søndag 13. februar 2011

Mor sin dag!

Ønsker alle mødre ein flott dag!
Ein fin tradisjon her i huset er å feira morsdag (og fars- for den del) enkelt.
I det ligg god frukost (ikkje på senga!), sjølvskrivne kort og blomar. Andre presangar har blitt nedstemt, om dei ikkje er heimelaga då..
Her i huset var storajento på liggebesøk natt til mor sin dag, men ho hadde gitt klare føringar på overlevering av sjølvlaga kort, og klemmen fekk eg til kvelds i staden! Og tuplipanar, frukost og masse kos klarte dei andre å ordna med!
Sjølv kjøpte eg ein fin hortensia til mi eiga mor, overlevert saman med dei vakre orda
Mor, i dag er det dagen din
i dag skal handa di kvile! 
- før me fekk servert deilig lammesteik med alskes tilbehør..
Altså lite kvile der i garden! :-)

1 kommentar:

  1. Me kvile oss nok ellers me som no er besteforeldre. Kjekt med god middag og kose kose alle mann alle ;)

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?