fredag 30. april 2010

Tilbake til det vanlege

Ja, så hadde kvardagen innhenta meg igjen! Jobbing, ungar, middag som ingen vil eta, eksamenslesing og "må-koma-meg-i-gong-igjen-med-skrivinga-no-samvittingheten".. Uff, når eg skriv det slik, ser eg at kvardagen ikkje ser heilt bra ut. Men det er den altså! For eg likar jo dette livet! (reint bortsett frå "likar ikkje" når eg har laga middag..).
Guatemalareisa verkar vera eit heilt fjernt minne, nesten ein draum.

Mange spør korleis eg har hatt det på tur, og eg kan ikkje sei anna enn at det har vore fantastisk. "Fortell då!", seier dei. Men kor skal eg begynna? Eg seier at dei får koma og sjå bileta, så kan eg heller fortelja utifrå det. Legg ut nokre her, som ei avrundinga av Guatemala-epoken i mitt liv.
For denne gong, forhåpentlegvis.

Marknadsdag framfor kykja i Comalapa.

Handel av blomar og tekstil.

Muren på sida av vegen inn mot Comalapa er dekorert av maleri som syner historia til landet. Lokal ungdom holdt på å friska opp malinga då me reiste heim.

Lokaltransport. Tuk-tuk og chickenbus passerer Hotel Piscaya i Comalapa.

Tuk-tuken frå innsida. Tre Quetzaler per pers (ca. Kr 2,10) for ein tur.

Ferja mot Monterrico klar for avgang.
40 minuttar på floden, med ein 25-hestars påhengs som drivkraft.

Solnedgang i Stillehavet sett frå hengekøya.

På veg hit eller dit nok ein fin kveld. Leigde ein lokal sjåfør med bil som frakta oss trygt rundt i landet. Mindre trygt når dròget av eit vogntog, full-lasta av sukkerrør (nokre hakk lenger framfor) køyrde forbi oss.

Eg besøker galleriet til Oscar Pèren, kjend kunstnar i Comalapa, og møter kunstnaren sjølv. Kjøpte to små, fargerike bilete.

Heimebesøk med lunsj og tekstilkjøp. Eg blei prøvekanin, og dei fekk bevist at tradisjonelle kler også passar til norske storleikar.
 
Meir marknad. Her kjøper folk alt dei treng. Og ber det heim i store korger på hovudet.

søndag 25. april 2010

Borte bra, men heime best!

Dette skiltet heng over døra heime. Vart kjøpt og montert av Sambo etter det eg trur var ein av hans jobbturar med stor heimlengt. I alle fall, dette var det første som møtte meg når eg ganske utslitt sette alle pakkenellikane på trappa etter 34 timarreisa heim. Og må sei det føltes deilig å vera der igjen!

Når det er sagt, var me utruleg heldige med turen! Såg ikkje snurten til ei einaste oskesky. Og støste utfordringa var då me kom eit halv minutt for seint til halv tolv-ferja heim. Skal sei den halvannan timen ekstra ventetid var lang! - Godt dei har ope på kaien på Os ein sein fredagskveld! 

Men no har eg landa. Kost med familie og vener i helga, og er forsåvidt klar for full fres med kvardag igjen i  morgon  tidleg. Spørs berre om det blir så mykje spanande å melda om her då...

fredag 23. april 2010

På vent


Sjå der! Der var han igjen, japanaren med det litle kameraet. Han syns tydelegvis at flyplasslivet er hakket meir interessant enn meg. Med til saman 11 timar effektiv flyplassventetid, fordelt på tre flyplassar i tre land, må eg visst sjå om eg ikkje klarar å mobilisera litt meir flyplassentusiasme eg òg.. Har inntatt ein god utgangsposisjon i enden av ein grøn filtsofa. Handbagasjen er strødd rundt meg, eg har eigen musikk frå mp3'en på øyra. Og eg har god utsikt. Nokre kjem, andre er på veg vekk. Avskjedar og velkomst. Litt rørande å iaktta òg. Ymse bekledningar, alt frå shabby joggings til nær galla. Nokre hastar avgårde, andre har som meg ekstremt god tid. Og der har jammen japanaren fanga meg på kamera igjen!
Trur eg skal kikka litt i butikkane no. Og så finna meg noko å drikka. Så er det kanskje tid for boarding..

