onsdag 31. mars 2010

God Påske!

Når eg kjenner etter, trur eg jammen det er påskekjensla eg kjenner!
No har eg pakka saman på jobb, og tek heilt fri i seks dagar.
Og eg har pakka regnjakka, tjukke lubbar, fiskeutstyr, pinnakjøt og kortstokk. Så no e da fred i sinnet!
Og det er vel det som er påskekjensla då! 

Ønskjer alle ein fin påske!

tirsdag 30. mars 2010

Påsketradisjonar?

Jul er liksom den o'store høgtida hos meg! Då er det kos, familie, vener, minner og tradisjonar som skal oppretthaldast. Med stor entusiasme og lukkekjensle herifrå! Men påsken når liksom ikkje heilt opp på høgtidskjensleskalaen min.

Påsketradisjonar; kva er liksom det? Lammasteik ete me jo heila året. Marsipan, egg og krim òg. Og lange skiturar i solskin har eg ikkje hatt nok av til å få det til ein tradisjon (men åh, det gjev rett og slett eit snev av god påskekjensle når eg tenkjer på det no faktisk!)..

Ok, eg handlar inn på små, søte påskeliljer, gule tulipanar og evetuelt andre vårlege blomar og greiner eg måtte koma over. Og samlinga malte egg og kyllingar begynnar å ta seg opp. - Og dei får koma fram! Eg prøver jamvel å få til nokre koslege familie-jule-nei-påske-verkstadar for å få opp påskestemninga. Og så plantar eg karse! Men nei, påskekjensla uteblir.. Det er ikkje noko eg absolutt MÅ gjera eller få i hus for at det skal kjennast som ein ekte påske. Som julemenn, pinnakjøt og spelekveld i jula.

Kan henda det ikkje absolutt er eit must med den kjensla av påske? Eg kan kanskje berre slappa av, nyta fridagar, familien, heilt sikkert både god mat og drikke, og muligens eit spel òg? Ja, det høyres ut som ein plan.
Desse bileta er frå i fjor. Då var me på hyttetur med gode vener, og fekk både skirenn og velfylt påskeegg med på menyen. Det var påsken sin dét!

mandag 29. mars 2010

Kunst

Prinsesso på 5 ("-åethalt") kom strålande heim frå barnehagen ein dag, med endå ein teikning. "Her er du mamma, når du dansar ballett!" Som om dét var det mest naturlege i verda. Men eg syns teikningen var så fin. Og endeleg eit "heldig" bilete av meg, med kjole å greier! Det får publiserast!

Eigentleg er den daglege teikneproduksjonen så pass stor at eg ankar litt på heile regnskogen. Kor mange ark per unge per dag skal til før me går tomme for tre? Eg får vel også innrømma at ikkje all kunst som blir levert, blir tatt like godt vare på. Men nokre gullfunn må me jo arkivera. Som dette.  

lørdag 27. mars 2010

Tikk-takk

Det er tid for å skru klokka mot sommar! Alltid litt stussing på korleis denne klokkeskruinga skal vera. Fram eller tilbake?
No har eg omsider lært meg ein hugseregel: Alltid mot sommaren!
Fram no på våren, tilbake til hausten.
Og så var det neste spørsmål; Ein time fram; vil det sei at me får sova litt lenger?
Nei. Ein time mindre å sova på gitt!
Men blir lyst og kjekt då!

fredag 26. mars 2010

Vår

Vår tra la la
Vår tra la la
Vår tra la la
Vår tra la la
Vår i år

Nynnar på DeLillos sin Vår, og syns i grunn livet e fint!

Ja så har det blitt vår
Så har det blitt vår i år
Og våren den er en klisjé
Den er en klisjé men hva gjør vel det

Vår tra la la
Vår tra la la
Vår tra la la
Vår tra la la
Vår i år

Kanskje, om eg hadde lært meg litt om korleis (og om det faktisk er mogeleg!?), kunne eg lagt songen ut her.. I mellomtida får eg berre nynna vidare, og nyta at det faktisk er

VÅR!

torsdag 25. mars 2010

Lysets engel


Denne keramikkengelen kjøpte eg på påskeferie i fjor, på ei pittelita kafé-kaffi-og-handarbeidsutsal-bu med litt ekstra på Hovden. Eigentleg identifiserer ikkje eg meg heilt med "engle-typen", men eg falt sånn for den der og då.
Og den vart fin her heima òg! Endå finare med telys tent i handa ein mørk vinterkveld.
Engelen min har kome til sin rett denne vinteren gitt!

onsdag 24. mars 2010

Påverknad?

