Etter dagar (og år!) med nedteljing er dagen endeleg komen. Første skuledag!
Spent jente dressar seg opp, og går ivrig avgårde på skulevegen. Først eit skritt framfor mammo. Så, når me har skulen rett framfor oss, rett ved sida av, med neven trygt inni mamma si. Skuleplassen er fylt av forventningsfulle seksåringar og stolte foreldre med fotoapparat. No er det alvor.
Ranselen, eigenhandig utplukka på shopping med mormor, og alt innhaldet som har vore framvist ved så mange høve, har omsider fått ei "ekte" rolle. Matboks og matchande drikkeflaske er fylt, og alle fargeblyantane kan endeleg innviast. Mange tankar og spørsmål kan omsider få sine svar. - Kva heiter dei andre i klassen? Er dei kjekke? Kven skal eg sitja attmed? Kva tid får me lekser? Er lærarane snille? Kva skal me leika i friminutta? Vil nokon leika med meg i friminutta?
- Åh, det er spanande tider! -
Stor og fin førsteklassing - spennande:)
SvarSlett