I dag er det MOT til å glede - dagen!
Kommunen vår er MOT-kommune, det vil sei at MOT-programmet er implementert i alle ungdomsskulane, og i tillegg i idrettslag. MOT er eit halningsskapande program som står både for å ha mot til å ta eigne val, å ta vare på kvarandre og å visa mot. Porgrammet har ein høg status blant både ungdommar og foreldre her, og MOT-informatørane våre gjer ein fabelaktig jobb!
Men, poenget mitt her og no var vel i grunn å markera mot-til-å-glede-dagen. Og korleis gjer eg det?
Kan vel først fortelja om mine opplevingar i dag. På tur gjennom sentrum, mellom ymse møte i dag, blei eg tilbydd både pepperkaker og mandariner, klovnerier og song av kjekke ungdomsskuleelevar. Eg fekk jamvel ein liten lapp stukken i handa, der det stod "du er ein unik og fantastisk person!" Må jo sei det gleda eit småstressa hjarta!
For å prøva meg på å gleda andre, har eg vore ekstra generøs med kompliment i dag. Det gledar alltid! Og så har eg laga ein god middag til famillien min. - Og kanskje Samboen skal få ein ekstra god kvelds no etterpå... (vegen til ein mann sitt hjarte går som kjent via magen.. ;-)
Håpar de som les dette òg har hatt gleda av å gleda og å bli gleda i dag!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du sei noko om dette?