurra for sånn sett. Men i dag er det no ein gong slik at det er eit år sidan eg starta blogglivet. Og det blei som eg tenkte; endå meir unyttig eg kunne bruka tida på framføre dataskjermen.
Men, om blogginnlegga no har kome rimeleg uregelmessig, og om det ikkje nett har halde stor litterær standard, så har det no vore kjekt òg!
For sjølv om eg sånn til kvardags berre sit her og skriv litt smått om dill og dall i livet mitt, heilt for meg sjølv, så har eg jaggu fått mange kjekke tilbakemeldingar òg! Både frå folk som kjenner meg veldig godt, og som ofte gjev meg feeback på både små og store hendingar i livet. Og frå fjerne kjende, som eg gjerne berre snakkar med ein gong eller to i skotåret. Dei les spinnet mitt! Og dei syns det er kjekt!  - Det er jo stas! Dei som ikkje syns det er noko til skriveri, droppa truleg denne bloggadressa etter første visitt. Og dei held i alle høve kjeft om det dei måtte meina. I sympati eller avsky, kva veit eg? 
Men alstå: Tusen takk for alle attendemeldingar folkens!!!
- Og hurra for kjekke lesarar! -
Eg feirar med eit bilete frå litlaprinsesso sin eittårsdag (-Oj! No plutseleg 2,5 år sidan!)

1 kommentar:

  1. Hurra for deg og gratulera med overstått 1 års dag!! Eg er så glad kvar gong eg går inn og det er ein ny blogg, denne gong var det 2 nye:) Ikkje lika lett å få lagt inn kommentarer til deg forresten, det skjer ikkje noko før eg har prøvd meg fleire gonger med "legg inn kommentar" og "forhåndsvisning". Jaja, ser fram til neste iallefall :)
    Mamsen

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?