torsdag 22. april 2010

Siste rest


Siste dagen i dette landet køyrde me frå comalapa til panajachel. Flott køyretur i svært kupert terreng. Skråningar fire gonger høgare enn uføro, med kvitmalte steinar som einaste trafikksikringstiltak. Innsjøen Atitlan er omkransa av sju vulkanar, og små byar ligg ved føtene. Me tok ein båttur og besøkte tre av dei, i tillegg til Pana, der me hadde booka oss inn på flott hotell. Siste dagen blei såleis ein ein herleg dag. Endå nye intrykk og god stemning! Og mykje til salgs her òg.. No sit me klar på første fly. Er spent på om islandske vulkanar kjem til å få noko innverknad på reisa vår. Viss ikkje, er me heime om ca 26 timar..

tirsdag 20. april 2010

Ikkje for dei fintfølande!


Dette innlegget bør du ikkje lesa om du er litt nèm. Det handlar nemlig om magasjau! Etter seks dagar med ekta rennaskjeta, gjekk eg i dag til lege her i byn. Fleire av dei andre norske har òg slite med det same. Me har kategorisert det som reisemage, altså at magen ikkje heilt taklar det nye miljøet. Og på ein måte var det jo dét. Eg hadde nemlig fått amøber i magen! Blir litt meir kvalm berre av tanken! Men søte herr doktor føreskreiv noko vidundermiddel, og allerede i morgon skal kuren vera overstått. Så då håpar eg at systemet er tilbake til normalen igjen når eg set meg på fly heimover om to dagar! Om det går noko fly då...

"Eg kjøper ikkje så mykje, men veldig mykje blir solgt til meg.."


Dette utsagnet kom frå vår lokalkjende medreisande i dag. Like før hadde ei maya-kvinne solgt henne nok eit tradisjonelt handvevd belte. Eg syns desse orda passa veldig godt også for meg. Eg har eit par av dei belta med i bagasjen eg òg. Sannsynlegvis vil dei aldri igjen bli brukt som belte. Men flott handarbeid er det, og til ein pris som ikkje ein gong hadde halde til tråden heime. For ikkje å snakke om arbeidspengane! Og når eg først er i gong med handel; det må jo fordelast likt! No har det førebels blitt ei overvekt av jentegreier. Så då må eg vera på utkikk etter noko til gutane vidare. Kan jo ikkje risikera at by-blom-fordelinga blir urettferdig! Biletet er eit lite utval av gode sal til meg på denne turen.

mandag 19. april 2010

Hell og lukke


Fann denne her firkløveren ein dag. Trur den har vore til nytte i dag! Har nemlig vore del av traffikken her i halve dag. Hadde ein herleg og flink sjåfør sjølv, men det hjelp lite når 'alle' andre køyrer som idiotar! Eller, jo det hjelp faktisk litt. Me kom jo heilskinna fram! Eg først ivrig med i baksetet. Men det blei fort anstrengande å 'bremsa' og følga med i blindsona, så eg fann det best å lukka augo og lytta til sjåførens utvalde musikk i staden for å halda pusten kvar gong nokon køyrde forbi oss eller andre. - Gjerne med lasteplanet fullt av folk, og rett før ein bakketopp. Vel, me kom ikkje borti nokre ulukker, og fram kom me. Så anten det var sjåføren, firkløveren eller kanskje mayaseremonien for nokre dagar sidan som hadde effekt, føler eg meg i alle fall litt heldig no.

søndag 18. april 2010

Vanesak


Ditta livet kan eg lett venna meg te! Dagen i dag oppsummert: morgontur på stranda. Svømmetur i bassenget. Solseng. Parasoll. Daiquiri. Lesestoff. Boblebad. Reker i kvitløk. Meir daiquiri og liknande. Leik i bølgene. Og så alt ein gong te. Fint med litt ferie òg ja!

lørdag 17. april 2010

D-ferja?


