fredag 24. desember 2010

God jul!


Så var me endeleg i mål!
Alt som skulle lagast er laga. Det vil sei, det som ikkje er laga til no, kuttar me ut i år.
Alt som skulle kjøpast er kjøpt. Det vil sei, det er vel ope nokre timar julafta òg...? Har visst gløymt strømpebuksereserven..
Alt som skulle pyntast er pynta. Så får heller resten av granbar og mose, som eg jo hadde planar om å gjera noko med, bli liggjande i garasjen til det blir kosta ut..
No er det seine natta litle julafta, og roen har lagt seg fullstendig over huset. Ute er det meir snø enn eg kan hugse sjølv frå barndommen.
Og det er jul!
- Måtte det bli ei strålande, fredeleg, sosial, avslappande, koseleg og minnerik jul for oss alle! -




torsdag 23. desember 2010

7 sortar!

Kven i alle dagar har kome på at det skal bakast sju sortar til jul??? Truleg er dette noko som stammar frå dei hine hårde dagar då alle kånene haldt seg heime ved kjøkenbenken, og det var både venta og krevd at slik og slik måtte det vera.

Jaja. Noko anna her i gården i alle fall! Ser kanskje ut som det er sju sortar, men der kan eg lova at det er det ikkje. Det er berre ganske små boksar, så det måtte delast opp. Me enda i år på julamenn, pepperkaker (av ferdig deig), pikekyss og risboller. Ja, og så brente mandlar. Og så har eg kjøpt peppernøtter på Rema...

Wow! Det blei faktisk seks! Nesten så eg får litt lyst å smella til med to til, berre for å ein gong ha kome opp til det magiske talet sju... Får sjå om Remaen har meir å by på på litlajulafto då!

mandag 20. desember 2010

Dagens!

Avogtil hender det at det dukkar opp ekstra "gode" nyhende.
Nyhende av den sorten som får meg til å sjå opp frå det eg på tidspunktet er engasjert i, og som får meg til å le høgt. Heilt for meg sjølv.

I dag plukka eg opp ein slik. Og dagen, som for så vidt var av den gode sorten både på heime- og bortebane, blei endå betre. Det er jo utvilsomt noko befriande deilig ved det å le. Høgt. Heilt for seg sjølv. Det er vel ikkje for ingenting det blir sagt at ein god latter forlengar livet.

I alla fall;
Dagens blei lesen opp på radioen som dilla og gjekk i bakgrunnen medan eg sjølv las korrektur på noko jobbgreier som burde vore ferdig (helst i går). Det eg høyrde var ikkje særleg betydningsfult, heller ikkje spanande. Men løye nok for meg der og då:

"Lillian Müller er kåret til året mest sexy vegetarianer over 50 år!" (link til nyhenda på VGnett)

Priceless!

Førjulstradisjon

Siste laurdagen før jul. Tradisjonen tru ein dag fylt av julekjekslaging, handel i kaos, sløyfeband og handle- gjere- og huskelister. Og shantykonsert!

Storm Weather Shanty Choir - verdas tøffaste, rocka sjatikor! Seks stilige karar med appeal og publikumsdrag som andre musikarar kan skyta ei lang pil etter. Og som klarar å ha fullt hus, og full kontroll, frå første strofe. Salen er fylt av folk i fyr, frå 18 til 88 (minst), og alle syng med. Fantastisk kjekt! - Makalaust faktisk! Og så blir sjølvsagt resten av kvelden og natta også kjekk, når så mange flotte folk er ute!

Så, siste søndagen før jul; litt mindre effektiv enn tenkt. Kanskje eit juletre finn vegen heim til gards. Elles så har dei sikkert nokre igjen i morgon.. Kanskje ein pakke blir pakka inn. Elles så er jo dei siste kveldane ganske lange.. Uansett, i bakhovudet surrar ein shanty, og det er nesten jul! :-)

lørdag 18. desember 2010

Møsa!

Ja, eg er ei ekte "møsa"! Tårene ligg alltid klar rett bak augeloka, og piplar fram anten det er gode, søte, triste eller sinte kjensler som ligg bak. Det er jo så mykje som er så rørande! I løpet av dei siste dagane har eg mellom anna tørka tårer fordi:
  • eg fekk eit kompliment
  • ei veninne fekk baby
  • samboen var teit
  • eg høyrde ein fin sang på radioen
  • mange ungar stod på ein scene og fekk applaus
  • eg kjende meg igjen i ein sketsj
  • eg hadde datatrøbbel
  • "mamma, eg elllske deg!"
  • eg såg eit fint landskap
  • samboen var snill
  • barnestemmer sang ein julesang (ja, det er jo kvardagskost no om dagen. Likefullt rører det meg til tårer. Kvar gong)
Endå verre var det då eg var gravid; då gjekk det knapt an å sjå ei nyheitssending utan lommetørklé tilgjengeleg. Trur ikkje det har blitt så veldig mykje betre etter at ungane kom i hus..

Nokre syns nok det kan vera sjarmerande når ein viser kjensler; blottlegg seg litt, syner ei sår side. Men for meg sjølv er det eit herk! Liksom ikkje så sjarmerande, syns eg, når augo er raudkanta og sjalet fullt i snått medan eg hastar vidare oppover gata på julehandel eller på jobb. Og svært irriterande når eg ikkje får fram eigen bodskap i diskusjonar fordi tårene kom først!

