onsdag 27. juli 2011

...

Danskebåten legg til kai. Me stimar saman i bilen, skrur på radioen med det same me køyrer av båten. Det er fredag den 22. juli 2011. Klokka er 15.33. Ein kjekk song er nett slutt. Radiodama stotrar, mumlar. Det har visst vore ein eksplosjon i by'n, seier ho. Ho set på ein ny song, i påvente av nyhende. Me hevar augebryna. Ser på kvarandre. Skiftar kanal på radioen, over til ein meir "seriøs". Her får me vita at det nett har eksplodert midt i regjeringskvaratlet i hovudstaden. Me ser på kvarandre igjen. Bomba? Terror? Mot litle Noreg?
Radioen fortel etter kvar som den får vita. Eg sit i passasjersetet og trykkjer meg gjennom nettaviser og faecbook medan radioen fortel det den veit. Stor eksplosjon, heile regjeringskvaralet er nesten knust. Fasadane på VG-huset er knust. Folk i Oslo er sjokkert. Vantru.
Så kjem meir nytt, no om skyting på ein politisk ungdomsleir. Det kan vel ikkje stemma? Radiostemma seier at det kjem inn meldingar frå fleire. Mange er skutt. Me ser på kvarandre. Skjer det verkeleg? Det er ikkje berre nokon som tullar? Eller misforstår ein dårleg filminnspeling? Nei, det går opp for oss at dette faktisk skjer.
Akkurat no, medan me køyrer der på vegen frå Kristiansand. Ungdommar kjempar for livet. Dei døyr. Dei har panikk. Foreldra får telefonar og sms'ar. Dei har panikk. Kan ikkje hjelpa. Må ikkje ringa tilbake, dei kan avsløra gøymestader. Politi og redningsmannskap jobbar på spreng. Ein gal mann skyt. Rett  mot unge, fine folk! Statsministeren er i sikkerheit. Men bygningar er knust. Folk blir skotne rett ned, nett no.
Kven gjer slikt? Nokon tek på seg ansvaret. Ekspertar uttalar seg. Ministrar seier dei må avventa. Facebookvener slenger ut diverse teoriar. Mange med rasistisk tilsnitt. "Jævla idiotar! Kom dåke heim og spreg i dåkas eige land!" - sa ein av dei første statusoppdateringane eg las av dette kaliberet. Eg trur ikkje me hadde kjørt forbi tollaren endå, ein gong. Men så får me høyra at han som skyt er kvit. Han er norsk. Han sprenger og skyt faktisk i sit eige land. På sitt eige folk. Eg går innpå facebook igjen. Statusen frå tidlegare er faktisk fjerna. Sikkert smart. Men eg hadde alt sett den. Andre også..
Dagen derpå, tal på omkomne, skadde og sakna er høgare enn me trudde var mogeleg. Folk er i sjokk. Landet er i sjokk. Verda støttar. Statsministeren talar igjen. Det same gjer både konge og andre ministrar. Dei snakkar om demokrati. Om å stå saman. Og folket støttar kvarandre.
Eit rørande samhald. Blomar, lys. Støtte. Omsorg. Midt i sterke skildringar frå dei som var der, som hadde nokon der, som mista eller som overlevde. Ein varme og omsorg som overraskar meg.
Som gjer meg stolt. Som kanskje kan gjer dagane som kjem litt lettare for dei som vart ramma.
Eg tenner lys. Eg går i tog. Eg grin. Snakkar med ungane. Forklarar, det som let seg forklara. Tenkjer på alle dei som har vore midt i det. På dei som har hatt sine midt i det. På redsel, panikk, sorg. Eg tenkjer på dei som står han som har gjort dette nær. Det gjer vondt.
Men det gjer godt å sjå korleis dette blir handtert.

mandag 25. juli 2011

Jenga

Eit kjempepopulært spel hos oss for nokre år sidan, var jenga.
Klossar i tårn, som me sirlig plukka ut og plasserte på toppen igjen. Taparen var den som velta tårnet til slutt. Så populært var det, at det forsvann frå huset, og kom aldri heim igjen. Og det blei visst aldri kjøpt inn igjen heller. På pøbb i england kom me ein gong over ein stor versjon av spelet. Dette var eit knallkjekt supplement til biljard og dart attmed pint'en!
Plutseleg ein dag no i vår, hadde min kjære sambo "snekra" vår eigen stor-versjon.