På vegen mot stillehavskysten, nesten framme i Monterrico, kom me til ei elv som måtte forserast. No problem! Ferja gjekk når den var full. Og det var den i det me kjørte ombord. Ein 25 hestars gav kraft til forflytninga, og når eg stod bak bilen, var turen nesten lydlaus. Pelikan-liknande fuglar langs mangrovene fulgte med oss. Det einaste som mangla var krokodillar! Vel framme på hotellet fann eg kjapt fram badedrakten. Bølgene i sjøen var enorme, så eg måtte holda meg i strandkanten. Men føtna fekk kjenna på stillehavet altså! Og så er her eit fint basseng. Omtrent på stranda. Heilt topp, når gradestokken visar 38 grader! :)

fredag 16. april 2010

Blant fiffen


I dag har me bevega oss i dei meir sofistikerte rekker. Begynte med internasjonal konferanse om urfolk sine rettar på den mexicanske ambassade i guatemala city. Fredsprisvinnaren Rigoberta Menccu var ein av deltakarane. Kloke og engasjerte folk snakka i vel to timar. På spansk. Så eg fekk god tid til å studera både folka og omgjevnadane rundt.. Etterpå var me inviterte til den norske ambassadøren på lunsj. Innfor godt vokta portar og høge gjerder låg eit heilt byggefelt med flotte hus og strigla gater. Og her låg altså den Kongelige Norske Ambassade. Den royale løva prega både bestikk, service og glas. Ambassadøren var ein flott vert, og maten var sjølvsagt eksepsjonell. Og sjåføren vår var like velkomen til bords som oss! Trur nok kontrasten til hans vanlege lunsjar var endå større for han enn for oss..

torsdag 15. april 2010

Velsigna


I dag har me vore så heldige å få vera med på ein mayaseremoni. Iximche er visst den mest heilage mayastaden her. Ruinane etter denne gamle hovudstaden ligg vakkert til, og var ei flott ramme rundt seremonien. Me vart reinsa og velsigna, reisa vår vart velsigna, og me minna våre forfedre. Ordføraren i comalapa og kåna blei òg velsigna og veileda, og maktene jord, vatn, ild og luft fekk sine offergaver. Ordføraren fekk òg beskjed om å ikkje bygga nye ting før maktene var konferert, elles ville det antagelig gå dårlig. Det var utruleg flott å vera med på dette. Stemningsfullt, nesten litt magisk! Og dessuten er eg no rein, etter å ha blitt vaska med greiner og bøner. Og rom har både reinska meg innvendig og blitt ofra på bålet.

onsdag 14. april 2010

Hektisk


Tirsdag er stor marknadsdag her i Comalapa. Så alle vegar me har vore i dag, har me gått gjennom gater som dette. Eg sug til meg av lydar, lukter og stemning. Så fascinerande! Programmet for dagen har vore tett, men eg vil prøva å memorera alt eg har opplevd i dag: frukost hos kaffibonden/ møbelsnekkeren. Besøk på førskule som dreiv flaskeinnsamling. Besøk på komposteringsprosjekt. Besøk på stormøte mellom kvinnegrupper. Kommunemøte i kommunehuset. Lunsj hos familien til fredskorpser. Nettkafé med sjekk av mail, facen og avisene. Konsert med barneorkester. Middag med vennskapskomitéen. Prøvesmaking av 23 års lagra rom... Ja, det var faktisk dagen oppsummert. Sova no, full gass igjen i morgon!

tirsdag 13. april 2010

Hompetitten


Å sitta bakpå ein pick-up i solskin såg idyllisk ut. Men ein times tur på landeveien i guatemala blei sterk kost for ei sart rompa som ikkje var heilt restituert etter 24timarsflyreisa nokre dagar tidlegare. Men det var artig! Fekk sjå lokalt jordbruk, minikioskar midt i ingenmannsland, og arbeidsfolk med tunge bør på hovudet langs vegen. Og hadde dessutan godt selskap på planet! :) Turen gjekk til to kvinnegrupper som fekk læra å lesa og skriva. Vaksne, flotte bondekvinner som ikkje hadde fått anledning til å læra denne kunsten tidlegare i livet. Dei hadde enkle kår, men så stort pågangsmot og vilje. Herlege små ungar hang på, dei var forundra over desse rare folka som kom på besøk! Sterke inntrykk å få i dette landet!

