tirsdag 31. august 2010

Touch me!

How can it be?
Believe me-e
the sun always shines on TV..

Med desse strofene opna showet på Brann stadion på laurdag.
(Vel, dette er mi tolking av teksten frå mitt minne - ofte stemmer ikkje songar heilt når eg får lesa teksten slik den eigentleg er. Men det kling alltid godt i mitt hovud!)
I alle fall; eg var der!
Eigentleg har eg aldri vore heilt fan av A-ha.
Men eg har likt musikken.
Hugsar godt første gong eg høyrte dei, på Fredagscirkus med Rita Westvik ein familiefredag, med mamma sin pizza på salongbordet, og colalighten i seidelen.
Dei var litt kule. -Tenk at nokre vanlege, norske gutar kunne laga ekta popmusikk! Og at dei tilogmed blei spelte i utlandet! Det var ganske tøft når eg såg plata deira i hyllene hjå dei store musikkbutikkane i London. Eg snakte høgt og tydeleg norsk då.
Men dei var jo ikkje akkurat George Michael, Madonna eller Bono heller.. Eg følte kanskje at det ikkje var heilt i tråd med mitt image å forguda dei der norske slitte-dongeri-og-lærreimar-oppover-armane-typane. Det kunne jo trass alt nesten vore naboane våre! Så konsertane deira har eg aldri vore på, og heller aldri kjent lysta noko særleg.

Men så var det denne Farwell touren då.
Hadde dei ikkje ein avskjedskonsert eller to i fjor òg..? -Utan at eg kjente meg kalla. Men så dukka dei altså opp på Brann stadion. Og eg tenkte at det hadde jo sikkert vore litt kjekt å sjå dei òg. Dei er jo trass alt eit av Noregs mest kjende artistar! Billettar fekk me tak i på heilt alminneleg vis, utan å måtta gå vegen om svartebørsen. Så då var det berre å hiva seg i bilen!

Og konserten var... Magisk!
Det er noko med det, når tusenvis av ekstatiske folk står samla rundt ein scene. Og det frå scenen dundrar song på song som alle kjenner, syng til (ja, ofte med eigne ord), dansar til, og har minner knytt til. 
Herlig! :-)

Må nesten nemna oppvarminga òg; Polkabjørn og Kleineheine var sjarmerande og humoristiske, og klarte seg like godt på ein så stor scene som i aluaen på HSH. Og Casiokids var kule, rockefoten fekk fart! 

lørdag 28. august 2010

Trim

Å trimma er alltid noko ein skulle gjort meir. Alltid.
Burde vore på spinning. Skullle eg ikkje byrja jogga? Ein tur, i det minste!?
Dårleg samvit for det eg ikkje gjer. Og desto større godkjensla når det endeleg blir gjort noko.
Periodevis er eg ganske flink, og trenar regelmessig.
Men det er ei stund sida no..
No er det unnskuldingane inni hovudet - om dårleg tid, for fint vêr, for stygt vêr og andre prioriteringar som får vinna.
Tidlegare var det jo litt fint vêr, og huset skulle malast. - Og faktisk - når eg tenkjer meg om, er det jo litt trim i å dra den malarkosten opp-ned-att-og-fram òg!
No er det stygt vêr. - Men du verden for eit rotete hus! Så då blir eventuell trim bytta ut med rydding. Er dét trim?
Og så er det jo jobben då. Oppstart om hausten, med ørten møter på kveldstid. Og i tillegg å følgje ungane på fotball og ballett, og kanskje prøva å få dei inn i ein litt betre rytme med leggetider og greier.. Veldig lett å ikkje få tid til det kroppen eigentleg har mest bruk for no, etter veker i feriemodus..
Eg har gode vener som faktisk ER flinke. Dei prøver innimellom å lokka meg med.
Og snart! Snart skal eg skjerpa meg! Snart får dei napp! :-)
Eg må berre få litt betre tid først.

lørdag 21. august 2010

Koseleg festival!

Smedholmen Live - ein liten del av Fitjarfestivalen 2010 - gjekk av stabelen i går kveld. Og eg var med!Smedholmen ligg ein pitteliten tur i båt utfor Fitjar, og ferda gjekk i skyssbåt. Eg har aldri vore der før, og fekk oppleva ein knallkoseleg stad! Nokre gamle velhaldne hus (i alle fall såg det slik ut i går), og store, flotte trer som omkransa ein for-anledningen-laga-grillservering og fantasktisk flott lyselilla bølgete bar. Og så var det ein stor, grøn bakke ned mot sjølve scenen, og denne hadde sjøen rett bak. Direkte vakkert!

Og så var det musikken då. Ovanfornemnte Kings of Convenience, som kom direkte frå Asia-turné, var rolege, fine, samstemte, humoristiske og sjarmerande på scenen. Og det to-manns store bandet gjorde lukke på Smedholmen òg! Så kom The New Wine på, bergensarar etter kva eg oppfatta, og skikkeleg bra! Og til slutt Kakkmaddafakka! Så fine, funky og sjarmerande på scenen, og knakande gode! Eg har høyrt om dei før, men ikkje høyrt dei. Det er eg gla eg har no! Sjølv falt eg veldig for dei nydeleg koreograferte korgutane, som hadde fullt program gjennom heile settet. Herleg! 

Åh, eg er så fornøgd når eg får med meg slike happeningar! At det regna litt under konsertane gjorde ikkje noko, eg hadde jo kledd meg for dèt. Og så kom trollkjerringane med lyn og torden når det heile var over, og me venta på tilbakeskyssbåten. - Og då fekk me jo testa om regnkleda tålte skikkeleg vestlandsvêr.. (Vel, trur ikkje det var mange som hadde særleg mange tørre flekkar igjen på kroppen!)   Men vêret kan me, som kjent, ikkje gjera noko med. Og opplevinga var uansett verd litt svømmehud mellom fingrane! :-)  

Litt bilder, tatt med svært våt mobil (tåler dei vatn??):

Kings of convenience.

