tirsdag 30. august 2011

Fin kveldstur


Til Steilgilshedlo ein kveld. Litt trim etter ferien. Sjokk for kroppen! :-)

mandag 29. august 2011

Smittsomt

På veg frå barnehagen til jobb her ein morgon, litt oppkava på grunn av gløymt regnbukse og eit ventande møte eg hadde gløymt litt ut, passerte eg ein bil. Ja, det var sjølvsagt fleire, men det var denne eg la merke til. For inni sat ei kvinne og smilte. Ho smilte breitt, heilt åleine der i bilen. Sikkert på veg til sin jobb eller barnehage.
Kanskje høyrde ho noko morosamt på radioen. Eller kan hende ho tenkte på kor fin kvelden i føre egen hadde vore. I alle fall løfta ho min dag, der og då. Heilt ubetinga og ubevisst. For smilet hennar smitta. Eg tok meg nemlig plutseleg i å sitta der å flira sjølv, midt i trafikken.
Og kanskje mitt smil smitta nokon andre?
Vel verd eit forsøk kvar dag som helst! :-)
Sjølv eit lite smil smittar..

lørdag 27. august 2011

Blått-i-blått

I vekevis har dei stått der i skogen eg passerar dagleg; bugnande, freistande, saftige og blå. Og SÅ gode! Omsider, når sesongen no er heilt på hell, kom eg meg ut i lyngen. Med nyinnkjøpt plastplukkar og stor bøtta tenkte eg å redda æra med heimeplukka blåbær i vinterens posemuffins. Og fangsten blei slettes ikkje værst! Så no har eg fleire liter fine blæbær i frysen, klare til å dukka ned i muffinsrøra, dryssast over ostekaka eller marengs-is-kaka, eller blendast saman med andre sunne ingrediensar til deilig smoothie. I tillegg har eg no sylta, så både mine og andre sine skjever kan fyllast med deilig syltetøy utover hausten. Syltetøyet laga eg utfrå oppskrifta til Avil - eit blåbærsyltetøy som ikkje plaskar og renn av skjevo, men faktisk har sånn skikkelig konsistens. Og det utan andre ingrediensar enn bær og sukker! Litt annan framgongsmåte enn eg lærte av mammo, men som sagt i ein meir handterleg versjon. Og like godt!


Her er oppskrifta:
500 gram bær
250 gram sukker (eller litt mindre, om du ikkje likar så søtt)
Ha sukkeret i ei langpanne, og sett i omnen på 200 grader.
Hell bæra i ei steikepanne, og fyr opp med høg varme. Rør i bæra under oppvarminga.
Når dei saftar, og sukkeret har stått omlag ti minuttar, heller du det ovnsvarma sukkeret opp i steikepanna til bæra, og rører rundt.
Når bær og sukker har kokt saman i omlag 4-5 minuttar er syltetøyet ferdig.
Kjapt og greitt!

fredag 26. august 2011

Nok no!

Førre veke blei eg forbanna. Og så oppgitt. Og så forbanna igjen. Det er flott at kommisjonar med fagfolk tek føre seg alt som skjedde den 22.07.2011. Finn ut om noko bør organiserast annleis, om alt gjekk føre seg på beste måten, i den ekstreme situasjonen som råka landet vårt den dagen. Men kan det vera nødvendig å klistra utover avisframsidene alle dei "kvifor tok det så lang tid?" "Han overgav seg såå lenge før han blei tatt!" "Ho blei drept etter at han eigentleg ikkje ville meir.." Akkurat som om ikkje alle dei politifolka som var i teneste der den dagen gjorde det dei kunne. Som om det ikkje var påkjenning nok å vera dei som kom ut til det skrekkelege synet som møtte dei. Som om dei ikkje hadde prosedyrar å følga. Som om ein telfon frå ein tulling som kallar seg kommandør som vil overgi seg skal vera forståeleg, og automatisk utløysa full oversikt og ro. Som om det var andre si skyld enn hans, at talet på omkomne og skada blei så høgt som det blei.
No er min sympati for VG etter bombinga , som gjorde at eg kjøpte riksavisa i hundre prosent fleire utgåver enn månaden før, gått over. I alle fall nok til at eg ikkje føler for å støtta dei meir.
La folk få jobba i fred!   

onsdag 24. august 2011

Eit minne frå sommaren 2011

Etterlengta sol. Eg ligg på brygga og er varm.
Lyttar til lyden av bølgeskvulp, måsar, småbåtar og ungar som badar.
I bakgrunnen surrar radioen.
Ei stemme les opp namn og alder på alle dei som blei drepne.
Dei andre sommarlydane forsvinn.
Eg frys.

