mandag 31. mai 2010

Favorittane mine

For å vega opp for det fæle biletet i forrige innlegg, måtte eg berre finna fram nokre kjekke bilete.. Så her er altså favorittpersonane mine, knipsa på båttur i pinsehelgo.
Flaskepostar på veg ut i verda.. Lurar på kor dei tek ferda....?

søndag 30. mai 2010

Prosjekt

Ok. Eksamen innlevert og feira. Har kome i gong med alt som har hopa seg opp på jobb. Og så var det heimen då..
Eg har klart å holda overflata sånn nokolunde. I alle fall nok til å ikkje bli stengt ned av mattilsynet og barnevern (trur eg..). Og ja, handyman-Samboen e med på laget han òg. Men han har òg noko han prioriterer vekk.. Og no er han på jobb igjen.
Så; ein del har rett og slett blitt fullstendig neglisjert dei siste vekene.
Som klesbretting og -system. Eg vaskar og heng til tørk. Men så stoppar det altså opp. Alt blir tømt i sofaen i stova, og så hentar me der når det er tomt i skap og skuffer. Og å rydda vekk det som har blitt for lite har i alle fall ikkje blitt gjort no når ho mor har holdt på med "leksa" heile tida.
Så no: Prosjekt "Få-orden-i-kler-skuffer-og-skap" er herved offisiselt opna.
Eg kunne ønska dette berre var eit illustrasjonsfoto.
I staden er det ein liten glip av røynda. 
Godt det er søndag!






tirsdag 25. mai 2010

Lukkeleg er den..

.. som nett har sendt inn siste eksamen!
No blir da feiring med boller og is her i heimen! Og ei skikkeleg markering med gode medstudentar til helga. Herleg kjensla! Alle timane over bøker og tastatur er allereie som viska vekk frå minnet, og eg ser framover mot kveldar med koselitteratur og alt anna enn fag.  
Og herifrå skal eg berre melda meg på hobbykurs og lett fagleg påfyll, utan krav om prestering!

*Knipsar med tedno*

torsdag 20. mai 2010

Dundelina

Småjentene i huset er avogtil prøvekaniner for dei skjønne Dundelina-kleda til Monica. Begge jentene stiller velviljug opp når ho treng prøva storleikar, testa ut vidde, lengde og passform.
I tillegg har størstaprinsesso ved fleire anledningar hatt mulighet til å vera modell ved fotograferingar. I utgangspunktet har ho også då vore positiv, og har kasta på seg kjolane med stor iver.
- Men så passar det plutseleg ikkje frøkno å gjera som verken fotograf, designer eller mamma vil.
Så god-bileta lar seg venta på frå denne kanten. Modell-karrieren òg...
Uansett. No har Dundelina hatt konkurranse.
Me vann ikkje, men Prinsesso sin kjole fekk i alle fall heiderleg omtale. Så kanskje neste gong..

tirsdag 18. mai 2010

Bikka 2000!

Oj, bloggen har bikka 2000 treff! La til dette telleverket i midten av mars, og er no ganske imponert over at så mange klikkar innom her! (Eller, at nokre klikkar innom så mange gonger..?)

Ja, eg veit at mamma antakeleg står for 200 av dei. Men det er fortsatt ein del igjen etter henne.. Og kven er det eigentleg?

I alla fall; takk for at de kikkar innom her, kven de no er! :-)

mandag 17. mai 2010

Russakort

Dagen i dag har handla mykje om is, leik, premiar, gnagsår og småprat med mange kjekke kjentfolk. Og ikkje minst russakort!
Arvingen er, som eg har skrive tidlegare her, svært interessert i desse korta. Han har òg klart å overføra interessa til litlesøstera. Og hin dagen dukka dei begge opp frå teiknesakene med kvar sitt heimalaga russakort.
Her er hans. Og om du ikkje er heilt stø i tredjeklassingshandskrift; dette er hans motto:
"Alkohol løyser ingen problemer. Men det gjer faan ikkje tran heller.."

søndag 16. mai 2010

Gratulera med dagen Noreg! - Og Tone!

SÅ var bunadsskjortene strokne, og klare for morgondagen. Takk til mammo som forbarma seg over meg, og tok to av dei. No når dei heng på rekke og rad her, lurar eg på kva ho gjer annleis enn meg: Det er nemleg urimeleg stor skilnad i stryke-kvaliteten (og ja, eg kjem dårlegast ut!).. 
Bunadar har blitt prøvd, justert, og knappar blitt flytta på. (Note to self; Hugs å ordna dei FØR mai til neste år!) Sølvet e pussa (jaffal blitt duppa i giftblanding, så da skine no litt meir enn da gjorde), og flagg, snurregreier og trompet (!) ligg framme. 
Så no kan 16.mai berre gå over i 17.mai!
HURRA! 

fredag 14. mai 2010

NAM-NAM!

Knakande god nyhet på isfronten i år! Hennig Olsen sin Corny falt i smak hos meg!! Minna litt om sjokoladen Smash - og den ligg rimeleg høgt på lista over favorittar..
Sjekka nett "best-i-test" på BT, der årets nye isar fekk terningkast. Min favoritt fekk berre tre prikkar der, medan vinnaren heiter Ice-kiss. Får vel prøva den òg. Ser i testen at det har kome ein liknande potensiell favoritt-is, også med salt og søtt, av Crème Chocholat. Den må sjekkast ut.
17. mai, om ikkje før. 
Men føreløpig er altså min favoritt Corny! 

torsdag 13. mai 2010

Ny utsikt

Denne utsikten frå spisebordet i ståva er heilt ny. No er det nemlig dør her, i staden for vinduet som var før. Handymannen min heiv seg øve oppgåva i går. Og jammen blei det dør i veggen! Så no gler eg meg til middag i dag. Det ser nemlig ut som det er mulighet for grilling, og endeleg slepp eg gå heilt rundt med kjøtet!