"Mjødbenkjen", lilla, og med fine lampar på disken.
Kakkamaddafakka på scenen, med kor i aksjon.

onsdag 18. august 2010

Første skuledag!

Etter dagar (og år!) med nedteljing er dagen endeleg komen. Første skuledag!
Spent jente dressar seg opp, og går ivrig avgårde på skulevegen. Først eit skritt framfor mammo. Så, når me har skulen rett framfor oss, rett ved sida av, med neven trygt inni mamma si. Skuleplassen er fylt av forventningsfulle seksåringar og stolte foreldre med fotoapparat. No er det alvor.
Ranselen, eigenhandig utplukka på shopping med mormor, og alt innhaldet som har vore framvist ved så mange høve, har omsider fått ei "ekte" rolle. Matboks og matchande drikkeflaske er fylt, og alle fargeblyantane kan endeleg innviast. Mange tankar og spørsmål kan omsider få sine svar. - Kva heiter dei andre i klassen? Er dei kjekke? Kven skal eg sitja attmed? Kva tid får me lekser? Er lærarane snille? Kva skal me leika i friminutta? Vil nokon leika med meg i friminutta?
- Åh, det er spanande tider! -

Båttursommarkviss

Me har starta oss ein tradisjon på båttur. Ja, for det er vel ein tradisjon når me har gjort det to år på rad?
I alle fall; når ungane ligg i køya, og me to vaksne sit på akterdekk med irish coffee og berre kvarande, då må me jo finna på noko for å ha det litt kjekt. Og ein har jo, som kjend, ikkje meir morro enn ein lagar sjølv! Så då lagar me båttursommarkviss! SMS og MMS er gode verktøy, og nokre av våre vener og familie får delta.
Og ingen har det vel meir løye enn oss som kokar i hop oppgåvene!
I fjor var det mykje "Kor-er-me-no""-type oppgåver. I år har me utvida pittelitt, og putta inn nokre andre vriar (mykje fordi me ikkje flytta på skroget kvar dag, men sjølvsagt ville kommunisera med omverda likevel). Løgnast har me det når me spelar inn lydsignala for feil eller rett svar. Synd eg ikkje klarar å legga dei ut her.. (Når det er sagt, er det for så vidt kanskje ikkje sÅ løgne for andre, tatt ut av både omgjevnader og samanheng)..
Her er eit par hint og oppgåver me sendte ut i år:

  • Kor har me tatt turen no? Hint; sjå bilete.
Svaret var sjølvsagt Avløypet i fitjarøyane.

  • Kva låt er hovudsoundtrack for årets sommarbåttur? Hint; sjå bilete:
Her kunne ein be om ekstra hint hjå "Tipstenesta". Hint nr. to var "DIO". Og då seier det seg i alle fall sjølv;
Holy Diver!

  •  I dagens oppgåve vil me fram til ein delikat middagsrett, ypparleg på båttur. Hint: nokon har ein gong sunge: "Ein .... er sterkare enn krut". Om behov for ekstra hint frå Tipstenesta, sjå bilete;
Joikakaker, så klart!
(for øvrig kjøpt inn for anledningen, og framleis godt plassert bakerst i ei skuff i bysso)

Kvissen blei som sagt send ut til nokre av våre kjende og kjære, og den vart fort vidgjeten og etterspurd, faktisk frå fleire verdensdelar! Ein av deltakarane sa endåtil at dette var "dagens høgdepunkt", og me fekk tilbakemeldingar på at her var heile familiar involverte. 
Så slik kan altså eiga morro gjerast til andre si morro òg! :-)

No er det visstnok knytt spaning til kven som vinn premien etter kvissen, og ikkje minst kva premien blir.
Mulig eg kjem attende til det her ved ein seinare anledning. 

onsdag 11. august 2010

Sommarferien 2010

Jammen går tida fort når ein har det kjekt! Og ferie og fritid blir lett kjekt!
Vår ferie har kort fortalt bestått av hyttetur ved sørvestlandskysten, tur til Dyreparken i Kristiansand, båttur i Sunnhordlandsbassenget, Ålesund-weekend med bryllaup, og innimellom der innom heimen for ompakking og vasking av kler. No er me inne i siste ferieveka, og me sullar rundt heime. Deilig det òg!

Her er sommarferien 2010 oppsummert i bilete:
Bursdag på ferie! Hurra-hurra, 3 år blir feira med kaka, presangar og kos!

Hmm.. Regn! Etter ei lita stund blei hytta litt for liten. Så då blei det stein-safari på stranda.
Kven kan finna seks steinar i ulike fargar? Kven kan finna den "mjukaste" steinen? 
 
Og sol! Fin jærstrand, svømmebriller og badelyst. Her får me presentert dykking av litladokko.

Tømmerrenna i dyreparken. Kjekt å sjå på òg!

Eg i lett passiar med sjølvaste politimeister Bastian i Kardemommeby. Hyggjeleg kar!

Kos på akterdekk undervegs. Veldig lett å sovna til motordur!

Fint å snorkla! Og endo finare med våtdrakt!

Bursdag på båtferie. Men vanleg prosedyre med vekking med song og presangar uansett.
Hurra for 9-åringen!

Planlegging av neste dags etappe. Kvar skal turen gå vidare..? Fine kveldar!

Me var tilfeldigvis i same hamn som eit sirkus ein kveld. Så då blei det klovnar og moro!

Ålesund. Flott by! Flott bryllaup! Herlig helg!

Så det var vår sommarferie!
Kort oppsummert.
(Snart er det jul!)