onsdag 12. januar 2011

Is!

Me bur så og sei midt i ein bakke. Og med snø-tining-frost-slaps-frost-snø-regn-meir snø-tin-frost, ligg isen etterkvart så tjukk at om det hadde vore vatn under kunne me trygt ha lufta danseskeisene!
Slik såg bakken ut for eit par dagar sidan:
Eg følte nemlig for å ta bilete av vegen etter at det to kveldar på rad stod bilar på tvers her. Med unge gutar bak rattet. Ungt pågangsmot, fryktløyse og kjensle av udødelighet var muligens bakgrunnen for at dei våga seg nedover vegen på heilårsdekk, trass i at me som bur her parkerte firhjulstrekkarane med piggar i toppen av bakken. Eg stod i vindauget og haldt pusten då eg oppdaga dei, skliande nedover delvis sidevegs. Hjelp lite med gode bremser her! Heldigvis gjekk det bra i begge tilfella! Om ein ser vekk i frå ein øydelagd framskjerm i alle fall..
Sjølv bevegar eg meg svært forsiktig utfor døra. -Og aldri utan broddar! (ja, ser nok ut som eg er 90, minst!)!
Og gler meg til våren...

fredag 7. januar 2011

Trettande dag jul

Dette er dagen då jula skal kastast ut, seiest det. Det er i alle fall dagen då me her på øyo tradisjonelt går julebukk. Og som tradisjonen tru var det også i år spinnglatt og kaldt.
Likefullt var ungane strålande fornøgde med både opplevinga og fangsten!
Så no er huset på nytt fylt med sukker- og snoperi....
*sukk*
Husets eigne julebukkar før dei la ut på glatto.

Julebukk er for øvrig ein koseleg tradisjon! Eg hugsar sjølv kor kjekt me syns det var å kle seg ut, banke på hos både kjende og ukjende, - og spaninga knytt til innhaldet i posane ved endt tur.
- Og kvalmen litt seinare på kvelden!
Som vaksen blir eg både rørt og lattermild når skjønningane står der på trappa og syng. Nokre av dei lev seg heilt inn i rolla, og gjev eit heilt teater. Andre syng gjerne eit vers eller to for mykje, gjerne med eigne versjonar av kjende songar.
Eg let meg særleg sjarmera av dei skumlaste av dei skumle vampyrane og uhyra som dreg i gong med "Eit barn er født i Betlehem"!

tirsdag 4. januar 2011

Oppsummering før neste kapittel

Ja, så hadde me rulla oss over eit nytt årsskifte. Jula fòr forbi som ein seig sniggel, med berre ei stripe av slim liggande igjen som ei sleip bonuspølse rundt valkane.
- Nei, no høyrtes visst jula litt vel tung ut.. Det var ho ikkje! Ho vart nemleg nett så sosial og koseleg og god og mett som eg hadde håpa på! Og i tillegg full av flott snø, mogeleg å både aka og stå på ski på!
Og nyttår blei feira på skikkeleg vis, sjølv om pappen i huset måtte reisa frå oss på jobb. Ungane var oppe til seine natta, og morgonane har i løpet av romjula forsvunne meir og meir under dyna..
Lite effektive dagar gitt, men ÅH, så deillig!
Og ÅKK, så tungt no! Var noko ganske anna å stå opp i går og i dag, første dagane på skule, barnehage og jobb. Det var tidleg det! (Og eg reknar med det blir endå værre i morgon..)
Velvel, tenkte eg ville avslutta 2010 med ein liten "årskavalkade", før eg startar på skikkeleg med nytt bloggår.

Så, her er altså mitt 2010:

 Nyttårsfeiring heime. Med koseleg besøk av vener frå Sverige. Og magasjau.
Ekte vinter, med is på sjølv dei største vatna. Nytt turterreng!

 Studietur til London. Stort utbytte, både fagleg og sosialt!

Og så kom ungane og samboen, pluss venepar over, og me hadde ein strålande byweekend,
tilogmed med dinosaurar!
 Påsken blei feira på hytta. Påskeharen hadde vore forbi der òg!
 Jobbtur til Guatemala!
Wow!
Besøkte Antigua, Comalapa, Monterrico, Atitlansjøen, Guatemala City.
Landevegar, vulkanar, lansby, bygd,  fargar, folk, hav og fjell.
Spanade dagar fulle av inntrykk!



 17.mai på kaien. Søstre i nasjonaldrakt.
 Dum Dum Boys på Stordfesten!

 Sommarbåttferie i nærområdet.


 Spasertur i Kardemommeby.

 Stor jenta første skuledag!

 Ålesundvisitt i bryllup. Flott by, og flott brudepar!
 Ungdommens forebyggingspris 2010: Stord kommune!
 Førjulstur til Bergen. Pepperkakeby, Putti-plutti-plott og hotell.
 Og så var det jul! Og altså; endå eit nytt år!
Punktum.