mandag 12. april 2010

Loppesirkus


Mykje her er svært annleis enn heime. Hygiene til dømes. Og kriminalitet. Las ein plass om kor mange drap her var kvar dag, men det har eg fortrengt. Mogeleg det høge talet har ein samanheng med at sjølv kjøleskapet på lokal-supern er vokta av ein med maskingevær? Vel, me utlendingar er i alle fall mykje opptekne av å alltid gå i lag med andre for å, om mogeleg, førebygga eventuelle overfall o.l. Det er òg mykje snakk om reinslegheit og bakterieflora. Og dertil tilhøyrande lopper og diaré. Har kome til Comalapa i dag, og hotellstandarden er i ein annan klasse enn der me budde i Antigua. Så no har eg rigga meg til med lakenpose og medbrakt pledd, og er klar for og første natt her. Var invitert heim til ein lokal familie på kvelds, men maten verka vera gjenomsteikt. Og god var den! Likevel, i tilfelle rottefelle, har eg no både diarémedisin og antikløemiddel klar til i morgon.. Biletet over er utsikten frå toppetg på hotellet ved ankomst. Gata utfor var då yrande av comalapensarar på marknad, og her var alt frå vekkerklokker, felg-grillar og høner å få kjøpt.

søndag 11. april 2010

Antigua


Dette er utsikten eg vakna til i dag! Vulkanen har forholde seg roleg heile dagen, medan eg har tutla gatelangs i denne vakre byen. Trange, steinlagde gater, og fargerike men slitte murbygningar som omkransar fantastiske bakhagar. Marked, folk, lukter, lydar. Masse inntrykk. Makalaust!

lørdag 10. april 2010

'Døgna'


No har eg 'døgna', dvs unnlatt å sova det sista døgeret. Er ikkje mange gonger eg har gjort det frivillig. I alle fall ikkje sidan russetida. Forstår ikkje heilt det store i det, sjølv om eg anser meg for å vera litt ungdom - i sinn i alle fall! Men no har eg altså forflytta meg ganske langt då! Berre sjå på bilete av skjermen på fly to av tre. Løye òg, å vera på reis! Veldig mange underhaldande folk å betrakta. Og så er det jo flymaten. Og underhaldning på skjermen, kjekt mykje å velga i! Sett tre filmar i natt, spelt backgammon og golf. Og glodd!:)

fredag 9. april 2010

På reis


Skuggen av flyet i det me går inn for mellomlanding i amsterdam. Lurte ei lita stund på om me skulle landa på sjølvaste vegen, men det blei ikkje noko av. No er eg på vei inn i nytt fly som skal fyka oss øve atlanteren. Det har namnet Moder Teresa. Lover bra. Trur eg..

tirsdag 6. april 2010

Guatemala

Eg skal på tur! Comalapa i Guatemala er Stord kommune sin venskapskommune, og eg er no så heldig å få lov til å reisa dit i to veker. To personar deifrå er her no, og skal bu og jobba her i halvanna år. Noko av tida skal dei vera med oss i vårt arbeid med rusførebyggjing. Kanskje me driv noko som dei kan dra nytte av i sitt heimland på dette området? I alle fall, no skal eg og ein kollega på ekskursjon!

Dette er ein heilt ny verdsdel for meg! Det blir spanande, eksotisk, og eg veit i grunn ikkje heilt kva eg skal forventa meg.. Har hatt det så hektisk no før påske, så eg har i grunn ikkje tenkt så mykje på det. Men no er det plutseleg nesten avreise, og eg kjenner sommarfuglane begynnar å livna til. Prøver å førebu meg litt. Så då ser eg på kartet..

mandag 5. april 2010

Det gjorde godt!

Så var påskeferien over for i år. Det er ikkje til å legga under ein stol at det er deilig med fri! Me har nytt hyttelivet. Snudd på døgeret, sett koseleg barne-tv til langt på dag, ete og drukke godt, og hatt og fått besøk. Det har vore kos! I alle fall så lenge toalettforholda var akseptable..

No er det berre ein fridag igjen før kvardagen tek oss. Den må nok brukast til opp-pakking og å koma seg på plass igjen. For du hendelse kor mykje me dreg med oss! No flyt huset over av redningsvestar, skitne sokkar, halvleste ukebla' og fuktige handkle. Vaskemaskinen går seg nok varm i morgon!

Litt bilete frå påskeferien vår..

Jepp, blei jammen litt "påske-verkstad" på hytto. Jentene malte eggaskalet etter frukosten, og vips, så hadde me koselege telys å pynta med!
Litladokko har ein liten time-out framfor fjernsynet mens resten av gjengen leikar i fjøra. På bordet, praktisk og komfortabelt nok.
Nam-nam, godkjent innhald i påskeegga som Påskeharen hadde lagt ut.
Gullungane på båttur langs Bømlalandet.