Mon tru om det fins noko hjelp for sånne som meg? Tåretolmekurs, for eksempel? Eller eigne møseavvenningstreningsopplegg?

torsdag 9. desember 2010

Kosetur

Eg har tenkt i heile halve haust at eg skulle ta ungane med på bytur no før jul. Og brått var det berre ei helg igjen utan planar, så me kasta oss rundt. Fekk uavhenta billettar til Putti plutti plott i Grieghallen, og overnatting på hotel Norge. Så då fòr me avgarde på kystbussen, eg og mine tre søtingar.




Og me fekk ei knallkoseleg helg! Nissane på teateret var koselege, det var lysfest med fyverkeri i byn, pepperkakebyen var som vanleg stor og stemningsfull, og det var juleverkstad på sjøfartsmuséet. Egon har god mat både for store og små, og i tillegg leikeavdeling og utdeling av spel og fargeblyantar. Dessutan var det basseng på hotellet. Heim igjen tok me båt. Litt for kvar ein smak! 
- Og alle var einige om at me hadde hatt ein gild tur!

onsdag 8. desember 2010

Nedtelling

Eg huskar det godt frå eg sjølv var lita; spenninga og lukka, kvar dag fram mot jul. Adventskalenderen!

Me hadde ein mamma-brodert kalender med fine nissar, og fullt i pakkar! Eg hugsar søster mi og eg måtte dela på moroa, og fekk pakke annankvar dag nokre år. Heilt greitt det, likefullt spanande og kjekt. Så kjekt at eg meinar å huska at eg maste meg til kalender også etter at eg hadde fllytta heimefrå..

Eg byrja mi eiga mammakarriere med ambisjonar om å laga ein like fin og spanade kalender til mine små. Var unekteleg ein del "putl" siste dagen i november, men hasteinnkjøp av dei siste pakkane, oppteljing og fordeling. Det hende eg var smart, og byrja kalenderhandlinga i god tid i tikronerskorgene rundtomkring i butikkane. Så enda det opp med litt snop, litt praktisk (tannkost, sokkar og denslags), og litt ting å gjera (kino, bading, juleverkstad). Eg likte å halda på med det, dei små elska det, og det tok seg fint ut på veggen.

Men så, i forfjor, kom spørsmålet frå sjuåringen; "-Mamma, kan kje eg heller få ein sånn lego-kalender?" Eg blei litt fortumla (-hæ, VIL han ikkje ha mine fine, gjennomtenkte pakkesangar??) og litt glad (med innpakkinga av 48 pittesmå presangar friskt i minne, og ein eksamen hengande på skuldra). Men arvingen var kjempefornøgd med små Legofigurar kvar dag. Og når me først var på det sporet fekk prinsessa velga seg ein som ho ville ha. Det blei sjølvsagt Polly-pocket; med ei dukke, og nye klede og utstyr til henne kvar dag. I år har me gjentatt suksessen frå i fjor, i tillegg har litadokko fått deg sjokoladekalender.

Må sei det var ganske avslappande og greitt å gå å kjøpa desse inn. Og ungane er storfornøgde kvar dag.
Men det ser ikkje like fint ut då...

tirsdag 7. desember 2010

Min Dag!

Eg blei 35 på laurdag. Og faktisk; bursdag er framleis kjekt! Trass i at eg kjenner litt på at eg no er nærare førti enn tretti, og fleire gonger har svart "tjueni" når nokon har spurt meg kor gammal eg er...
Men altså, bursdagen er liksom spekka med tradisjon; kos, song, besøk, presangar - og oppmerksomhet! Og det er stas!
Denne gong havna Min Dag midt i Samboen sin jobbperiode, så ungane tok høgtideleg på seg ansvaret med vekking til song. Sjølvsagt hadde eg måtta avverga et eit par gonger (klokka halv fem og klokka ti på sju; -"Nei, du treng ikkje henta dei andre, det er framleis natt"). Men klokka åtte kunne eg ikkje utsetja dagen lenger. Og då var det innmarsj, "heppi børsdei", presangar og heimalaga kort. 
Seinare på dagen ringte det på døra, og blomstermannen stod utfor med ein flott bukett - som kom heilt frå nordsjøen!  
Så, gratulera med øvestått dag til meg! :-)

tirsdag 30. november 2010

Favoritt rett rundt hjørna!

Ah, desember! Ein månad som ligg høgt på lista over favorittmånader - om eg hadde hatt ei slik liste.
Ein månad full av kjenslemessige motpolar. Det hoppar frå ekstremstress og hjartebank til ro og fred og kjærleik.

Frå grelt prøveromslys når eg står der, varm i toppen, likbleik i huden, og potensielle julekjolar får meg til å føla meg som ei dårleg stappa svinasteik. Til stemningsfull levande belysning på eit bord mellom meg og gode vener eller familie.

Frå sur kaffi på slutten av jobbdagen, når eg sit der og slit meg gjennom siste rest av kjedelege rapportar. Til lun gløgg ute i fri, kald luft, med ungar som spring spente og glade rundt.

Frå butikk-køar, "utsolgt"- skilt, dårlege tapedipensarar og utmatta ekspeditriser. Til sofakrok, pledd, gode lukter og herlege smakar.

Heldigvis syns eg at mesteparten av stresset stort sett har eit kjekt og positivt tilsnitt, så vektskåla tippar absolutt over på den gode sida. Ergo topp-plasseringa.

Og no kjem den altså, desemberen! Berre nokre dagar att til første luka i kalenderen skal opnast. Eg gler meg til juleavslutningar, barnåler, julemenn og pepperkakehus. Mange av presangane er faktisk allereie komt i hus. Og kjolen heng i skapet!

Må sei denne desemberen har eit bra potensiale!

tirsdag 23. november 2010

Mot til å glede!