Kjekt for heile familien!

Tør du utfordra meg?

tirsdag 19. juli 2011

4 år!

I dag er det Litlaprinsesso sin tur!
Etter planen skal det feirast på ferieturen, nøye tenkt ut i mange månader. Og så seinare, sjølvsagt, med slekto.
Hurra for deg, stora litlajento!

tirsdag 12. juli 2011

Bryllaup

Eg skreiv tidlegare om brurekjolekikking. Vel, no er kjolen både kjøpt og brukt. Både brura og brudgommen var smashing, rett og slett, og bryllaupet fantastisk! Måtte dei leva lykkeleg i alle sine dagar!

 
Sjå då, kor fine!

Utdrikking blei det sjølvsagt også nokre veker tidlegare. Me var ein god, liten gjeng, og hadde det veldig kjekt! Eine posten på programmet var ei hinderløype på Ravnafloke i Sveio. Der fekk me utfordra både balanse, samarbeidsevna og konkurranseinstinkt.. Ravnafloke vil eg gjerne anbefala - ein plass med mange kjekke aktivitetar å velga mellom, flinke folk og  i fine omgjevnader. Sikkert også kjekt både til teambuilding og familiehappeningar!

Me hadde tema; campingliv.
Følte berre litt for å forklara den fargerike bekledningen..
Eg har brura under kontroll! :-)

lørdag 9. juli 2011

Godjento!

Hurra for storaprinsesso som blir 7 år i dag!
Ferdig med første klasse allerede, så klar for å bli stor! Rosa er ikkje lenger yndlingsfargen, og ho ønskjer seg mest av alt ein ny sykkel...
Feiring med klasseveninnner måtte sjølvsagt til, og det gjorde me unna rett før ferien for å få alle med. Veldig praktisk med feiring saman med veninna, som er to dagar yngre. Hos dei i år, til neste år blir det hos oss.
God kaka med sju lys, sjølvsagt.
Snille storebror stilte i underhaldningsbransjen for anledningen.

Gratulera med dagen i dag, snuppa!

fredag 8. juli 2011

Frå hagen

Har ein hus og hage, har ein arbeid livet ut. Seiest det. Og det stemmer for så vidt godt!
Eg har eit blomebed eg stundom er så stolt av. Nett no er det heisen vekst, og ikkje alt er slikt eg har planta. Heilskapen kunne med andre ord vore betre.
Men ein ting eg er svært nøgd med, er dei flotte peonene mine.
Sjå:

onsdag 6. juli 2011

Midtsommars passert!

Tida fyk SÅ fort! Og her på bloggen min fauk eg brått frå påske til sankthans.. 
Sankthans vart feira på leikeplassen saman med naboar, og ungane storkoste seg med leikar og bål. Eigentleg syns eg at bål og sankthansfeiring passar best nedi fjøra. Men det er ein tradisjon med feiring her på haugen. Og det er unekteleg koseleg!

Men det var den tida då..
Med berre ein stasjonær datamotor i huset, heilt nede i kjellaren, har eg ikkje makta følga opp blogglivet i vår. Har fått ein heil del kommentarar "på gato" om at eg har halde lenge på påsken, nokon saknar meg (og det er jo kjekt!).
Kan henda livet til denne bloggen er ferdiglevd. Kan henda det tek seg opp ein annan dag. Men det vil no visa seg. Daatamotoren står no her, i kjellaren. Lev sitt eige liv. Og det gjer for så vidt eg òg, der oppe! Sikkert mykje positivt med at eg ikkje sit framfor denne skjermen heile tida!

No er det i alle fall sommar!
Ferien starta i dag, og eg ser fram mot vekevis med slaraffenliv!