lørdag 20. februar 2010

Nyblogga

Ja... Så fekk eg min heilt eigen blogg! Det er med litt skepsis eg gjer dette. Hovudsakleg fordi eg veit eg no får endå meir lite matnyttig å bruka tida på. Og det gjer eg jo i grunn nok som det er!
Etter at eg har skrive dei linjene eg skal i oppgåver eller jobb, svart på dei epostar eg skal, sjekka innom avisene, og sjølvsagt facen, blar eg gjennom blogglista under favorittane mine. Har nokre bloggar eg les dagleg. Dei har blitt ein del av "skal-berre-nett-kikka-litt-her-òg-før-eg-legge-meg"-rutinen. Eg slår dei opp berre fordi dei skriv så godt. Eller har så fine bilete. Eller er engasjerande. Eller kjende.. Kjem an på kva eg føler for. Vil eg sjå noko fint? Vil eg le? Vil eg grina? Vil eg bli frista? Uansett, eg vil tydelegvis bruka meir tid framfor denne skjermen. For her er eg!

5 kommentarer:

  1. Velkommen til gards!
    Lag i alle fall ikkje rkav til deg sjølv om kor ofte bloggen skal vere oppdatert. EIn gong i året held i massevis, om du sjølv er nøgd med det.

    :-)


    Det er litt vanskeleg å få kommentert her hos deg, gjere noko med tilgang for kommentatorar kanskje?

    SvarSlett
  2. Sjå der fekk du ordna deg blogg! Gratulera så masse, då har du jo skapt eit fint produkt i løpet av den kjedelige helgå di! :)

    SvarSlett
  3. Takkar! Ja, tilgang.. Ska ordna da - om eg finn ut av da! ;-) Takk for innspel!

    SvarSlett
  4. Gratulera med egen blogg :)

    SvarSlett
  5. Kjekt Cecilie! No e du lagt til i favorittar, gler meg til å følga med framover, og håpar du e litt ivrigare enn meg me oppdateringane! Lykke te ;)

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?