I dag er det MOT til å glede - dagen!
Kommunen vår er MOT-kommune, det vil sei at MOT-programmet er implementert i alle ungdomsskulane, og i tillegg i idrettslag. MOT er eit halningsskapande program som står både for å ha mot til å ta eigne val, å ta vare på kvarandre og å visa mot. Porgrammet har ein høg status blant både ungdommar og foreldre her, og MOT-informatørane våre gjer ein fabelaktig jobb!

Men, poenget mitt her og no var vel i grunn å markera mot-til-å-glede-dagen. Og korleis gjer eg det?

Kan vel først fortelja om mine opplevingar i dag. På tur gjennom sentrum, mellom ymse møte i dag, blei eg tilbydd både pepperkaker og mandariner, klovnerier og song av kjekke ungdomsskuleelevar. Eg fekk jamvel ein liten lapp stukken i handa, der det stod "du er ein unik og fantastisk person!" Må jo sei det gleda eit småstressa hjarta!

For å prøva meg på å gleda andre, har eg vore ekstra generøs med kompliment i dag. Det gledar alltid! Og så har eg laga ein god middag til famillien min. - Og kanskje Samboen skal få ein ekstra god kvelds no etterpå... (vegen til ein mann sitt hjarte går som kjent via magen.. ;-)

Håpar de som les dette òg har hatt gleda av å gleda og å bli gleda i dag!

tirsdag 16. november 2010

Rydde-bla-lese-le

Har hatt ei lita opprydding i gamle greier. Og blir som alltid sitjande å bla nostalgisk i alt deg løgne eg har tatt vare på opp gjennom tida. Eine eska under trappa innheld tenåra mine; alt frå den gule sport-walkmanen til brev, veska mi, klassebilete og alle passbileta som var pressa ned i lommeboka (kven er dei alle?) og haugevis med skulebøker, dagbøker og skuledagbøker.
Har ikkje hjarta til å kasta det!
Eg veit vel i grunn innerst inne at det berre blir ved desse opprydningane eg kjem til å sjå på tinga. Men det gjer det faktisk verd å ta vare på! For ryddejobben blir jo pluseleg så koseleg der eg sitt på det kalde golvet, med alt dette framfor meg! Så får det heller vera at det heile tek doble (triple!?) tida. -Og det er like mykje under trappa etter som før..

søndag 14. november 2010

Hurra for Pappa!

Far; i dag er det dagen din
I dag skal handa di kvile!
(Bortsett frå når du må skrella poteter til me skal koma på reinsdyrsteikmiddag!)

Gratulera med farsdagen til verdens beste pappaer;
Min eigen og ungane mine sin!
Her blei det feira med teikningar og kort, marsipankake, blom og pakke
med endå meir marsipan, pluss ein juleflax-kalender.
Og sjølvsagt frukostservering til husets paps.
- Men ikkje på senga!
(Kven vil vel ha smular der?!) 

Best på førebygging!

Eg har hatt ei svært bra veke på jobb!
Me som jobbar med førebygging i kommunen meinar me gjer ein god jobb. Og kommunen har vore god på å legga forholda til rette for det. Dessutan gjev undersøkingar oss eit bilete på at det som blir gjort faktisk har ein effekt.
Og då var det veldig kjekt å vera i Drammen denne veka, der Stord kommune fekk Ungdommens førebyggingspris! 300 000 kroner frå Helsedirektoratet øyremerka vidare førebygging!
Bra for oss, og bra for ungdommane våre! :-)  
Her er nyheten lagd ut på kommunen si nettside. Les og bli gla! :-)

SLT-koordinator, Utekontakten og to frå Stord Ungdomsråd visar stolt fram prov på at me er best!  

torsdag 11. november 2010

Tur i skogen

Flott ute om dagen!
Prøvde å fanga alle tre på eit og same bilete - må jo begynna å tenka julakort og liknanande...
Vel, bakfrå duger vel òg..

fredag 29. oktober 2010

I gong!

Jepp. No e eg i gong! Har tidlegare skrive om at eg ein gong skulle koma i gong med å verta litt sprekare. Og no kan eg omsider fortelja at - YES, eg trenar.

Eg svært nøgd med eigen insats denne veka; tre gonger på treningsseneret; eg har fått med meg både spinning og styrke. - Og endå er det eit par dagar igjen av veka! Kanskje eg klarar å få inn ei økt til? I alle fall skal eg få inn ein god søndagstur - mest truleg i regn, men det er jo berre deilig om kleda er rette og tette.

Hehe, eigentleg syns eg det er noko slitande med dei som presenterer alt dei trenar og kor spreke dei er på Facebook og liknande. Og her sit eg jaggu og legg ut i same banar sjølv! Men det har altså ein grunn: På denne måten legg eg litt press på meg sjølv, - eg kan jo ikkje "skuffa" no! (meg sjølv aller mest..;-)
Og også på dette feltet er eg best under press!

mandag 25. oktober 2010

Dundelina-nytt

Jentene har fått seg splitters nye Dundelinaklér!
Sjå kor fine:



Ikkje så lett å ta bilete av dei i lag..
(Eg tek meg stadig i bli imponert over fotografar som klarar å få heile barnehagegrupper til å sjå i kamere på ein gong!).
Men klerno er i alle fall knallfine, med masse spanande detaljar
(sjekk t.d Ålen Åge rundt halsen til storaprinsesso!)
- Og tydelegvis er dei veldig komfortable å leika i! :-)

søndag 24. oktober 2010

Bøssedagen!

I dag er dagen for TV aksjonen 2010!
Pengane går til Flyktningehjelpen sitt arbeid for menneske på flukt - og det er berre å opna lommeboka!

