torsdag 29. juli 2010

God bok!

Ja, litt leenge sidan sist innlegg her no. Men det er jo ferietid (kjem tilbake til det seinare..). Og agurkane tek visst avisene seg av. Eg har i alle fall no endeleg hatt tid til å lesa anna enn fag og nødvendigheitar, og ramla meir eller mindre tilfeldig over ei knakande bra bok! Tilfeldig i så måte at dei berre hadde tre bøker å velga mellom på Jokeren i nærheten av hytta me besøkte sist veke, og dei andre to var i heilt feil sjangrar for meg der og då (barnebok eller husmorporno). Så då sa det seg i grunn sjølv. I tillegg var det nett sjangeren eg var ute etter å lesa slumrande på stranda; krim. Dessutan svensk.
Lovde bra.
Og boka var så spanande at eg var nagla (og muligens litt lite sosial ei stud der..). Nett so eg likar!
Altså; boktips frå meg, om du likar ein god krim:
Mørketall av Arne Dahl. Og timane fyk!

mandag 12. juli 2010

Bleieslutt

Endelig, etter nesten ni år med kontinuerleg bleieunge i hus, har eg no kjøpt min siste bleiepakke.
Litlaprinsesso har funne ut at det er betre å gå på do.
Herrrlig!!!
..Ikkje fullt så herlig når ho gløymer at ho har slutta..
Satsar på at det ikkje blir så mange gangene!

fredag 9. juli 2010

Hurra!!!

Storaprinsesso vår er 6 år i dag!
Oj, kor det har vore nedtelling, opptelling, planar og intensjonar for denne dagen.
Håpar den står til forventingane...
Hipp hurra og gratulera med dagen! 

torsdag 8. juli 2010

Ein porsjon nytelse

Mmmmmmmmmmmm.......... Endeleg er tida her! Tida for dei heilt himmelske, saftige, fyldige og mjuke norske jordbæra. Eg nyt kvar ein bit!
No er det jordbær til dessert kvar dag. Eller til lunsj. Eller kvelds. Aller helst med sukker og fløytemelk, men like gjerne au naturel. I alle fall; kvar dag.
Alt for mange seinsommardagar har eg stått i butikken, svolten på eit skikkeleg godt jordbær etter ei veke med å berre gå forbi. For så å ikkje finne dei! Eg leitar febrilsk, meir og meir panisk i blikket. Men nei, tida er nok forbi. Den vonbrotne dirringa i underleppa når dette først går opp for meg litt for seint, skal ikkje kjennast i år. Nei, i år skal det vera såpass at når eg registrerar at tida er omme, så er eg forsynt. Om no det er mogeleg..
Så no, altså, JORDBÆR!

søndag 4. juli 2010

Bryllaup

Eg likar bryllaup!
Og denne helga fekk eg vera med på eit! Eit nydeleg brurepar kom oppover kyrkjegolvet. Det er noko med den høgtidelege, eventyrlege og lukkelege stemninga. Om det er under kyrkjespiret, i ein pøbb eller under fri himmel; eg får frysningar, tårene trillar, hovudpersonane stråler, alle er glade..
Åh, bryllaup er kjekt!
Denne gong hadde brureparet med seg to stillige, sjølvlaga bruresveinar som sjarmerte alle på veg opp kyrkjegolvet med ei dokkevogn frå 50-talet. Det var så perfekt! Dei søte gutane fekk sin naturlege del av merksemda, utan at det gjekk ut over sukket i magen ved synet av den flotte brura eller den lukkelege brudgommen.
Fest og feiring, god mat og drikke, flotte, rørande talar med både alvor og humor, og fullt i kjekke folk! Heilt perfekt!
No gler eg meg til neste, eg skal nemlig få vera med på endå eit denne sommaren!
I mellomtida skal eg vaska lommatørkle'. Så er eg klar!