Kva påvekar oss til å bli som me blir og til å gjera som me gjer?
Har sett eit par episodar av Hjernevasken til Eia i kveld. Konklusjonen min er at eg trur eg hadde gjort meg veldig dårleg som forskar. Som politikar òg, for så vidt. Eg blir i alle fall veldig lett overbevist. Og motbevist. Og overbevist igjen. Og sånn går nu dagan..
Når ein forskar her vert intervjua, som hardnakka hevdar at han har rett i at miljøet har nesten alt å sei for korleis born blir, så trur eg på han. Så kjem neste, som også har gode argument og overbevisande forsking å visa til, og hevdar at gener, altså biologi og evolusjon gjer oss som me er. Ja, då trur eg på det òg. Så er eg like klok. Eller..?
Uansett; Programmet var i alle fall både underhaldande og - trur eg - lærerrikt.

søndag 21. mars 2010

100 dagar


Laurdagskvelden var fin! Om den no sit litt igjen i kroppen etterpå..
100 dagar - arrangementet, musikkfest for å feira at me nærmar oss Stordfest 2010, var eit stort kalas, med masse variert musikk heile helga. Som den fjernsynshungrige og heimekjære fredagspersonen eg er, valte eg altså sofaen på fredagen. Og den gode studenten i meg gjorde prioriteringa slik at eg måtte droppa musikken på Laur-dagen. - Men var klar for å ta det igjen når kvelden kom!
Og kvelden starta med kjekt besøk rundt eit kosleg bord med trivelege damer. Det blei som det måtte bli; så triveleg, at noko av den tidlegaste musikken blei spelt utan mine øyre tilstades. I alle fall, når øyrene først kom seg på plass, var det jo så mange kjekke folk - som eg ikkje hadde sett på lenge - at eg har litt dårleg samvittighet i dag. Eg trur muligens eg blei ein av dei som eg så ofte har irritert meg over på konsertar, som pratar i veg med sidemannen, med musikken i bakgrunnen.. Nei, faktisk trur eg at eg fekk balansert det ganske greitt, godt hjulpen av eit smart arrangement der me kunne velga å forflytta oss rundt til-frå mellom musikarar og gamle vener.
Bluesgangsters, Bite og Bastard; knakande kjekt! Og knallande hard svart-rock, med raspande stemmer og mykje tung bass; eg lot meg fascinera! Blei ståande å fundera på kva dei eigentleg syng om. Tru om det handlar om vårblomar, kattungar og bestemor si gode ripssaft? (Det hadde i alle fall vore jysla løye om det var slik!)
Eg må sei eg fekk eit bra utbytte av denne kvelden. Mykje bra musikk! Mange kjekke folk! Vårfølelse når eg gjekk heimover i natta på bare vegar.
Kva gjer det vel då, om eg må betala litt med å vera noko slakk i pelsen i dag?

fredag 19. mars 2010

Action i natta

01.37. Øhu! (med stum u)! Etterfulgt av lyden av væske som klæskar i golvet frå halvannan meterts høgde. Kjenne den lyden! Eg bråvaknar, og er på golvet før prinsesso har hutra fram "eg e sjuk..".  Kjappe steg, og eg får konstatert at ho i alle fall kom seg ut av senga denne gong, og faktisk halvvegs mot badet.
Øh! Endå meir ja! Tynt og lett klumpete skvip skvettar oppover veggar og leggar. Prinsesso har eit grønleg skjær over nasa. Mammo geleidar inn på badet i håp om å nå toalettet før neste Øh! Håpar ingen av dei andre vaknar!
Så er det dusjing og på med ny pysj, trøysta og varma litt, og putta forsiktig under dyna, - med bøtta ved sida av. Og så fram med vaskebøtta, filla, klorin og grønnsåpa. Klokka er 02.26, og eg vaskar veggar, rekkverk, golv, og så meg sjølv.
02.39, og eg er under dyna igjen. Lyttar. Sprett opp ved første host frå naborommet. Puh, berre vanleg hoste! Lettare typisk at pappen reiste på jobb i går, så då er det mammo som må bli heime. Kva var det eg hadde på plakaten i morgon no igjen? 03.02. Sjekkar sjuandesansen. Ok, det lar seg ordna i morgon, blir ein alternativ arbeidsdag. Nytt host? Øhu? Nei, er visst ro.
Sovnar nok snart igjen..