TV-aksjonen har blitt ein tradisjon - nesten ein institusjon - og har vore eit fast innslag kvar haust sidan 1974 faktisk!

Alle som kan krypa og gå i kjendisNoreg står i kø for å bidra til aksjonen; til å underhalda i sendinga, for å gjera noko som dreg inn pengar eller for å auksjonera vekk eittelleranna. Mogeleg nokre har ein "skjult agenda" med dette; ønsket om ekstra goodwill og popularitet kan gjerne vera motivasjonen. Men kva gjer vel det, så lenge det faktisk er til noko bra? Og så kan me jo håpa at dei fleste faktisk gjer det fordi dei VIL bidra med noko.. Også blant mange av oss vanlege dødelege er det viktig å delta på eit vis for aksjonen. Skular og barnehagar har eigne arrangement fro foerldre og besteforeldre, ungar lagar loppis i nabolaget, firmajulegåver blir lett vraka til fordel for gode saker, og folk gjev stolt vekk små eller store pengar.

Sjølv har eg gått den fine søndagsturen med bøssa fleire gonger. Og skal igjen ut i dag. Blir kjekt å sjå om folk er like blide og generøse i år! Og så blir det TVaksjon på fjernsynet resten av kvelden. Reknar med - og gler meg til å sjå Sivert'n òg. Knallfin låt i bresjen for aksjonen i år!

lørdag 23. oktober 2010

Tannfebesøk

Storaprinsesso har mista si første tann!
Ho vart svært sjokkert då det skjedde, heilt plutseleg og utan forvarsel.
Midt i tannpussen stod ho der brått med blodig munn, og ei tann i vasken.
Men, Oj, kor stas når ho berre fekk summa seg litt!
Tann blei sjølvsagt lagt i eit lite glas vatn over natta. Og slik såg det ut neste morgon:
Tannféen hadde vore innom, og sparebøssa vart fylt med heile 35 nye kroner!


fredag 22. oktober 2010

Fritid

I gamle dagar kalla dei det visst for poteteferie.
No er dette ei av dei vekene som me foreldre som ikkje jobbar i skulen må pusla litt ekstra for å få til å henga saman. - Om me då ikkje ser oss mon i å senda ungane til "ferie-SFO" (-eit stor irritasjonsmoment for min del, men det skal eg ikkje gå inn på her. No i alle fall.)..
Haustferien er uansett kjærkomen for ungane (og for lærarane, eg veit!). Og denne gongen klaffa det faktisk med pappen i huset sin friperiode. Så då var det duka for ei kjekk veke!
Eine dagen tok mammo jobbinga på ettermiddagen i staden, og me pakka oss ut på sjøen i finavêret. Fiskestonga vart med, og sluken fekk seg i alle fall ein liten dukkert før fiskarane sit tolmod var slutt.
Me gjekk også ein liten tur i land på ein holme. Og her kjem det aller viktigaste på turen;
Den gode nista!
Loffskjevene var smurte klar heime, med ketshup (og sennep, men det veit ikkje ungane), ost og oregano. Og så vart dei steikte i godt smør på primusen ute i den fina haustsola. Namme-nam!
Gjorde ingenting at me ikkje fekk napp ein gong! 

onsdag 20. oktober 2010

20.10.20 10

Litt stillig dato i dag merka eg no (når den nesten er over).
Nesten så ein sku gjort noko ein skulle hatt behov for å huska!
Såg eit spørsmål på fjesbokjo no i kveld:
Kva gorde du den 20.10.2010 klokka 20.10?
Vel, eg la saman kler.
Heftig.

Prince!

Funky liten mann!
Funky syngande, spelande og dansande damer!
Funky og fengande musikk!
Funky mooves både på og nedfor scena!
Funky minner!
- FUNky konsert! -
Kjapt gjort å køyra te bydn for å få med seg verdsartistar i utfalding.
Og så kjekt!
Tilogmed avisene var einige dagen derpå:

tirsdag 12. oktober 2010

Sista nya

Gutane her hos oss har fått seg nye leikekameratar. 
Dei heiter Trampe og Amazon, og bur i hagen vår.


Drauar vert oppfylte!

mandag 11. oktober 2010

Haustpynt

No er det fantastisk mykje fine fargar ute!
- Ta dei inn!
Eg kjøpte meg nokre fine roser her i helgahandelen. Følte vel eg hadde behov for å pynta opp den kjipt fylle handlevogna litt (vaskemiddel og bind, jylsa lite fresht!), eller berre lot eg meg frista av dei flotte blomane i butikken. Vel heima sprita eg opp buketten med litt hastfarga blåbærlyng.
Så fint blei da:

søndag 10. oktober 2010

Haustsnacks

Kvar haust går eg og kikkar opp på hasselnøttene, lengtar til dei blir modne. Ofte er dei altfor plutseleg ferdige; altså så ferdige at dei ligg på bakken eller er hamstra inn i ekornfamilien sine vinterlager, før eg oppdagar at eg er for sein. Men i år har eg fått med meg dei gode nøttene nett passe ferdige. Sånn som eg likar dei! :-)
No er dei heilt på sista verset, og skulle helst vore plukka i går. Men SÅ gode! Må etast med ein gong! (-Men helst ikkje knekkast med tenna..)

