torsdag 24. juni 2010

Stordfest!

No brakar Stordfesten laus!
Eg ser fram til å sjå alle dei flotte skutene koma inn i hamna.
Eg ser fram til å jobba som frivillig i serveringa, og kjenna på steminga på innsida.
Eg ser fram til å gå rundt å kikka på folk, skuter, liv og røre, og suga festivalstemninga inn på heimebane.
Eg ser fram til å rusla rundt med ungane og vera del i deira iver når dei ser alt det spanande som skjer rundt på Vikjo. 
Eg ser fram til å høyra god musikk, og sjå flotte musikarar live på scenen.
Degutten, eg ser fram til denne helga!

2 kommentarer:

  1. så enig så enig!!

    SvarSlett
  2. Og så blei det ein STOR suksess. Kjekt å berre gå rundt og sjå og snakke med så mykje blide folk. Og så mykje god musikk, FEST-stemning heile helga. Glede meg alt til neste gong!!

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?