søndag 28. februar 2010

"E da nåken så har ein taburin i lommo?"








- Sitat Atle Hansen frå scenen under framføringa av bestillingsverket "The times they are a'changin", på Øyo 2010 i går. I tillegg til han, var det han sinte vepsen med den fina stemmo, ein imponerande Polkabjørn, den levande karaokemaskinen frå Shantyane, og ei jente med ei utulig stilig stemma. Og for ikkje å gløyme dei sjarmerande og dyktige gutane i Superbravo! - Og ein heil bråte andre musikarar herifrå. Eg lot meg imponera!

Me rusla inn tunnelen mot inngangen rett før Ingrid Olava gjekk på scenen. Det vil altså sei at me ikkje fekk noko plassering å skryta av. Byrja konsertopplevinga med å stå bak ei svart skinnjakke som lukta godt, men som var veldig varm. Men eg høyrte godt! Og såg masse fine folk! Og når eg bøyde meg ned, kunne eg faktisk skimta pianosyngedamo mellom beina til dei framfor meg (me stod på toppen av trappeamfiet, altså). I det Pogo Pops kom på, hadde eg klart å lirka meg innover mot rekkverket, slik at eg faktisk kunne sjå på Hammerslanden og Krügeren mens dei spelte fleire av melodiane som kunne vore soundtracket til gymnastida mi. Stas!

Musikkfesten på Rommetveit var utseld, og godt e da! Bra at folk møter opp når nokon arrangerer! Så mange flinke folk som spela, så stillig dei hadde gjort lokalitetane - å gå på do var jo ei oppleving i seg sjølv! Musikk, bilete, filmsnuttar, iskunst, servering.. Og masse kjekke folk!  Åh, så fornøgd eg er som fekk med meg denne opplevinga!

fredag 26. februar 2010

Positiviteten lenge leve!

Eg prøver i det aller lengsta å vera positiv! Prøver å la irritasjonsmoment, idiotar, håplause oppgåver og utfordingar gli forbi, utan å henga meg for mykje opp i dei, og utan å slå på klage-syte-sutre-kanalen. Prøver alltid å sjå etter noko positivt i situasjonen i staden. Eg vil i alle fall ikkje la meg vippa av pinnen av ting eg absolutt ikkje kan gjera noko med, slikt skal ikkje få øydelegga humøret mitt!
Som vêret for eksempel.
Må sei den sat noko langt inne, den positiviteten i dag. Opna ytterdøra før eg hadde fått meg frukost og kaffi, med morgontryne, vesker og motvillige ungar under armane, på veg til barnehagelevering og møte på jobben. Og der har det f*** meg kome ENDÅ meir snø i løpet av natta!!!! Følte meg i grunn heilt ferdig med snømåking eg no!
...Men da e god trim då!



 

Bilete tatt hin kvelden, etter endt måkeøkt. Slik at det skullle vera klart til neste morgon!

Geografikunnskap

Testa altså ut eit nytt innsovningstriks i går. 4 byar på kvar bokstav: Aberdeen.. Ankara.. Amerika, nei, Amsterdam.. Andeby. Det kom kjapt for ein dag, eller, natt, at geografikunnskapar ikkje er mi sterke side. Tidleg i alfabetet kom eg til at eg måtte la både statar og noko usikre bystatusar passera.
Frankfurt.. Freetown.. Florida.. Fitjar..
Nei, dette blei rett og slett for keisamt!
Takka meg te å ligga å la tankane vandra! Sovna no visst til slutt uansett.

Lakenskrekk

Eg kunne gjerne lagt meg saman med ungane i dag. Trøtt som ei fille på den tida. Men ambisjonane om å få gjort eit og anna som heng over pannebrusken hindra meg. I staden for å gjera noko av dèt - inkludert å sova - har eg tilbrakt kvelden i sofaen under det fine raude pleddet. Lest aviser og ukeblad, mens jentene i fjernsynet tok gull (HURRA!). Og no har eg vakna til. Hm. Kanskje eg skal opna pannebrusken og ausa av oppgåver? Eller heller koma meg til køys? Kjennes så bortkasta å ligga der å mysa når eg heller kunne gjort noko vetigt.. Nei, trur faktisk eg skal innta dyna likevel. Fekk jo faktisk eit tips i ukebladet om det å ikkje få sova. I staden for telling av sauer o.l. kan ein ramsa opp 4 byar for kvar bokstav i alfabetet, utan distraksjonar og avsporingar. Må testast! Så får me sjå kva bokstav eg kjem til...

onsdag 24. februar 2010

"Tass- tass- tass..."


Det hender eg høyrer lyden i mørkret. Halvt i søvne.

"Mamma", kviskar ei lita stemme. "Kan eg få kosa med deg?". Eg er for trøtt til å protestera. Så ligg me der då. I halvsøvne. Koselig. Men trangt.

Søv litt, lett-tungt, heilt til ein liten fot landar rett over nasa, eller midt på skinnleggen. Uh!

Men varmen frå ein liten kropp, den rytmiske, rolege pusten er beroliggande. Så søv eg igjen. Lett-tungt-lett.

Oj, der har visst endå ein liten person kome til i senga. Og kva er den varme bylten nede ved foten? Fem i breidda no; to store, tre små.

Om eg klarar å mobilisera eit "Nei, gå tilbake i di seng!", får eg nokre utruleg store, blanke augo i meg, akkompagnert av eit sårt "jamen, mamma, du e jo så mjuk!". Og så ligge me der igjen då. Søv litt, lett-tungt- lett-tungt. Vaken.
Samanhengande søvn er for pyser!

lørdag 20. februar 2010

Nyblogga

Ja... Så fekk eg min heilt eigen blogg! Det er med litt skepsis eg gjer dette. Hovudsakleg fordi eg veit eg no får endå meir lite matnyttig å bruka tida på. Og det gjer eg jo i grunn nok som det er!
Etter at eg har skrive dei linjene eg skal i oppgåver eller jobb, svart på dei epostar eg skal, sjekka innom avisene, og sjølvsagt facen, blar eg gjennom blogglista under favorittane mine. Har nokre bloggar eg les dagleg. Dei har blitt ein del av "skal-berre-nett-kikka-litt-her-òg-før-eg-legge-meg"-rutinen. Eg slår dei opp berre fordi dei skriv så godt. Eller har så fine bilete. Eller er engasjerande. Eller kjende.. Kjem an på kva eg føler for. Vil eg sjå noko fint? Vil eg le? Vil eg grina? Vil eg bli frista? Uansett, eg vil tydelegvis bruka meir tid framfor denne skjermen. For her er eg!