tirsdag 23. august 2011

Slutt. Ferdig. Finito. (ferien, altså)

Så var kvardagen igjen over oss. Lekseplanar og bokbind, planlegging av haustens aktivitetar på jobb, foreldremøter, trening, regn og kvardagsmiddag.
Sommarferien med sine lange morgonar, opplevingar, vener og vente-på-sola-kjensle, kjennest kjapt som eit vagt minne. Men minner kan ein som kjent leva lenge på! Og for å friska litt opp, kan ein alltids bla i bileta.
 Båttur i variabelt vêr.
 Teltovernatting høyrer med til sommaren!
 Ein fredeleg etappe av bilturen.


 Sommarhus i Danmark. 29 små og store saman.
 Hai og anna skummelt under havet.
 Legoland. Obligatorisk køhelvete midt i tjukkaste ferien. Ein gong for alltid.
 Å våga noko ein eigentleg ikkje tør.
 Lett sprudlande sommarkveldselskap på verandaen.
 *sukk* Kort sesong! Må nytast nesten alle dagar!
 Krabbafest.
Nær vassflata. Litt rulten. Men forsiktig!

tirsdag 2. august 2011

Siste bursdagen i sommar

I dag er det tiårsdag i huset!
OJojoj, syns nett han var heilt nyfødd...
Her har me ein kjekk, ung mann. Snill og tøysete storebror. Somme tider besteven, andre gonger plageånd av dimensjonar.. Slik det skal vera, sikkert!
Matar mor med underfundige kommentarar og kortspel. Mellom anna! :-)

Gratulera med dagen, kjekke guten min!

onsdag 27. juli 2011

...

Danskebåten legg til kai. Me stimar saman i bilen, skrur på radioen med det same me køyrer av båten. Det er fredag den 22. juli 2011. Klokka er 15.33. Ein kjekk song er nett slutt. Radiodama stotrar, mumlar. Det har visst vore ein eksplosjon i by'n, seier ho. Ho set på ein ny song, i påvente av nyhende. Me hevar augebryna. Ser på kvarandre. Skiftar kanal på radioen, over til ein meir "seriøs". Her får me vita at det nett har eksplodert midt i regjeringskvaratlet i hovudstaden. Me ser på kvarandre igjen. Bomba? Terror? Mot litle Noreg?
Radioen fortel etter kvar som den får vita. Eg sit i passasjersetet og trykkjer meg gjennom nettaviser og faecbook medan radioen fortel det den veit. Stor eksplosjon, heile regjeringskvaralet er nesten knust. Fasadane på VG-huset er knust. Folk i Oslo er sjokkert. Vantru.
Så kjem meir nytt, no om skyting på ein politisk ungdomsleir. Det kan vel ikkje stemma? Radiostemma seier at det kjem inn meldingar frå fleire. Mange er skutt. Me ser på kvarandre. Skjer det verkeleg? Det er ikkje berre nokon som tullar? Eller misforstår ein dårleg filminnspeling? Nei, det går opp for oss at dette faktisk skjer.
Akkurat no, medan me køyrer der på vegen frå Kristiansand. Ungdommar kjempar for livet. Dei døyr. Dei har panikk. Foreldra får telefonar og sms'ar. Dei har panikk. Kan ikkje hjelpa. Må ikkje ringa tilbake, dei kan avsløra gøymestader. Politi og redningsmannskap jobbar på spreng. Ein gal mann skyt. Rett  mot unge, fine folk! Statsministeren er i sikkerheit. Men bygningar er knust. Folk blir skotne rett ned, nett no.
Kven gjer slikt? Nokon tek på seg ansvaret. Ekspertar uttalar seg. Ministrar seier dei må avventa. Facebookvener slenger ut diverse teoriar. Mange med rasistisk tilsnitt. "Jævla idiotar! Kom dåke heim og spreg i dåkas eige land!" - sa ein av dei første statusoppdateringane eg las av dette kaliberet. Eg trur ikkje me hadde kjørt forbi tollaren endå, ein gong. Men så får me høyra at han som skyt er kvit. Han er norsk. Han sprenger og skyt faktisk i sit eige land. På sitt eige folk. Eg går innpå facebook igjen. Statusen frå tidlegare er faktisk fjerna. Sikkert smart. Men eg hadde alt sett den. Andre også..
Dagen derpå, tal på omkomne, skadde og sakna er høgare enn me trudde var mogeleg. Folk er i sjokk. Landet er i sjokk. Verda støttar. Statsministeren talar igjen. Det same gjer både konge og andre ministrar. Dei snakkar om demokrati. Om å stå saman. Og folket støttar kvarandre.
Eit rørande samhald. Blomar, lys. Støtte. Omsorg. Midt i sterke skildringar frå dei som var der, som hadde nokon der, som mista eller som overlevde. Ein varme og omsorg som overraskar meg.
Som gjer meg stolt. Som kanskje kan gjer dagane som kjem litt lettare for dei som vart ramma.
Eg tenner lys. Eg går i tog. Eg grin. Snakkar med ungane. Forklarar, det som let seg forklara. Tenkjer på alle dei som har vore midt i det. På dei som har hatt sine midt i det. På redsel, panikk, sorg. Eg tenkjer på dei som står han som har gjort dette nær. Det gjer vondt.
Men det gjer godt å sjå korleis dette blir handtert.