torsdag 18. mars 2010

Favorittar på skjermen

Fjernsynet e kjekt! Selskap, tidtrøyta, underhaldning, påfyll, avslapping.. Og "barnevakt" når mammo vil sova litt lenger enn prinsesso, litaldokko og arvingen i helgane!
Favorittane mine no for tida er Himmelblå, Frustrerte fruer, Otto heilt privat og Torsdag kveld i Nydalen. Og som ellers fredagskvelden med Nytt på Nytt, litt svitsjing mellom Norske Talenter og Skavland, og Senkveld. Såg Bård Tufte Johansen på farlig fotballkamp her ein kveld, det var kjekt òg, men har ikkje sett meir av det enno. Engelsk, svensk eller dansk krim e alltid ein slager! Og så hadde eg tenkt at eg skulle få med meg Harald Eia sine omdiskuterte forskarprogram, men det har eg visst ikkje fått plass til i timeplanen enno. Satsar på nett-tv der. Likeeins med Klasse 10B. Og True blood må eg visst sjå på DVD i staden. Som så mange andre seriar.


Einaste med fjernsynet som er utruleg irriterande, er når det ikkje er eg som styrer fjernkontrollen. Då hender det at eg meir eller mindre ufrivillig sit og blir informert om krabbafiskarar, tatovertingar eller myter som blir "busta"..
(ja, eg kan jo berre gå og gjera noko anna, I know!)

onsdag 17. mars 2010

Sjølvdisiplin

Eg held på med vidareutdanning, deltidsstudie på HSH. Veldig spanande og kjekt med førelesingar, diskusjonar og erfaringsutveksling. Men, så var det det med å utretta noko sjølv då..
Er det noko eg ikkje har, så er det sjølvdisiplin! Ja visst, eg kan vera effektiv. Men det helst under press!
Har hatt nokre dagar der eg har hatt ein STOR plan om å vera flink student, lesa mykje, og helst få noko ned på papiret. Men du hendelse! Førebels er det visst to månader til innlevering òg...
I løpet av dei to månadane har eg ein heil del anna som skal gjerast òg, så presset burde vera stort nok. Full jobb, og vel så det. Tre tassar i huset, mykje utan makker.. Kunne eg ikkje berre vore litt flinkare når eg faktisk har sett av tid til det!? Neida, då ramlar det ned noko anna som eg ikkje trur eg kan utsettta til i morgon. Og så kjem det tilbod om å vera sosial med kjekke folk, og det kan jo ikkje utsettast! Ungane har ymse dei må på, og må ha mammo med på. Spørsmål om ekstra jobbing. - Kan ikkje sei nei! TV-seriane går sin gang, kveld etter kveld. Og dessutan så er det konsertar på gang til helgo, som eg helst skulle hatt med meg..
Og her sit eg altså. Og bloggar!

torsdag 11. mars 2010

Mmmmmmmm!

Eg har bakt! Mmmmmmmmm... Mmmørke sjokoladesnacksnyydeilige cookies. Leste om dei i bloggen til Aina ein dag, og har tenkt på dei sidan. Oppskrifta var Nigella si, og ho veit eg jo har sansen for det goda. Så dermed blei det sjokoladeinnkjøp og spekulering i kva tid det kunne passa med eit aldri så lite ekstrakalorisjokk.

Det blei altså i dag!

Prinsesso skulle ha med ei veninna heim frå barnehagen, og eg hadde dessuten studiefri frå jobben (ja, eg har studert litt òg!) - så då tenkte mammo at det kunne passa!
Og det falt i smak! 

Og med det same eg hadde forklé på, heiv eg på ein brøddeig òg.
Så no er det nybakt brød med brunost til kvelds her, og sjokoldecookies til dessert.

Berre å komma!
(Litt erfaringar, om du skulle få lyst til å prøva sjølv: Eg brukte ein pose mørke sjokoladeprikkar og ein stor, opphakka melkesjokolade, det var snadder! Neste gong skal eg ha litt mindre kakao i, og kanskje ein skvett med kaffi. Og kanskje får eg tak i vanilje-essens til dess, i dag blei det mitt eige vaniljesukker.)

