torsdag 24. juni 2010

Stordfest!

No brakar Stordfesten laus!
Eg ser fram til å sjå alle dei flotte skutene koma inn i hamna.
Eg ser fram til å jobba som frivillig i serveringa, og kjenna på steminga på innsida.
Eg ser fram til å gå rundt å kikka på folk, skuter, liv og røre, og suga festivalstemninga inn på heimebane.
Eg ser fram til å rusla rundt med ungane og vera del i deira iver når dei ser alt det spanande som skjer rundt på Vikjo. 
Eg ser fram til å høyra god musikk, og sjå flotte musikarar live på scenen.
Degutten, eg ser fram til denne helga!

onsdag 23. juni 2010

Sankthans

Sankthans er bål, svidde pølser og leik.
Helst skal det vera fint forsommarvêr, med lang, lys kveld rundt varme glør. Men eg hugsar nok flest  feiringar med full "oljehyre" og strikkagenser. Eg minnast å stå i kø ved grillen når vel-laget heime arrangerte feiring ved vatnet. Potet- og sekkeløp der vaksne konkurrerte mot oss born var stor stas, og det gjorde ingenting om premien etter full innsats berre var ein våt ballong.
Dagens feiring blei av den fine sorten med godt vêr. Me byrja feiringa med grilling ved sjøen, og enda rundt bålet på leikeplassen saman med gode naboar. Ungane er nett i seng no. Så då gjenstår det å sjå om me kjem oss opp til kvardagen i morgon tidleg.. Men ein skal jo som kjend ikkje sova bort sumarnatta heller!

Sankthans 2008. Grå kveld, men like kjekk!

tirsdag 15. juni 2010

Loppefunn!

Open dag på skulen, og endeleg kom det godt med at skulen vår er av den gamle sorten! Dei hadde nemleg utsal av gamle undervisningsplansjar. Alt frå bibelforteljingar til biologi, historie og o-fag var representert. Og eg kunne ønska eg hadde fleire kroner med meg til å støtta gode saker! Me kom heim med fleire flotte plansjar. Så no skal det undervisast! 
Fisk og kval. Og bien og blomsten på ekta!

mandag 14. juni 2010

Jakt

I dag har Pusn vår vore på jakt. I loftståvo!

Var pluseleg ei fæla krafsing og snusing rundt sofaen me sat i, som diverre var litt for låg til å koma inn under. Sambo meinte han hadde lagt merke til at ho hadde noko i kjeften då ho kom opp rett før (-men han tok ikkje affære!). Så me løfta både oss sjølv og sofane, og etter litt febrilsk krafsing under der i hybelkaninreiret kom Pusn stolt ut med ei søøt, lita grå mus i kjeften. Framleis levande. Eg hasta ned trappa, fekk lokka Pusn med, og husja både henne og kompisen ut. Så fekk me oververa eit ekte katten-og-musen-show på plenen.

Ok, eg sleppe deg fri, spring du! HAHA, lurte deg! vil heller kasta deg opp i lufta, la deg springa litt før eg stoppar deg med eit realt klask over halen!

Ganskje så festleg å sjå på i grunn (viss me ikkje sette oss inn i kjenslene til musa, i alle fall!). Me er jo "på lag" med Pusn, så det var jo naturleg at me heia på henne..? Sjølv om det stakk litt i meg, kanskje eg her burde trekka inn ei preik om å "ikkje slå dei som er mindre enn deg"..? Nei, Naturens Gang fekk vera tema for preika i dag. Og me hadde det retteleg triveleg der på plenen, eigentleg etter leggetid for småprinsessene.
Heilt til leiken var over, og me byrja høyre små knekke-og-knaskelydar når Pusn beit musa over hovudet.

På tide å legga seg! Og la naturen gå sin gang!
Pusn vår har heitt både Mia og Bassa, men kjem alltid tilbake til det gode, gamle Pusn. Her har ho kompisen i kjeften. Endå er det leik..

tirsdag 8. juni 2010

Sogespel

Etter at arvingen og far var på Mostraspelet for eit par-tre år sidan, har me høyrt mange historiar om fantastiske fektekampar av ekte vikingar. Den gong hadde det òg vore eit lite skodespel i området rundt amfiet før sjølvaste spelet, der dei blei tilbydd å kjøpa seg "ein ekta" trell! Seksåringen var heilt klar på at DET måtte me berre ha, og han har sidan den tid anklaga faren mangen gonger for at dei ikkje slo til på handelen.

I alle fall; i år skulle mammo og litasøster òg få vera med! Søndagsturen denne helga gjekk til Moster.
Eg har sjølv nokre halvbegeistra, vage minner frå skuleframsyningar som varte i fem timar (i alle fall kjendes det slik..), og hadde ikkje veldig store forventningar.

Men det var kjekt! Historia fengjer, med kjærleik, makt og dramatikk. Og sjølv om det framleis kunne vore pittelitt kortare for å holda meg fanga heile tida, og eg ikkje heilt forstår vitsen med å halda det på ekstrem-nynorsk (er meir for dialektar eg!), var eg veldig fornøgd når me gjekk derifrå. Tilogmed litlasøstero holdt ut (om no makken i rompo livna litt til på slutten). Det hjalp jo også litt at vêret var nydeleg. Og Moster Amfi er jo ein fantastisk stad for allslags oppsetningar!

Men noko trell-handel blei det heller ikkje denne gong. Dei var ikkje ein gong til sals i år. Seksåringen har no blitt snart ni, så me får håpa han forstår når me seier at det å ha trellar ikkje er så svært likevel..

Biletet vart knipsa akkurat i det Sigurd Sele, nei, Torolv frå Grindheim blir myrda av presten Tangbrand (Nils Ole Oftebro). Vart litt våt på auga òg då.