tirsdag 30. august 2011

Fin kveldstur


Til Steilgilshedlo ein kveld. Litt trim etter ferien. Sjokk for kroppen! :-)

mandag 29. august 2011

Smittsomt

På veg frå barnehagen til jobb her ein morgon, litt oppkava på grunn av gløymt regnbukse og eit ventande møte eg hadde gløymt litt ut, passerte eg ein bil. Ja, det var sjølvsagt fleire, men det var denne eg la merke til. For inni sat ei kvinne og smilte. Ho smilte breitt, heilt åleine der i bilen. Sikkert på veg til sin jobb eller barnehage.
Kanskje høyrde ho noko morosamt på radioen. Eller kan hende ho tenkte på kor fin kvelden i føre egen hadde vore. I alle fall løfta ho min dag, der og då. Heilt ubetinga og ubevisst. For smilet hennar smitta. Eg tok meg nemlig plutseleg i å sitta der å flira sjølv, midt i trafikken.
Og kanskje mitt smil smitta nokon andre?
Vel verd eit forsøk kvar dag som helst! :-)
Sjølv eit lite smil smittar..

lørdag 27. august 2011

Blått-i-blått

I vekevis har dei stått der i skogen eg passerar dagleg; bugnande, freistande, saftige og blå. Og SÅ gode! Omsider, når sesongen no er heilt på hell, kom eg meg ut i lyngen. Med nyinnkjøpt plastplukkar og stor bøtta tenkte eg å redda æra med heimeplukka blåbær i vinterens posemuffins. Og fangsten blei slettes ikkje værst! Så no har eg fleire liter fine blæbær i frysen, klare til å dukka ned i muffinsrøra, dryssast over ostekaka eller marengs-is-kaka, eller blendast saman med andre sunne ingrediensar til deilig smoothie. I tillegg har eg no sylta, så både mine og andre sine skjever kan fyllast med deilig syltetøy utover hausten. Syltetøyet laga eg utfrå oppskrifta til Avil - eit blåbærsyltetøy som ikkje plaskar og renn av skjevo, men faktisk har sånn skikkelig konsistens. Og det utan andre ingrediensar enn bær og sukker! Litt annan framgongsmåte enn eg lærte av mammo, men som sagt i ein meir handterleg versjon. Og like godt!


Her er oppskrifta:
500 gram bær
250 gram sukker (eller litt mindre, om du ikkje likar så søtt)
Ha sukkeret i ei langpanne, og sett i omnen på 200 grader.
Hell bæra i ei steikepanne, og fyr opp med høg varme. Rør i bæra under oppvarminga.
Når dei saftar, og sukkeret har stått omlag ti minuttar, heller du det ovnsvarma sukkeret opp i steikepanna til bæra, og rører rundt.
Når bær og sukker har kokt saman i omlag 4-5 minuttar er syltetøyet ferdig.
Kjapt og greitt!

fredag 26. august 2011

Nok no!

Førre veke blei eg forbanna. Og så oppgitt. Og så forbanna igjen. Det er flott at kommisjonar med fagfolk tek føre seg alt som skjedde den 22.07.2011. Finn ut om noko bør organiserast annleis, om alt gjekk føre seg på beste måten, i den ekstreme situasjonen som råka landet vårt den dagen. Men kan det vera nødvendig å klistra utover avisframsidene alle dei "kvifor tok det så lang tid?" "Han overgav seg såå lenge før han blei tatt!" "Ho blei drept etter at han eigentleg ikkje ville meir.." Akkurat som om ikkje alle dei politifolka som var i teneste der den dagen gjorde det dei kunne. Som om det ikkje var påkjenning nok å vera dei som kom ut til det skrekkelege synet som møtte dei. Som om dei ikkje hadde prosedyrar å følga. Som om ein telfon frå ein tulling som kallar seg kommandør som vil overgi seg skal vera forståeleg, og automatisk utløysa full oversikt og ro. Som om det var andre si skyld enn hans, at talet på omkomne og skada blei så høgt som det blei.
No er min sympati for VG etter bombinga , som gjorde at eg kjøpte riksavisa i hundre prosent fleire utgåver enn månaden før, gått over. I alle fall nok til at eg ikkje føler for å støtta dei meir.
La folk få jobba i fred!   

onsdag 24. august 2011

Eit minne frå sommaren 2011

Etterlengta sol. Eg ligg på brygga og er varm.
Lyttar til lyden av bølgeskvulp, måsar, småbåtar og ungar som badar.
I bakgrunnen surrar radioen.
Ei stemme les opp namn og alder på alle dei som blei drepne.
Dei andre sommarlydane forsvinn.
Eg frys.

tirsdag 23. august 2011

Slutt. Ferdig. Finito. (ferien, altså)

Så var kvardagen igjen over oss. Lekseplanar og bokbind, planlegging av haustens aktivitetar på jobb, foreldremøter, trening, regn og kvardagsmiddag.
Sommarferien med sine lange morgonar, opplevingar, vener og vente-på-sola-kjensle, kjennest kjapt som eit vagt minne. Men minner kan ein som kjent leva lenge på! Og for å friska litt opp, kan ein alltids bla i bileta.
 Båttur i variabelt vêr.
 Teltovernatting høyrer med til sommaren!
 Ein fredeleg etappe av bilturen.


 Sommarhus i Danmark. 29 små og store saman.
 Hai og anna skummelt under havet.
 Legoland. Obligatorisk køhelvete midt i tjukkaste ferien. Ein gong for alltid.
 Å våga noko ein eigentleg ikkje tør.
 Lett sprudlande sommarkveldselskap på verandaen.
 *sukk* Kort sesong! Må nytast nesten alle dagar!
 Krabbafest.
Nær vassflata. Litt rulten. Men forsiktig!

tirsdag 2. august 2011

Siste bursdagen i sommar

I dag er det tiårsdag i huset!
OJojoj, syns nett han var heilt nyfødd...
Her har me ein kjekk, ung mann. Snill og tøysete storebror. Somme tider besteven, andre gonger plageånd av dimensjonar.. Slik det skal vera, sikkert!
Matar mor med underfundige kommentarar og kortspel. Mellom anna! :-)

Gratulera med dagen, kjekke guten min!