fredag 24. desember 2010

God jul!


Så var me endeleg i mål!
Alt som skulle lagast er laga. Det vil sei, det som ikkje er laga til no, kuttar me ut i år.
Alt som skulle kjøpast er kjøpt. Det vil sei, det er vel ope nokre timar julafta òg...? Har visst gløymt strømpebuksereserven..
Alt som skulle pyntast er pynta. Så får heller resten av granbar og mose, som eg jo hadde planar om å gjera noko med, bli liggjande i garasjen til det blir kosta ut..
No er det seine natta litle julafta, og roen har lagt seg fullstendig over huset. Ute er det meir snø enn eg kan hugse sjølv frå barndommen.
Og det er jul!
- Måtte det bli ei strålande, fredeleg, sosial, avslappande, koseleg og minnerik jul for oss alle! -




torsdag 23. desember 2010

7 sortar!

Kven i alle dagar har kome på at det skal bakast sju sortar til jul??? Truleg er dette noko som stammar frå dei hine hårde dagar då alle kånene haldt seg heime ved kjøkenbenken, og det var både venta og krevd at slik og slik måtte det vera.

Jaja. Noko anna her i gården i alle fall! Ser kanskje ut som det er sju sortar, men der kan eg lova at det er det ikkje. Det er berre ganske små boksar, så det måtte delast opp. Me enda i år på julamenn, pepperkaker (av ferdig deig), pikekyss og risboller. Ja, og så brente mandlar. Og så har eg kjøpt peppernøtter på Rema...

Wow! Det blei faktisk seks! Nesten så eg får litt lyst å smella til med to til, berre for å ein gong ha kome opp til det magiske talet sju... Får sjå om Remaen har meir å by på på litlajulafto då!

mandag 20. desember 2010

Dagens!

Avogtil hender det at det dukkar opp ekstra "gode" nyhende.
Nyhende av den sorten som får meg til å sjå opp frå det eg på tidspunktet er engasjert i, og som får meg til å le høgt. Heilt for meg sjølv.

I dag plukka eg opp ein slik. Og dagen, som for så vidt var av den gode sorten både på heime- og bortebane, blei endå betre. Det er jo utvilsomt noko befriande deilig ved det å le. Høgt. Heilt for seg sjølv. Det er vel ikkje for ingenting det blir sagt at ein god latter forlengar livet.

I alla fall;
Dagens blei lesen opp på radioen som dilla og gjekk i bakgrunnen medan eg sjølv las korrektur på noko jobbgreier som burde vore ferdig (helst i går). Det eg høyrde var ikkje særleg betydningsfult, heller ikkje spanande. Men løye nok for meg der og då:

"Lillian Müller er kåret til året mest sexy vegetarianer over 50 år!" (link til nyhenda på VGnett)

Priceless!

Førjulstradisjon

Siste laurdagen før jul. Tradisjonen tru ein dag fylt av julekjekslaging, handel i kaos, sløyfeband og handle- gjere- og huskelister. Og shantykonsert!

Storm Weather Shanty Choir - verdas tøffaste, rocka sjatikor! Seks stilige karar med appeal og publikumsdrag som andre musikarar kan skyta ei lang pil etter. Og som klarar å ha fullt hus, og full kontroll, frå første strofe. Salen er fylt av folk i fyr, frå 18 til 88 (minst), og alle syng med. Fantastisk kjekt! - Makalaust faktisk! Og så blir sjølvsagt resten av kvelden og natta også kjekk, når så mange flotte folk er ute!

Så, siste søndagen før jul; litt mindre effektiv enn tenkt. Kanskje eit juletre finn vegen heim til gards. Elles så har dei sikkert nokre igjen i morgon.. Kanskje ein pakke blir pakka inn. Elles så er jo dei siste kveldane ganske lange.. Uansett, i bakhovudet surrar ein shanty, og det er nesten jul! :-)

lørdag 18. desember 2010

Møsa!

Ja, eg er ei ekte "møsa"! Tårene ligg alltid klar rett bak augeloka, og piplar fram anten det er gode, søte, triste eller sinte kjensler som ligg bak. Det er jo så mykje som er så rørande! I løpet av dei siste dagane har eg mellom anna tørka tårer fordi:
  • eg fekk eit kompliment
  • ei veninne fekk baby
  • samboen var teit
  • eg høyrde ein fin sang på radioen
  • mange ungar stod på ein scene og fekk applaus
  • eg kjende meg igjen i ein sketsj
  • eg hadde datatrøbbel
  • "mamma, eg elllske deg!"
  • eg såg eit fint landskap
  • samboen var snill
  • barnestemmer sang ein julesang (ja, det er jo kvardagskost no om dagen. Likefullt rører det meg til tårer. Kvar gong)
Endå verre var det då eg var gravid; då gjekk det knapt an å sjå ei nyheitssending utan lommetørklé tilgjengeleg. Trur ikkje det har blitt så veldig mykje betre etter at ungane kom i hus..