mandag 25. juli 2011

Jenga

Eit kjempepopulært spel hos oss for nokre år sidan, var jenga.
Klossar i tårn, som me sirlig plukka ut og plasserte på toppen igjen. Taparen var den som velta tårnet til slutt. Så populært var det, at det forsvann frå huset, og kom aldri heim igjen. Og det blei visst aldri kjøpt inn igjen heller. På pøbb i england kom me ein gong over ein stor versjon av spelet. Dette var eit knallkjekt supplement til biljard og dart attmed pint'en!
Plutseleg ein dag no i vår, hadde min kjære sambo "snekra" vår eigen stor-versjon.

Kjekt for heile familien!

Tør du utfordra meg?

tirsdag 19. juli 2011

4 år!

I dag er det Litlaprinsesso sin tur!
Etter planen skal det feirast på ferieturen, nøye tenkt ut i mange månader. Og så seinare, sjølvsagt, med slekto.
Hurra for deg, stora litlajento!

tirsdag 12. juli 2011

Bryllaup

Eg skreiv tidlegare om brurekjolekikking. Vel, no er kjolen både kjøpt og brukt. Både brura og brudgommen var smashing, rett og slett, og bryllaupet fantastisk! Måtte dei leva lykkeleg i alle sine dagar!

 
Sjå då, kor fine!

Utdrikking blei det sjølvsagt også nokre veker tidlegare. Me var ein god, liten gjeng, og hadde det veldig kjekt! Eine posten på programmet var ei hinderløype på Ravnafloke i Sveio. Der fekk me utfordra både balanse, samarbeidsevna og konkurranseinstinkt.. Ravnafloke vil eg gjerne anbefala - ein plass med mange kjekke aktivitetar å velga mellom, flinke folk og  i fine omgjevnader. Sikkert også kjekt både til teambuilding og familiehappeningar!

Me hadde tema; campingliv.
Følte berre litt for å forklara den fargerike bekledningen..
Eg har brura under kontroll! :-)

lørdag 9. juli 2011

Godjento!

Hurra for storaprinsesso som blir 7 år i dag!
Ferdig med første klasse allerede, så klar for å bli stor! Rosa er ikkje lenger yndlingsfargen, og ho ønskjer seg mest av alt ein ny sykkel...
Feiring med klasseveninnner måtte sjølvsagt til, og det gjorde me unna rett før ferien for å få alle med. Veldig praktisk med feiring saman med veninna, som er to dagar yngre. Hos dei i år, til neste år blir det hos oss.
God kaka med sju lys, sjølvsagt.
Snille storebror stilte i underhaldningsbransjen for anledningen.

Gratulera med dagen i dag, snuppa!

fredag 8. juli 2011

Frå hagen

Har ein hus og hage, har ein arbeid livet ut. Seiest det. Og det stemmer for så vidt godt!
Eg har eit blomebed eg stundom er så stolt av. Nett no er det heisen vekst, og ikkje alt er slikt eg har planta. Heilskapen kunne med andre ord vore betre.
Men ein ting eg er svært nøgd med, er dei flotte peonene mine.
Sjå:

onsdag 6. juli 2011

Midtsommars passert!

Tida fyk SÅ fort! Og her på bloggen min fauk eg brått frå påske til sankthans.. 
Sankthans vart feira på leikeplassen saman med naboar, og ungane storkoste seg med leikar og bål. Eigentleg syns eg at bål og sankthansfeiring passar best nedi fjøra. Men det er ein tradisjon med feiring her på haugen. Og det er unekteleg koseleg!

