Me har starta oss ein tradisjon på båttur. Ja, for det er vel ein tradisjon når me har gjort det to år på rad?
I alle fall; når ungane ligg i køya, og me to vaksne sit på akterdekk med irish coffee og berre kvarande, då må me jo finna på noko for å ha det litt kjekt. Og ein har jo, som kjend, ikkje meir morro enn ein lagar sjølv! Så då lagar me båttursommarkviss! SMS og MMS er gode verktøy, og nokre av våre vener og familie får delta.
Og ingen har det vel meir løye enn oss som kokar i hop oppgåvene!
I fjor var det mykje "Kor-er-me-no""-type oppgåver. I år har me utvida pittelitt, og putta inn nokre andre vriar (mykje fordi me ikkje flytta på skroget kvar dag, men sjølvsagt ville kommunisera med omverda likevel). Løgnast har me det når me spelar inn lydsignala for feil eller rett svar. Synd eg ikkje klarar å legga dei ut her.. (Når det er sagt, er det for så vidt kanskje ikkje sÅ løgne for andre, tatt ut av både omgjevnader og samanheng)..
Her er eit par hint og oppgåver me sendte ut i år:
Kor har me tatt turen no? Hint; sjå bilete.
Svaret var sjølvsagt Avløypet i fitjarøyane.
Kva låt er hovudsoundtrack for årets sommarbåttur? Hint; sjå bilete:
Her kunne ein be om ekstra hint hjå "Tipstenesta". Hint nr. to var "DIO". Og då seier det seg i alle fall sjølv;
Holy Diver!
I dagens oppgåve vil me fram til ein delikat middagsrett, ypparleg på båttur. Hint: nokon har ein gong sunge: "Ein .... er sterkare enn krut". Om behov for ekstra hint frå Tipstenesta, sjå bilete;
Joikakaker, så klart!
(for øvrig kjøpt inn for anledningen, og framleis godt plassert bakerst i ei skuff i bysso)
Kvissen blei som sagt send ut til nokre av våre kjende og kjære, og den vart fort vidgjeten og etterspurd, faktisk frå fleire verdensdelar! Ein av deltakarane sa endåtil at dette var "dagens høgdepunkt", og me fekk tilbakemeldingar på at her var heile familiar involverte.
Så slik kan altså eiga morro gjerast til andre si morro òg! :-)
No er det visstnok knytt spaning til kven som vinn premien etter kvissen, og ikkje minst kva premien blir.
Mulig eg kjem attende til det her ved ein seinare anledning.
Dagens quiz når dåke er på ferie, er ein av høydisene ja. Og som vanlig, me klarte sjølvsagt alle, med litt tips, hjelp og lått og løye. Veldig på spent på premien ja:)
SvarSlettMamma
Hei
SvarSlettNo fekk eg dessverre ikkje væra med på alle oppgavene, da eg var utanlands, men klarte nokre.
No ventar me spent på premien!!!!!
Kva blir det?