mandag 29. august 2011

Smittsomt

På veg frå barnehagen til jobb her ein morgon, litt oppkava på grunn av gløymt regnbukse og eit ventande møte eg hadde gløymt litt ut, passerte eg ein bil. Ja, det var sjølvsagt fleire, men det var denne eg la merke til. For inni sat ei kvinne og smilte. Ho smilte breitt, heilt åleine der i bilen. Sikkert på veg til sin jobb eller barnehage.
Kanskje høyrde ho noko morosamt på radioen. Eller kan hende ho tenkte på kor fin kvelden i føre egen hadde vore. I alle fall løfta ho min dag, der og då. Heilt ubetinga og ubevisst. For smilet hennar smitta. Eg tok meg nemlig plutseleg i å sitta der å flira sjølv, midt i trafikken.
Og kanskje mitt smil smitta nokon andre?
Vel verd eit forsøk kvar dag som helst! :-)
Sjølv eit lite smil smittar..

3 kommentarer:

  1. Hennas smil er i alle fall smittande! :)

    SvarSlett
  2. Mormor er heilt enig med Borghild:) skjønna jentå vår

    SvarSlett
  3. dumt at det blei slutt på blogginga, men kanskje får du åndå igjen??
    No er det 4. juli 2012
    Mammå di :)

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?