Men det var den tida då..
Med berre ein stasjonær datamotor i huset, heilt nede i kjellaren, har eg ikkje makta følga opp blogglivet i vår. Har fått ein heil del kommentarar "på gato" om at eg har halde lenge på påsken, nokon saknar meg (og det er jo kjekt!).
Kan henda livet til denne bloggen er ferdiglevd. Kan henda det tek seg opp ein annan dag. Men det vil no visa seg. Daatamotoren står no her, i kjellaren. Lev sitt eige liv. Og det gjer for så vidt eg òg, der oppe! Sikkert mykje positivt med at eg ikkje sit framfor denne skjermen heile tida!

No er det i alle fall sommar!
Ferien starta i dag, og eg ser fram mot vekevis med slaraffenliv!






søndag 24. april 2011

God påske!

Litt seint å komma dinglande med ei god-påske-helsing no, nest siste dagen av ferien. Men da va no sånn da vart! Har visst ikkje lagt innpå bilete frå årets feiring endo, så då brukar eg likegodt eit får sist sommar - men med rette fargane, i alle fall! :-)
Kanskje eg skal bli litt meir aktiv på bloggen òg, itte påskeferien... Får sjå.
Over og ut.

tirsdag 22. mars 2011

Lesk nummer 1!

"Ditta e heilt ekta fjellbrus" seier besten når ungane heller vil ha brus. Om det hjelp på lysta er heller uvisst. Men at det er gode greier er det i alle fall inga tvil om!
Vatn, rett frå springen, nesten rett frå fjellet, er det aller, aller besta å leska seg med når ein er tørst. Passar til all mat, utan mat, til trening, til frisk luft og til å berre nippa av!
No er det mykje annà òg, som passar til dei ulike tinga. Men det er ikkje det som får fokus i dag. For i dag er det nemleg
Den internasjonale vanndagen.
Så då skriv eg om det.
Sjølv tutlar eg rundt med ei flaske som eg fyller på og på og på i løpet av dagen. Prøver å drikka mest mogeleg. Det er jo så bra; godt for hud, kropp og sjel. Og så er det heilt gratis, i alle fall så lenge me held oss her heime..

lørdag 12. mars 2011

Vantru!

Sit og ser på vannvittige nyheitsklipp, direktebilete og intervju frå Japan og omegn. I dag tidleg rysta eit jordskjelv målt til nesten 9 på Richter skala området. No flaumar vatn med enorme krefter innover land; bilar, bygningar, fly (!), båtar er synlege på bileta, hulter til bulter, i eit reint kaos. Eg tenkjer at innimellom alt dette må det vera enormt med folk.. Høyrte nett at ein by no står ein tredel under vatn. Og når vatnet kjem så fort som det ser ut, då kjem ikkje folk seg unna! Det er streke bilete og historiar me får inn i stova. Niåringen har snakka og spurt mykje om uvêr, orkanar, jordskjelv, bølger og anna elende i kveld; Kan det skje her mamma?

Eg vil tru me kjem til å få inn mange fleire historiar og bilete dei næraste vekene. For ei vannvittig, hjelpelaus, ekstrem, sjokkerande og  rystande kjensle det må vera å vera der dette no skjer. Nett no, faktisk.
Eg håpar det er noko me heldige nordbuarar kan gjera for å hjelpa, på eit eller anna vis. Me har i alle fall ein skremande moglegheit til å kanskje læra ungane våre litt om empati ..

mandag 28. februar 2011

Riga


Førre jula var særs innbringande. Tidenes beste julegåve frå Samboen låg kjekt innpakka under juletreet; flybillettar og hotell booka siste helga i februar, til Riga! Og dei potensielle barnevaktane sat jo rundt meg når den vart opna, så der var dèt setla (TAKK!!!)!


Eg har altså hatt god tid til å gle meg. Og endeleg var altså februar kome til endes, og det var dags for weekendtur med kjærasten!

Vintervêret i Riga vart sjekka ut før avreise, så stillongs, ullsokkar og bestahuo var med i kofferten. Så då var me klare for å ta føre oss gatene. - Og dei var fine!

Me hadde ingen ting me skulle, berre trakka rundt. Tutla rundt hushjørna, innom ein kafè når me vart litt kalde, svoltne, trøtte i beina eller tørste. Og innimellom innom kyrkjer, marknad,, butikkar, utstilling og anna me ramla over. Utruleg kjekt!

