søndag 4. juli 2010

Bryllaup

Eg likar bryllaup!
Og denne helga fekk eg vera med på eit! Eit nydeleg brurepar kom oppover kyrkjegolvet. Det er noko med den høgtidelege, eventyrlege og lukkelege stemninga. Om det er under kyrkjespiret, i ein pøbb eller under fri himmel; eg får frysningar, tårene trillar, hovudpersonane stråler, alle er glade..
Åh, bryllaup er kjekt!
Denne gong hadde brureparet med seg to stillige, sjølvlaga bruresveinar som sjarmerte alle på veg opp kyrkjegolvet med ei dokkevogn frå 50-talet. Det var så perfekt! Dei søte gutane fekk sin naturlege del av merksemda, utan at det gjekk ut over sukket i magen ved synet av den flotte brura eller den lukkelege brudgommen.
Fest og feiring, god mat og drikke, flotte, rørande talar med både alvor og humor, og fullt i kjekke folk! Heilt perfekt!
No gler eg meg til neste, eg skal nemlig få vera med på endå eit denne sommaren!
I mellomtida skal eg vaska lommatørkle'. Så er eg klar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du sei noko om dette?