mandag 28. februar 2011

Riga


Førre jula var særs innbringande. Tidenes beste julegåve frå Samboen låg kjekt innpakka under juletreet; flybillettar og hotell booka siste helga i februar, til Riga! Og dei potensielle barnevaktane sat jo rundt meg når den vart opna, så der var dèt setla (TAKK!!!)!


Eg har altså hatt god tid til å gle meg. Og endeleg var altså februar kome til endes, og det var dags for weekendtur med kjærasten!

Vintervêret i Riga vart sjekka ut før avreise, så stillongs, ullsokkar og bestahuo var med i kofferten. Så då var me klare for å ta føre oss gatene. - Og dei var fine!

Me hadde ingen ting me skulle, berre trakka rundt. Tutla rundt hushjørna, innom ein kafè når me vart litt kalde, svoltne, trøtte i beina eller tørste. Og innimellom innom kyrkjer, marknad,, butikkar, utstilling og anna me ramla over. Utruleg kjekt!

Det me truleg kjem til å hugsa best, er ei utstilling me såg reklameplakatar for, og som me trossa ein lang kø for å sjå; Bodies Revealed. Det var altså ei studie i menneskekroppen - med utstillng av ekte menneskekroppar, plukka i frå kvarandre! Fantastisk fascinerande, faktisk verd heile turen åleine! Ja, eg veit, det høyres makabert ut når eg prøver å fortelja, så sjekk heller ut nettstaden her.  

Eine restauranten me vitja, ein middelalderkjellar med middelaldermeny, middelaldermusikk, berre levande lys og heilt spesiell stemning må òg nemnast. Knallgod mat, og ganske så stilig plass

Drinkane på skyline bar i toppen av SAS-hotellet kan sikkert òg få ein plass her - og heisen opp og ned igjen! Likeeins det stora markedet. Og så hadde me mykje humor med å studera alle potensielle stemødrene til Askepott, stiletthælar på runde brusteinar, og skjenkte bergensarar. Mellom anna.

Elles så var det fantastisk å berre vera oss sjølv, kunna gjera nett som me ville og slappa heilt av!
 - God mentalhygiene! -
 
Vinterkledd (ja, tre lag ull og bestahuo på) på sentralmarkedet, her i kjøttavdelinga. Dueskiten bakpå heile jakka og veska er ikkje oppdaga enno, så humøret er framleis på topp. (Kom seg forøvrig kjapt igjen òg, løye kva litt lett handling gjer med humøret!)

 Solnedgang over eit torg i gamlebyen. Pariserhjulet frista lite i 20 minus, men det var fint då!

 Kong Edvard den tredje syns visstnok dette var eit sabla bra måltid. Velsmakande og lekkert (men det kunne eg ikkje sjå der i den dunkle belysninga, før eg tok bilete med blitz). Eg er forøvrig einig med Edvard'n!

Smakte lika godt som dei ser ut. Eller betre!

Frå toppen av eit kyrkjespir. Makalaus utsikt. Makalausare par! :-)

Takk for turen!!!







tirsdag 22. februar 2011

God vinter!

Eg var noko negativ til alt som hadde med vinter å gjera her førre veke. Men no har eg snudd!
Etter ei helg med fantastisk solskin og nysnø på heimefjellet, må eg sei at eg elskar vinter!
Me fekk med oss storeguten heilt opp til Steinen (ein stein, litt stor, kjend turmål på storafjellet, men elles ikkje noko i seg sjølv å gå og gå for å sjå) på laurdag, og det gav meirsmak! Søndagen pakka me godsaker i sekken og ull på ull på heile hurven, og køyrde oppover igjen. Det vart med litt skigåing på flaten, og medbrakt akebrett i særs trafikkert akebakke, men SÅ fint!
Når helga var vel over, såg eg at sola skulle vara ein dag og to til. - Då kjem det godt med at eg har ein fleksibel jobb! Ungar vart skippa avgarde i barnehage og skule, og sambo og eg sikta mot toppane igjen. Makalaust!!
Og så blei det heller jobb i kveld. Kjekt det òg! :-)

søndag 20. februar 2011

Hurra!

Eller, hurra og hurra..
Eg veit ikkje heilt eg, om det er så mykje å ropa hurra for sånn sett. Men i dag er det no ein gong slik at det er eit år sidan eg starta blogglivet. Og det blei som eg tenkte; endå meir unyttig eg kunne bruka tida på framføre dataskjermen.
Men, om blogginnlegga no har kome rimeleg uregelmessig, og om det ikkje nett har halde stor litterær standard, så har det no vore kjekt òg!
For sjølv om eg sånn til kvardags berre sit her og skriv litt smått om dill og dall i livet mitt, heilt for meg sjølv, så har eg jaggu fått mange kjekke tilbakemeldingar òg! Både frå folk som kjenner meg veldig godt, og som ofte gjev meg feeback på både små og store hendingar i livet. Og frå fjerne kjende, som eg gjerne berre snakkar med ein gong eller to i skotåret. Dei les spinnet mitt! Og dei syns det er kjekt!  - Det er jo stas! Dei som ikkje syns det er noko til skriveri, droppa truleg denne bloggadressa etter første visitt. Og dei held i alle høve kjeft om det dei måtte meina. I sympati eller avsky, kva veit eg? 
Men alstå: Tusen takk for alle attendemeldingar folkens!!!
- Og hurra for kjekke lesarar! -
Eg feirar med eit bilete frå litlaprinsesso sin eittårsdag (-Oj! No plutseleg 2,5 år sidan!)

onsdag 16. februar 2011

Hei og hade vårkjensla!