mandag 8. mars 2010

8. mars

"- Koffor e da kvinnedag i dag?"
Arvingen spør til fukost. Far forklarar ironisk at "dei var ikkje fornøgde med berre ein morsdag". Mor fryktar at arvingen ikkje forstår ironien, og gjev ei litt lenger utgreiing om lik løn for likt arbeid og like muligheiter uansett kjønn. Tante supplerer seinare på dagen med at "den dagen menn tener 20 prosent mindre enn kvinner så skal me bytta, då får dåke ein eigen dag!".
Så får me håpa at arvingen fekk med seg poenget.
Eg har i alle fall vore og fått med meg 8. mars-arrangementet i kveld. Både for å høyra dyktige kvinner snakka og synga, og for å stilla opp når ting blir arrangert. Og igjen; mykje flinke folk her på holmen altså!  
Forsaka tilogmed småtrolla si leggetid i kveld.
Men det klarar vel pappen?
Dessutan; poenget med ein eigen dag med fokus på kvinner sine rettar har framleis ein funksjon, sjølv i dag, 100 år etter første kvinnedagen. Berre det at me hadde emnet på tapetet til frukost gjer dagen nyttig, meinar eg.

Gratulera med dagen alle kvinner!

søndag 7. mars 2010

Blinklys!

Blinklys er til for å brukast! For å visa kor du skal, slik at andre kan forholda seg til deg i traffikken. Det er makalaust korleis nokre syns det er så heise krevjande å svitsja dei på.
Sinnsjukt irriterande faktisk!
Spesielt når eg har rota meg ut på vegen i rushtida, treff på ein full-ferje-kø, og står der og ventar på å koma ut på hovudvegen. Det går nokre laange minuttar, bilane susar imot, og det ville vera totalt uforsvarleg av meg å køyra ut. Så eg ventar til dei har passert.
Men så; "hei, eg ska visst ned her eg, trallalaaa!". "-Åh, eg òg!" "-Og eg!"..
Men å blinka?? Gjedna visa kor ein har tenkt seg med å plassera bilen mot høgre? "Nei, deet er vel ikkje nødvendig?"?! Så då blir me ståande der då, eg og alle andre som vil ut på vegen. Heilt til nokon som hugsar kva køyrelæraren sa om å vippa brytaren mot høgre, plassera seg i vegbanen, sjekka blindsona og det heile, forbarmar seg over oss, og me får anledning til å hiva oss ut. Jiizzess!
Godt at eg e ein perfekt sjåfør i alle fall!

fredag 5. mars 2010

Curling

Eg trur curling e sporten for meg! Trur nok at eg kunne ha gjort ein god innsats der. I alle fall viss eg hadde lært meg reglane. Og fått anledning til å prøva. Eg syns det liknar litt på bowling, og det hender eg får til ein strike der! I alle fall på wii'en. Eg har vel potensiale då??
No har me jo ein relativt fin is her på holmen. Er det ikkje berre til å teikna opp ein ring og to der, og så kasta nokre steinar? Ja, og sjølvsagt kosta??
Har, som så mange andre, igjen fått augo opp for idretten no i løpet av OL. Som sist OL, eller var det det før? Det var vel då den sporten vart fødd her i Noreg?
Trur muligens eg gløymte sporten i mellomtida, men no kjem eg nok ikkje til å gløyme det igjen. No har me jo dei fancy buksene på harddisken i tillegg. Kjem nok til å tenke på curliug kvar gong eg ser ein klovn!

Korleis melder me oss eigentleg på landslaget i curling?

onsdag 3. mars 2010

Snø!


Nytt påfyll av snøen i dag. Velkome? Vel..
Men når det først skal vera sorten, så e da no kjekt å bruka den best mulig. Så då blei da solnedgangstur med Sambo og Arvingen i lysløypo i ettermiddag. Lett trim, og koseleg tur.

tirsdag 2. mars 2010

Øvelegen? Eg??

Eg går på Vikjo eller på butikken, og eg helsar på kjende til høgre og venstre når eg passerar. Likevel kan det førekoma at eg avogtil verkar øvelegen.
Men eg er ikkje øvelegen, eigentleg. Eg berre helsar ikkje alltid på kjentfolk. Det er ikkje det at eg ikkje vil, eg berre kjem ikkje på det der og då. Verken at eg kjenner vedkomande, eventuelt er "på hels med", eller at det kunne vore på sin plass med eit nikk eller "Heisann!". Når eg går for meg sjølv, har eg det nemlig ofte veldig travelt inni hovudet. Eg diskuterer med meg sjølv, gjentar eller fortset ein samtalen frå tidlegare, planlegg neste trekk, kjem med gode forslag til middag, eller kva eg burde sagt til den sure butikkdama i stad. Og då er det vel klart at hovudet ikkje har kapasitet til å ta inn at her passerer nokon eg kjenner?