Nokre syns nok det kan vera sjarmerande når ein viser kjensler; blottlegg seg litt, syner ei sår side. Men for meg sjølv er det eit herk! Liksom ikkje så sjarmerande, syns eg, når augo er raudkanta og sjalet fullt i snått medan eg hastar vidare oppover gata på julehandel eller på jobb. Og svært irriterande når eg ikkje får fram eigen bodskap i diskusjonar fordi tårene kom først!

Mon tru om det fins noko hjelp for sånne som meg? Tåretolmekurs, for eksempel? Eller eigne møseavvenningstreningsopplegg?

torsdag 9. desember 2010

Kosetur

Eg har tenkt i heile halve haust at eg skulle ta ungane med på bytur no før jul. Og brått var det berre ei helg igjen utan planar, så me kasta oss rundt. Fekk uavhenta billettar til Putti plutti plott i Grieghallen, og overnatting på hotel Norge. Så då fòr me avgarde på kystbussen, eg og mine tre søtingar.




Og me fekk ei knallkoseleg helg! Nissane på teateret var koselege, det var lysfest med fyverkeri i byn, pepperkakebyen var som vanleg stor og stemningsfull, og det var juleverkstad på sjøfartsmuséet. Egon har god mat både for store og små, og i tillegg leikeavdeling og utdeling av spel og fargeblyantar. Dessutan var det basseng på hotellet. Heim igjen tok me båt. Litt for kvar ein smak! 
- Og alle var einige om at me hadde hatt ein gild tur!

onsdag 8. desember 2010

Nedtelling

Eg huskar det godt frå eg sjølv var lita; spenninga og lukka, kvar dag fram mot jul. Adventskalenderen!

Me hadde ein mamma-brodert kalender med fine nissar, og fullt i pakkar! Eg hugsar søster mi og eg måtte dela på moroa, og fekk pakke annankvar dag nokre år. Heilt greitt det, likefullt spanande og kjekt. Så kjekt at eg meinar å huska at eg maste meg til kalender også etter at eg hadde fllytta heimefrå..

Eg byrja mi eiga mammakarriere med ambisjonar om å laga ein like fin og spanade kalender til mine små. Var unekteleg ein del "putl" siste dagen i november, men hasteinnkjøp av dei siste pakkane, oppteljing og fordeling. Det hende eg var smart, og byrja kalenderhandlinga i god tid i tikronerskorgene rundtomkring i butikkane. Så enda det opp med litt snop, litt praktisk (tannkost, sokkar og denslags), og litt ting å gjera (kino, bading, juleverkstad). Eg likte å halda på med det, dei små elska det, og det tok seg fint ut på veggen.

Men så, i forfjor, kom spørsmålet frå sjuåringen; "-Mamma, kan kje eg heller få ein sånn lego-kalender?" Eg blei litt fortumla (-hæ, VIL han ikkje ha mine fine, gjennomtenkte pakkesangar??) og litt glad (med innpakkinga av 48 pittesmå presangar friskt i minne, og ein eksamen hengande på skuldra). Men arvingen var kjempefornøgd med små Legofigurar kvar dag. Og når me først var på det sporet fekk prinsessa velga seg ein som ho ville ha. Det blei sjølvsagt Polly-pocket; med ei dukke, og nye klede og utstyr til henne kvar dag. I år har me gjentatt suksessen frå i fjor, i tillegg har litadokko fått deg sjokoladekalender.

Må sei det var ganske avslappande og greitt å gå å kjøpa desse inn. Og ungane er storfornøgde kvar dag.
Men det ser ikkje like fint ut då...

tirsdag 7. desember 2010

Min Dag!

Eg blei 35 på laurdag. Og faktisk; bursdag er framleis kjekt! Trass i at eg kjenner litt på at eg no er nærare førti enn tretti, og fleire gonger har svart "tjueni" når nokon har spurt meg kor gammal eg er...
Men altså, bursdagen er liksom spekka med tradisjon; kos, song, besøk, presangar - og oppmerksomhet! Og det er stas!
Denne gong havna Min Dag midt i Samboen sin jobbperiode, så ungane tok høgtideleg på seg ansvaret med vekking til song. Sjølvsagt hadde eg måtta avverga et eit par gonger (klokka halv fem og klokka ti på sju; -"Nei, du treng ikkje henta dei andre, det er framleis natt"). Men klokka åtte kunne eg ikkje utsetja dagen lenger. Og då var det innmarsj, "heppi børsdei", presangar og heimalaga kort. 
Seinare på dagen ringte det på døra, og blomstermannen stod utfor med ein flott bukett - som kom heilt frå nordsjøen!  
Så, gratulera med øvestått dag til meg! :-)