Her er han flinke handymannen. Eg må sei eg er veldig nøgd med å ha ein sånn tilgjengeleg!

:-)

onsdag 12. mai 2010

Eit produkt som held det det lovar!

Eg iiisa i ei tann, om eg åt varm mat, kald mat, all mogeleg drikke.. Fekk sjølvsagt heilt klar førestillig om at eg hadde hòl i tanna, og byrja kvi meg til tannlegebesøket. Vog att og fram og opp og ned i nokre dagar; er det nødvendig å ringa og bestilla time? Neei, det er ikkje såå gale.. Eller, isssh, er det det?
Men så dukka plutseleg den årlege innklallinga opp i posten, så då var det liksom ikkje meir å diskutera (ja, for eg har rett som det er ganske heftige diskusjonar inni hovudet om ymse tema). 
Vel oppkopla i det elektriske vidunderstolen, med papirsmikka lett dandert under haka og dingsar som surklar og fresar innfor leppene, får eg spørsmålet om eg har noko eg kjenner på. "-Mei, itsje shå velldig, ingentingh shpeshielt!.." Svaret kom mogelegvis litt for kjapt. Men så får eg tenkt meg om, og eg er jo heisen på å  råda andre til å koma seg til tannlegen så fort dei kjenner noko. Argumenta hos "for"-sida vinn, og eg mumlar vidare "-Eller, da ishar weldi nedi baki hher!"
Men kjekke tannlegen min konstaterte at det faktisk ikkje var hòl, berre sprekker i emaljen. Og det er det visst ikkje så mykje å gjera med. "-Så bytt tannkrem, Sensodyne skal visst vera bra".
Som sagt, så gjort.
Og så gløymte eg i grunn heile tanna.
Heilt til eg reiste vekk, utan tannkremen  min. Brukte den gamle, som bur i toalettveska, og fortsette med det då eg kom heim..
Og dævven, kor slitande det er med ising!
No er det på med isetannkremen, og gle-gle-gle meg til den er innarbeida igjen!

mandag 10. mai 2010

Dugnad

I følge Wikipedia er visst ikkje "dugnad" så norsk som me vil ha det til. Men ordet blei uansett kåra til Noregs nasjonal-ord på NRK-programmet Typisk Norsk etter avstemming, knepe framfor m.a. "jah" (på innpust) og "matpakke". (Sjå der, eg lærer noko nytt kvar dag! :-)
I ettermiddag har me hatt årets første dugnad i nabolaget.
"Ååhh! DUgnaD", seier mange. Passar gjerne på å få det til å "kollidera" med eit møte eller anna, som gjev "lovleg" fråvær, med godt samvit.
Med dette skjønar eg berre ikkje. Dugnad er jo koseleg!
Eg rusla meg først ein tur med ein boss-sekk over armen, og hadde "sjå-kven-som-finn-mest-boss"-leiken med prinsesso. Så var det smapludring med naboar. Helsa på nokre nye ansikt, som eg har skimta i forbifarten, men aldri heilt har fått plassert. Ein hadde jamvel med seg kaka. - Og så blei det både ryddig og fint på leikeplassen og langs vegane rundt. Dugnad er ein fin tradisjon!   
Her er frå St.Hans for eit par år sidan. Regn høyrer med. Bålet og teltet er sett opp på dugnad, etter felles ryddeaksjon på leikeplassen. Og kvelden blei skikkeleg koseleg!

søndag 9. mai 2010

Gratulera med dagen!

Kjekkasen eg bur saman med er 35 i dag. Hurra-hurra!
Har feira i helga med besøk av vener og familie, kaker og kos. No har han inntatt horisontalen i sofaen. Og når eg spør om me skal sjå den filmen me snakka om tidlegare, svarar han "zzzzzzzzZZzz". Så eg trur han skal få fred. Endå ein presang, med andre ord! :-)

onsdag 5. mai 2010

Samlar på..

I bilen, på veg heim i ettermiddag, hyler plutseleg arvingen ut "OJ, stopp bilen mamma!" Hæ, kvepp eg, med foten på bremsa, lurar på om nokon er i ferd med å bli kvelt eller noko i baksetet. "Ein russ!!!"
Eg slepp bremsa. Det skulle tatt seg ut; for det første hadde me sannsynlegvis skremt vetet av ein stakkars attenåring om eg plutseleg vrengte audien ut i grøfta, og ungar med utstrakte nevar kom kavande ut. For det andre hadde me vel enno ikkje kome heim, så mange raudkledde som går i vegkanten om dagen. Så derfor er eg nett no i kveld ei ganske upopulær mamma.
Men avringen veit å få med seg nokre kort på skulevegen, og å gå på tivoli var særs innbringande i så måte! Han var også fullt orientert om at på fredag, då skulle russen kyssa grisen der med ungdomsskulen. - Og han kom stolt heim med ein fin liten bunke. Og så blei det høgtlesing av ymse slagord til fredagspizzaen.. "Mamma, hørr dinna då; Har du ein pistol i lomma, eller er du bare glad for å sjå meg?" (Godt dei ikkje forstår!) "Hørr då mamma; Eg har hatt dette kortet i rompa.." Han ler seg nesten forderva.
Dei svarte er visst mest verdifulle. Finst angiveleg berre tre av dei svarte korta blandt kompisgjengen. Så eg har lovd dyrt og hellig, at om me køyrer forbi ein ekta svart-russ, då eg berre stoppa..
Arvingen blei fanga av kamera i Sunnhordland si dekking av russedåpen. Stolt når han såg seg sjølv i avisa gitt!