Det me truleg kjem til å hugsa best, er ei utstilling me såg reklameplakatar for, og som me trossa ein lang kø for å sjå; Bodies Revealed. Det var altså ei studie i menneskekroppen - med utstillng av ekte menneskekroppar, plukka i frå kvarandre! Fantastisk fascinerande, faktisk verd heile turen åleine! Ja, eg veit, det høyres makabert ut når eg prøver å fortelja, så sjekk heller ut nettstaden her.  

Eine restauranten me vitja, ein middelalderkjellar med middelaldermeny, middelaldermusikk, berre levande lys og heilt spesiell stemning må òg nemnast. Knallgod mat, og ganske så stilig plass

Drinkane på skyline bar i toppen av SAS-hotellet kan sikkert òg få ein plass her - og heisen opp og ned igjen! Likeeins det stora markedet. Og så hadde me mykje humor med å studera alle potensielle stemødrene til Askepott, stiletthælar på runde brusteinar, og skjenkte bergensarar. Mellom anna.

Elles så var det fantastisk å berre vera oss sjølv, kunna gjera nett som me ville og slappa heilt av!
 - God mentalhygiene! -
 
Vinterkledd (ja, tre lag ull og bestahuo på) på sentralmarkedet, her i kjøttavdelinga. Dueskiten bakpå heile jakka og veska er ikkje oppdaga enno, så humøret er framleis på topp. (Kom seg forøvrig kjapt igjen òg, løye kva litt lett handling gjer med humøret!)

 Solnedgang over eit torg i gamlebyen. Pariserhjulet frista lite i 20 minus, men det var fint då!

 Kong Edvard den tredje syns visstnok dette var eit sabla bra måltid. Velsmakande og lekkert (men det kunne eg ikkje sjå der i den dunkle belysninga, før eg tok bilete med blitz). Eg er forøvrig einig med Edvard'n!

Smakte lika godt som dei ser ut. Eller betre!

Frå toppen av eit kyrkjespir. Makalaus utsikt. Makalausare par! :-)

Takk for turen!!!







tirsdag 22. februar 2011

God vinter!

Eg var noko negativ til alt som hadde med vinter å gjera her førre veke. Men no har eg snudd!
Etter ei helg med fantastisk solskin og nysnø på heimefjellet, må eg sei at eg elskar vinter!
Me fekk med oss storeguten heilt opp til Steinen (ein stein, litt stor, kjend turmål på storafjellet, men elles ikkje noko i seg sjølv å gå og gå for å sjå) på laurdag, og det gav meirsmak! Søndagen pakka me godsaker i sekken og ull på ull på heile hurven, og køyrde oppover igjen. Det vart med litt skigåing på flaten, og medbrakt akebrett i særs trafikkert akebakke, men SÅ fint!
Når helga var vel over, såg eg at sola skulle vara ein dag og to til. - Då kjem det godt med at eg har ein fleksibel jobb! Ungar vart skippa avgarde i barnehage og skule, og sambo og eg sikta mot toppane igjen. Makalaust!!
Og så blei det heller jobb i kveld. Kjekt det òg! :-)

søndag 20. februar 2011

Hurra!

Eller, hurra og hurra..
Eg veit ikkje heilt eg, om det er så mykje å ropa hurra for sånn sett. Men i dag er det no ein gong slik at det er eit år sidan eg starta blogglivet. Og det blei som eg tenkte; endå meir unyttig eg kunne bruka tida på framføre dataskjermen.
Men, om blogginnlegga no har kome rimeleg uregelmessig, og om det ikkje nett har halde stor litterær standard, så har det no vore kjekt òg!
For sjølv om eg sånn til kvardags berre sit her og skriv litt smått om dill og dall i livet mitt, heilt for meg sjølv, så har eg jaggu fått mange kjekke tilbakemeldingar òg! Både frå folk som kjenner meg veldig godt, og som ofte gjev meg feeback på både små og store hendingar i livet. Og frå fjerne kjende, som eg gjerne berre snakkar med ein gong eller to i skotåret. Dei les spinnet mitt! Og dei syns det er kjekt!  - Det er jo stas! Dei som ikkje syns det er noko til skriveri, droppa truleg denne bloggadressa etter første visitt. Og dei held i alle høve kjeft om det dei måtte meina. I sympati eller avsky, kva veit eg? 
Men alstå: Tusen takk for alle attendemeldingar folkens!!!
- Og hurra for kjekke lesarar! -
Eg feirar med eit bilete frå litlaprinsesso sin eittårsdag (-Oj! No plutseleg 2,5 år sidan!)