lørdag 9. oktober 2010

Minihusmorferie

Eg har vore på tur! Rett nok berre i ein dag, men like fullt verd å nevna. Samboen skulle på konferanse med jobben, og partnarar blei inviterte med på festmiddag og hotellovernatting (-"Sånt som ALDRI skjer på dine jobbar", seier han, og har sjølvsagt heilt rett).
Så barnevakt blei booka, og pengar overført til visakortet.
Ein heil dag for meg sjølv; dilla rundt i koselege Stavanger i deilig haustvêr, møtte ei veninna til lunsj, og fekk shoppa litt til meg sjølv. Og så var det inn på hotellet og gjera seg klar for fest. Ein fest som markerte 30årsjubileum for firmaet, og me sat rundt flotte bord og fekk fantastisk mat, nok god drikke til, og kjekk underhaldning; ein løyen homse frå Hinna og eit bra band
(som var gode på U2-coverar, og då var jo eg seld!).
Som nevnt var maten fantastisk; skalldyr og ymse deilige brød, oliven og aioli mm til forrett. Tournedos -perfekt steikt!- med saltbakte poteter og nydeleg raudvinsskysaus til hovudrett. Og ein himmelsk desserttallerken, som eg berre måtte ta bilde av: Ei sjokolademoussekake med ekte gull på, og varme bjørnebær med is oppi den snaisne skåla, som også var av sjokolade!
Åh, der var eg i himmelen!

Ja, heilt ekte gull!
Og så var det morgon; Eg vakna av meg sjølv, las avis på senga, og nytte ein lang, god frukost utan å tørka opp eit einaste velta mjølkeglas eller å masa på nokon at dei måtte sitta i ro. Berre meg sjølv å tenka på (ja, og sjølvsagt samboen då, men han klarar seg godt sjølv!).
Reine mentalhygienen!

søndag 26. september 2010

Herleg haust!

Strålande sol, klår luft, t-skjortetemp (-i alle fall i motbakke), og flott natur! I dag har me nytt hausten!
Fjelltur på ungane sine premissar; det vil sei mange pausar, god nista pluss "bensin" i sekken (kjeks og sjokolade), og nett passe langt. Og så av slutta me med heimelaga hjortekjøttkaker til middag, med beppen og tantefamillien på besøk.
Fiin dag; sosial, sprek, gode naturopplevingar og pleie av familien. Beint fram god mentalhygiene! :-)

Sjølvutløysaren e gull på tur! Her har me jentene snudd litt før dei andre,
-  har sjølvsagt pause på returen òg!
  Fitjar sett ovarfrå, og jenter som kosar seg!
  Ein liten huggorm på vår veg!

Klar for ny veke!

lørdag 25. september 2010

Oppmerksomhetsportalar

Dei siste dagane har eg besøkt veldig mange (for meg) nye bloggar, eller "oppmerksomhetsportalar", som ei av dei eg vitja så fint kalla det. Eit fascinerande studie i grunn. Ein av ungdommane mine viste meg nemlig ei liste eg ikkje visste eksisterte, ei 100-på-topp-bloggar-på-Stord-liste. Her ligg visstnok dei mest leste bloggane laga på Stord, som er laga på blogg.no. Min blogg er ikkje laga her, så den kjem uansett aldri på denne lista. (-Og er vel heller ikkje nett eit mål, sånn sett) Anyway; korleis det blir telt veit eg ikkje, og noko trefftal finn eg heller ikkje.
Men det var likevel interessant å blafra litt gjennom. Mykje med bakgrunn i jobben min med ungdom. For her var unekteleg flest ungdommar. Unge jenter. Så no veit eg endå litt meir om kva som opptek og er viktig for jenter mellom 12 og 19 år. Kort oppsummert;
- mote ("I dag har eg på meg..", "Dette ønsker eg meg:..")
- bestevenner ("Eg og bestisen har gjort ditt og datt")
- å få tilbakemeldingar ("Send spørsmål til meg då, så skal eg svara på videoblogg")
Dessutan har eg fått bekrefta endå meir inntrykket eg har fått på nett av at veldig mange jenter ynskjer å bli glamourmodellar. I alle fall ser det slik ut utifrå bileta dei legg seg ut med; Dess større trutmunn, djupare kløft og mørke og mystiske auger, dess betre. Sikkert gode jobbsøknadar for alle dei som vil bli glamourmodellar. Men vil alle det? Nei, altså, dei fleste er vel ikkje heilt der, men utruleg mange har tydeleg lyst å laga Voe - liknande bloggar, med produktutprøving og med mål om å bli invitert på premierefestar og andre "kjendis"-opplegg.
Mange er òg overraskande opne og djupe, faktisk. Og det skjer verkeleg i hjarta når ein les nokre av skildringane av kor einsam eller såra ein kan vera. Og eg blir lukkeleg når ei på fantastisk poetisk vis klarar å formidla si sårbare forelsking. Nokre er anonyme (helst dei såre), med berre kallenamn og uklåre bilete, medan ande legg seg "heilt ut" (dei som vil bli Voe?). Flinke å skriva er i alle fall dei aller fleste. Må vera ei fryd for norsklærarar at elevane får så mykje skriveøving! Innimellom alle jentene finn ein ein mann eller to, og nokre familiar eller reiseskildringar. Mykje god undehaldning i alle fall!
På mi eiga favorittbloggliste ligg både folk eg kjenner og ikkje kjenner sine bloggar, med litt kvardagsliv, litt humor, litt idéar og litt sterke meiningar. Og fine bilete. Kjem tilbake til det ein annan gong. :-)

