torsdag 8. juli 2010

Ein porsjon nytelse

Mmmmmmmmmmmm.......... Endeleg er tida her! Tida for dei heilt himmelske, saftige, fyldige og mjuke norske jordbæra. Eg nyt kvar ein bit!
No er det jordbær til dessert kvar dag. Eller til lunsj. Eller kvelds. Aller helst med sukker og fløytemelk, men like gjerne au naturel. I alle fall; kvar dag.
Alt for mange seinsommardagar har eg stått i butikken, svolten på eit skikkeleg godt jordbær etter ei veke med å berre gå forbi. For så å ikkje finne dei! Eg leitar febrilsk, meir og meir panisk i blikket. Men nei, tida er nok forbi. Den vonbrotne dirringa i underleppa når dette først går opp for meg litt for seint, skal ikkje kjennast i år. Nei, i år skal det vera såpass at når eg registrerar at tida er omme, så er eg forsynt. Om no det er mogeleg..
Så no, altså, JORDBÆR!

2 kommentarer:

  1. hehe - mmm, heilt enig. Har ikkje hatt jordbær heile veka. Satse på å få servert i mårå:)

    SvarSlett
  2. Takk for påminninga. Eg e lite flink og finna fram te disse fantastiske bæra som kun e mulig og få nokre få veker i juli.
    Skal på torget og handla i dag, med fløyte til.

    Laura

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?