Det var eit par dagar her førre veke eg fekk vårkjensla så veldig over meg! Eg høyrte småfuglar i trea utfor huset. Asfalten var bar, eg fekk nesten lyst til å hoppa strikk eller paradis! Og me drog fram syklar og fòr på tur. På blomebutikken stod søte primulablomar i vårlege fargar og ropte på meg - og dei fekk bli med heim. Eg plukka jamvel med meg ein liten vårblom til å ha ute på trappa.
Så vårkjensla fekk bre litt om seg, rett og slett! 
Det tok ikkje så mange dagane før blomane låg flate og ulukkelege utover kanten på pottene. Syklane står framleis i tunet, men no har dei fått eit lite dryss av kvitt over seg. Den isande kalde vinden gjer at eg skamfrys heilt inst, inne ved ryggsøyla, og fuglane har sannsynlegvis reist til syden igjen. 
Og ingen har lyst til å hoppa verken paradis eller strikk.
Eg sa det faktisk sist veke òg, at eg ikkje heilt våga håpa på noko vår - det kan endå komma mange tunge snødett når me berre er komne til midten av februar! Likefullt er det plutseleg litt vanskelegare å kosa seg med vinteren. Det freistar liksom ikkje noko særleg å stikka til fjells med skiskorne på.
Så no har me byrja planlegginga av sommarferien! Og kanskje, om eit par dagar, skal eg nyta vinteren igjen. Skal berre venna meg til tanken først..

mandag 14. februar 2011

Hymens lenker

- Har eg ikkje blitt lenka i endå. Men eg er så heldig at eg skal få vera med å smi nokre for gode vener til sommaren! :-)
Å vera forlovar er ei oppgåve som eg er svært stolt over å bli spurt om. I forlovarjobben ligg ymse oppgåver, trur det varierer litt rundtomkring. Men dei viktigaste i førekant av bryllaupet, er i alle fall ( i mine auge) desse:
1. Rådføring og meinigsytring ved kjolekjøp.
2. Planlegga utdrikkingslag.
3. Skriva tale.

Den store dagen er i slutten av juni, og i november-desember byrja kjoleprøvinga. Eg har vore med på to byturar med innlagd besøk i opptil fleire salongar(-ekstra kjekt var det sjølvsagt når me la inn hotellovernatting i turen! :-). I tillegg har brura sjølv teke salongbesøk både på eiga hand og med anna konsulenthjelp.
Men du verden for ein verden! Meter på meter tettpakka med tyll, silke, blomar, blonder, brurer, tøflar og romantisk musikk. Eg kjende raskt at summen av det heile gjorde meg svimmel, det er jammen ikkje lett å skilja den eine frå den andre! Men straks kjolane var plukka ut og påkledd draumedama, var det lettare å skilja klinten frå kveiten..

Og no, etter eit uttal timar med både fysisk og psykisk prøving, nettsurfing og vurdering, er bestemmelsen endeleg tatt av brura sjølv (- og, ja, ho lytta til konsulenten..) Det blir ei bra brud!

Så då er det vidare til neste oppgåve..
Forslag mottas med takk! :-)

søndag 13. februar 2011

Mor sin dag!

Ønsker alle mødre ein flott dag!
Ein fin tradisjon her i huset er å feira morsdag (og fars- for den del) enkelt.
I det ligg god frukost (ikkje på senga!), sjølvskrivne kort og blomar. Andre presangar har blitt nedstemt, om dei ikkje er heimelaga då..
Her i huset var storajento på liggebesøk natt til mor sin dag, men ho hadde gitt klare føringar på overlevering av sjølvlaga kort, og klemmen fekk eg til kvelds i staden! Og tuplipanar, frukost og masse kos klarte dei andre å ordna med!
Sjølv kjøpte eg ein fin hortensia til mi eiga mor, overlevert saman med dei vakre orda
Mor, i dag er det dagen din
i dag skal handa di kvile! 
- før me fekk servert deilig lammesteik med alskes tilbehør..
Altså lite kvile der i garden! :-)

tirsdag 1. februar 2011

Livsteikn

Joda, eg er her.
Ruslande, småspringande, dassande, spurtande gjennom dagane, vekene, tida.. Alt ettersom. For tida den går den. Og eg føl med. Men eg har altså ikkje følt for å spinna noko ned her på bloggen. Så so e da.

Og til å akkompagnera dette innhaldsrike blogginnlegget, legg eg eit bilete av meg sjølv og litlaprinsesso på skitur i Suldal førre helg.