søndag 19. september 2010

Spa

Ikkje kvardagskost for meg akkurat, men eg har nett fått meg ein omgang med bodypeelingmassasje! Fekk eit gåvekort her for ei stund sidan, og no var det på høg tid å ta det i bruk!
Å gå på SPA er einstydande med luksus og bortskjemming av seg sjølv i mine auge. Det kostar ei skjorta og to, og tek dessutan tid "til meg sjølv", som eg ikkje har flust av. Og eg er ikkje særleg flink til å skjemma meg sjølv ut med slikt i ein stressa kvardag. Har vore og fått fotbehandling og og "facial" ein gong - også ei gåve - og fantasktisk deilig! Men har liksom ikkje blitt til at eg har gjort det for eigen maskin i mellomtida.
Vel; uerfaren SPA-gangar som eg var, kjende eg på ymse kjensler der i den herleg atmosfæren på Sport-treff. Ei skjønn jente skulle gi meg behandling, og ho hadde sagt til meg i telefonen at eg skullle ha med meg badedrakt. 
Så då stod eg der då, i garderoben og trædde denne på. Som alltid noko ubekvem i ein stor garderobe, med magar og lår som dissar, stygg truse og knalne sokkar, og raskast mogeleg i rørslene, for å unngå å stå der avkledd blandt ukjende. Eg fekk tildelt eit skap med badekåpe, handklé, tøflar og eingongstruse (!). Og der var spørsmåla og usikkerheten på plass; skal eg ha den på i staden for badedrakten? Eller under? Og skal eg ta på morgonkåpa etter at eg har dusja, eller etter sjølve behandlinga? Tøflane; er det meininga at dei skal brukast på veg inn i spa-avdelinga, eller medan ein er der - men ikkje i dusjen (sjølvsagt). Eller berre etterpå, når ein er rein og deilig?
Eg tok på meg medbrakt badedrakt, og tok med skap-utstyret inn i spa-avdelinga og la det frå meg der. Tok meg så ein dusj (ja, med badedrakt, var jo brått inne på fellesarealet), og så la eg merke til at handklé låg igjen borte på ein benk. Åh fan, no blir det jo vått på golvet, slik det så tydeleg står på plakaten utfor dusjen at det ikkje bør bli. Pinlig. Vel, eg tørkar meg som best eg kan - og golvet med - og set meg ned i badstua før eg tenker eg skal inn i steamen. Men så kjem damo og hentar meg med inn i behandlingsrommet. Ei lite, dust belyst rom, med ein plastlagd behandlingsbenk i midten, roleg panfløytemusikk frå høgtalarane, og deilige dufter frå utallege krukker. Badedrakten blir bytta ut med eingongstrusa (Kva veg skal dette tøystykket med strikkar på??), og eg legg meg etter instruksjon ned på rygg, i eingongstrusa. Føler meg veldig kjekk. Men jenta er roleg, dekkar meg til som best ho kan med nokre handklé, og byrjar kna på beina. Grovt salt frå einellerannan stad skal fjerna alle daude hudceller, og eg skal bli som ny. 
Eg prøver å slappa av, og å kjenna etter, at det er godt å bli knadd. Men klarar ikkje heilt befri meg frå tanken på om ho skal gjera dette med heile meg? Altså - magen òg? Eg hatar at nokon tar meg på magen, blir kvalm at naveltouch, og alt det hud og flesk vil eg gjerne ha for meg sjølv. Men joda, ho har fått betalt for alt, og vil gi meg alt. Eg inntar ein slags utavmegsjølvtilstand trur eg. I alle fall ser eg meg sjølv ligga der og bli knadd. Som om eg får ein gynekologisk undersøkelse, også då litt sånn distansert frå meg sjølv. Men dette ser unekteleg betre ut. Og jenta, ho gjer jo berre jobben sin. Ho meinar eg bør ta meg tid til ein eigenbehandling ein gong i veka. Og det høyres unekteleg flott ut!
Og så er eg brått ferdig. Eg blir vist til dusjen, deilige lotions og hårkur og heile pakken; forsyn deg, ta gjerne ein tur i badstua etterpå, og nyt det! Og eg prøver. (Men skal no badedrakten på igjen? Kva med den merkelgege eingongstrusa, kor skal eg hoppa frå det eine til det andre?)
Eg trur kanskje at neste gong vil eg kunna nyta det endå meir. Då veit eg i alle fall kva eg skal gjennom. Og ikkje minst kva eg skal ha på meg kva tid. Og slik kan usikkerheten til ei uerfaren spa-besøkande Tårnfrid bli litt mindre. Dèt blir fint! For det skal bli fleire slike sjølvbortskjemmingstimar. Eg har tru på denne typen mentalhygiene.
Når ein berre får ro til å nyta det.  

lørdag 11. september 2010

Irriterande!

Det er nokre ting som er heilt usannsynleg irriterande. Uviktig, ubetydeleg, men likevel.. Aaaargh! Så helsikkens irriterande!!!

Som til dømes halvuinteressante TVprogram som eg blir sittande å sjå på somme seine kveldar. Til tross for at dei varer for lenge, og eg dermed ikkje får min etterlenga skjønnhetssøvn. - Og så sluttar dei heilt ubegripeleg teit, og eg bli sittande å måpa - for at eg har sutte og sett på dritet, og for at det går an å laga noko så meiningslaust idiotisk. Hin kvelden var det ungkarskvinnen eg blei sittande framfor. HERREGUUD!

Og så då, midt i TV-hjernenedsløvinga, kjem reklamen. Ofte irriterande i seg sjølv, men avogtil greitt til do-pausar. Og avogtil er det faktisk gode reklamar. Men altså; ho der dama i Gina Tricot-reklamen; kvifor må ho vera så utruleg kunstig brun? Ho er jo så fin, og reklamen i seg sjølv er heilt på linje med andre liknande reklamefilmar som det høver seg å ta toalettvisitten til. Men hallo; ser ikkje dei som lagar slikt at den fargen ikkje ser normal ut??

Og så har du sure butikkmedarbeidarar, dei som aller helst kunne tenkt seg å sleppa å snakka med kundar i det heile. Eller dei søte, kjekke, - som syns det er heilt greit å stå med ei jækla snusleppe bak disken! Kunne dei ikkje heller berre fyrt opp ein sigarett? Kor er dei som burde lært dei opp??

Og med det same eg er i butikken; sa ikkje Rema ein gong "det enkle er ofte det beste", og "kun lave priser"? No køyre dei på med "tre for to" og "to for ein". Og eg trur eg MÅ kjøpa tre liter Biola, sjølv om me berre drikk ein i veka, og eg veit dei kjem til å bli utgått på dato før eg får tømt dei..

Og ja; handlevogner med myntdeposit! Kven har mynt med seg no til dags?? Eg betalar i alle fall omtrent alltid med kort. Eg prøver å ha nokre tiarar til slikt, men rett som det er står eg der uten. Aaaaaaah! Då toppar det seg gjerne for meg når eg kjem ut frå butikken, med ein pose som er på nippet til å slita, og eg må tråkla meg mellom bilane som absolutt MÅ parkera nærast mogeleg - og helst i - døra!

À pro pos posar; er det mogeleg for SIM (eller kven det no er som har den oppgåva?) å bestilla pittelitt større maisposar til å ha i biobosset??? Eg slit i alle fall tre posar sund før eg får trædd nedpå ein som forblir heil oppi biobøtta. Mat for høgt blodtrykk!

Nei, det er godt at eg ikkje lar meg irritera like lett alle dagar. Og at me har mykje å le av her i verda òg. Vaksne folk i One-piece for eksempel!
Eg høyrte ein bekjend hadde blitt påspandert ein drink av ein mannleg C-, nei, D-kjendis kledd i dette praktiske plagget ute på restaurant på Vikjo her ein kveld!
Hehehehe, eg får herlege bilete i hovudet mitt! :-)

Den kjipaste mammo

- Ja, det blei visst meg.
Arvingen på ni har i dag vore i sin fjerde bursdagsfest med klassekameratar på ei veke, tre av dei klassefestar der heile klassen har vore inviterte. Kjekt og sosialt, og skikkeleg teambuilding for klassemiljøet. Men då det var duka for foreldremøte midtvegs i veka, føreslo eg at me kanskje kunne diskutera om me skulle gå for ein felles sum i gåvekonvolutten (ja, for alle niåringar ønskjer seg helst pengar). Vel, forslaget om diskusjon fekk ikkje voldsom respons, så etter nokre musestille lange sekundar, tok eg til orde igjen. Eg syns rett og slett ikkje at min niåring treng disponera toogeithalvt tusen kroner i ein konvolutt etter ein bursdag med klassekameratar. Det blir dessutan ganske dyrt å senda ungane avgarde i bursdag etter bursdag. Så kanskje det er nok med ein femtilapp? Litt i solidaritet med dei som kanskje ikkje har så voldsomt mykje å rutta med òg; Synd om det at mammo ikkje har råd til det nødvendige eingong skal gjera at podane blir holdt vekke frå sosiale happenings. Og igjen; er det nødvendig å gjera det å arrangera bursdagsfest til ei gullgruve for småttisar som er happy med tretti kroner i vekeløn..?
Vel, det blei ikkje noko diskusjon, anna enn at to-tre andre sa at jo, det var kanskje lurt å bli einig om noko. Men eg trur likevel det enda med at folk gjekk heim med inntrykket at det enda på ein femtilapp (-kanskje fordi det var einaste summen som blei nemnt..?) Eg gjekk i alle fall derifrå med ei kjensle av å vera skikkeleg kjip. Det hjalp lite at samboen heime påpeikte at femti kroner; det låg det jo på då me var ungar òg! Og så var det jo liksom veldig "convenient" for meg då, sidan min gut hadde feiring tre dagar før dette møtet. Endå godt han berre hadde gutabursdag..
Så no har eg altså gått nokre dagar og følt meg som verdas kjipaste.
Kjipt.
Men eg er like overbevist - om ikkje meir- om at det held i bøtter og spann med ein femtilapp når presangen skal vera reine pengar. Noko anna om ein kjøper noko; ein får jo "ingenting" for ein femitlapp.
Men for 24 femtilappar får ein jo litt.

Kva meinar du? 

onsdag 1. september 2010

"Gøbbedåvaremegvel, ska dåke ha da der òg?"

Me likar ting. Gamle ting. Mykje som andre (i alle fall foreldra våre) syns er skrot. Men kva gjer vel det?
Du har vel ikkje tenkt å hiva det der? 
- Dra det heim, kan jo henda det kjem til sin rett!
Det er vel ikkje alltid me har så veldig gjennomtenkte planar for interiøret.
Men me likar ting med historie.
Og kanskje, ein dag, blir det stil og orden i sakene her òg.
Tinga står klare rundtomkring i alle fall!
Hurra! Loppemarked!

tirsdag 31. august 2010

Touch me!

How can it be?
Believe me-e
the sun always shines on TV..

Med desse strofene opna showet på Brann stadion på laurdag.
(Vel, dette er mi tolking av teksten frå mitt minne - ofte stemmer ikkje songar heilt når eg får lesa teksten slik den eigentleg er. Men det kling alltid godt i mitt hovud!)
I alle fall; eg var der!
Eigentleg har eg aldri vore heilt fan av A-ha.
Men eg har likt musikken.
Hugsar godt første gong eg høyrte dei, på Fredagscirkus med Rita Westvik ein familiefredag, med mamma sin pizza på salongbordet, og colalighten i seidelen.
Dei var litt kule. -Tenk at nokre vanlege, norske gutar kunne laga ekta popmusikk! Og at dei tilogmed blei spelte i utlandet! Det var ganske tøft når eg såg plata deira i hyllene hjå dei store musikkbutikkane i London. Eg snakte høgt og tydeleg norsk då.
Men dei var jo ikkje akkurat George Michael, Madonna eller Bono heller.. Eg følte kanskje at det ikkje var heilt i tråd med mitt image å forguda dei der norske slitte-dongeri-og-lærreimar-oppover-armane-typane. Det kunne jo trass alt nesten vore naboane våre! Så konsertane deira har eg aldri vore på, og heller aldri kjent lysta noko særleg.

Men så var det denne Farwell touren då.
Hadde dei ikkje ein avskjedskonsert eller to i fjor òg..? -Utan at eg kjente meg kalla. Men så dukka dei altså opp på Brann stadion. Og eg tenkte at det hadde jo sikkert vore litt kjekt å sjå dei òg. Dei er jo trass alt eit av Noregs mest kjende artistar! Billettar fekk me tak i på heilt alminneleg vis, utan å måtta gå vegen om svartebørsen. Så då var det berre å hiva seg i bilen!

Og konserten var... Magisk!
Det er noko med det, når tusenvis av ekstatiske folk står samla rundt ein scene. Og det frå scenen dundrar song på song som alle kjenner, syng til (ja, ofte med eigne ord), dansar til, og har minner knytt til. 
Herlig! :-)

Må nesten nemna oppvarminga òg; Polkabjørn og Kleineheine var sjarmerande og humoristiske, og klarte seg like godt på ein så stor scene som i aluaen på HSH. Og Casiokids var kule, rockefoten fekk fart! 

lørdag 28. august 2010

Trim

Å trimma er alltid noko ein skulle gjort meir. Alltid.
Burde vore på spinning. Skullle eg ikkje byrja jogga? Ein tur, i det minste!?
Dårleg samvit for det eg ikkje gjer. Og desto større godkjensla når det endeleg blir gjort noko.
Periodevis er eg ganske flink, og trenar regelmessig.
Men det er ei stund sida no..
No er det unnskuldingane inni hovudet - om dårleg tid, for fint vêr, for stygt vêr og andre prioriteringar som får vinna.
Tidlegare var det jo litt fint vêr, og huset skulle malast. - Og faktisk - når eg tenkjer meg om, er det jo litt trim i å dra den malarkosten opp-ned-att-og-fram òg!
No er det stygt vêr. - Men du verden for eit rotete hus! Så då blir eventuell trim bytta ut med rydding. Er dét trim?
Og så er det jo jobben då. Oppstart om hausten, med ørten møter på kveldstid. Og i tillegg å følgje ungane på fotball og ballett, og kanskje prøva å få dei inn i ein litt betre rytme med leggetider og greier.. Veldig lett å ikkje få tid til det kroppen eigentleg har mest bruk for no, etter veker i feriemodus..
Eg har gode vener som faktisk ER flinke. Dei prøver innimellom å lokka meg med.
Og snart! Snart skal eg skjerpa meg! Snart får dei napp! :-)
Eg må berre få litt betre tid først.

lørdag 21. august 2010

Koseleg festival!

Smedholmen Live - ein liten del av Fitjarfestivalen 2010 - gjekk av stabelen i går kveld. Og eg var med!Smedholmen ligg ein pitteliten tur i båt utfor Fitjar, og ferda gjekk i skyssbåt. Eg har aldri vore der før, og fekk oppleva ein knallkoseleg stad! Nokre gamle velhaldne hus (i alle fall såg det slik ut i går), og store, flotte trer som omkransa ein for-anledningen-laga-grillservering og fantasktisk flott lyselilla bølgete bar. Og så var det ein stor, grøn bakke ned mot sjølve scenen, og denne hadde sjøen rett bak. Direkte vakkert!

Og så var det musikken då. Ovanfornemnte Kings of Convenience, som kom direkte frå Asia-turné, var rolege, fine, samstemte, humoristiske og sjarmerande på scenen. Og det to-manns store bandet gjorde lukke på Smedholmen òg! Så kom The New Wine på, bergensarar etter kva eg oppfatta, og skikkeleg bra! Og til slutt Kakkmaddafakka! Så fine, funky og sjarmerande på scenen, og knakande gode! Eg har høyrt om dei før, men ikkje høyrt dei. Det er eg gla eg har no! Sjølv falt eg veldig for dei nydeleg koreograferte korgutane, som hadde fullt program gjennom heile settet. Herleg! 

Åh, eg er så fornøgd når eg får med meg slike happeningar! At det regna litt under konsertane gjorde ikkje noko, eg hadde jo kledd meg for dèt. Og så kom trollkjerringane med lyn og torden når det heile var over, og me venta på tilbakeskyssbåten. - Og då fekk me jo testa om regnkleda tålte skikkeleg vestlandsvêr.. (Vel, trur ikkje det var mange som hadde særleg mange tørre flekkar igjen på kroppen!)   Men vêret kan me, som kjent, ikkje gjera noko med. Og opplevinga var uansett verd litt svømmehud mellom fingrane! :-)  

Litt bilder, tatt med svært våt mobil (tåler dei vatn??):

Kings of convenience.

"Mjødbenkjen", lilla, og med fine lampar på disken.
Kakkamaddafakka på scenen, med kor i aksjon.