Smedholmen Live - ein liten del av Fitjarfestivalen 2010 - gjekk av stabelen i går kveld. Og eg var med!Smedholmen ligg ein pitteliten tur i båt utfor Fitjar, og ferda gjekk i skyssbåt. Eg har aldri vore der før, og fekk oppleva ein knallkoseleg stad! Nokre gamle velhaldne hus (i alle fall såg det slik ut i går), og store, flotte trer som omkransa ein for-anledningen-laga-grillservering og fantasktisk flott lyselilla bølgete bar. Og så var det ein stor, grøn bakke ned mot sjølve scenen, og denne hadde sjøen rett bak. Direkte vakkert!
Og så var det musikken då. Ovanfornemnte Kings of Convenience, som kom direkte frå Asia-turné, var rolege, fine, samstemte, humoristiske og sjarmerande på scenen. Og det to-manns store bandet gjorde lukke på Smedholmen òg! Så kom The New Wine på, bergensarar etter kva eg oppfatta, og skikkeleg bra! Og til slutt Kakkmaddafakka! Så fine, funky og sjarmerande på scenen, og knakande gode! Eg har høyrt om dei før, men ikkje høyrt dei. Det er eg gla eg har no! Sjølv falt eg veldig for dei nydeleg koreograferte korgutane, som hadde fullt program gjennom heile settet. Herleg!
Åh, eg er så fornøgd når eg får med meg slike happeningar! At det regna litt under konsertane gjorde ikkje noko, eg hadde jo kledd meg for dèt. Og så kom trollkjerringane med lyn og torden når det heile var over, og me venta på tilbakeskyssbåten. - Og då fekk me jo testa om regnkleda tålte skikkeleg vestlandsvêr.. (Vel, trur ikkje det var mange som hadde særleg mange tørre flekkar igjen på kroppen!) Men vêret kan me, som kjent, ikkje gjera noko med. Og opplevinga var uansett verd litt svømmehud mellom fingrane! :-)
Litt bilder, tatt med svært våt mobil (tåler dei vatn??):
Kings of convenience.
"Mjødbenkjen", lilla, og med fine lampar på disken.
Kakkamaddafakka på scenen, med kor i aksjon.
Kjekt å lese Cecilie :-) Første gong for meg og på Semdholmen, flott plass for utekonserar. Siste orkester ut var nok det beste, då var det full trøkk og ei skikkelig avsluttning på Smedholmen Live. Været har me gjort erfaringar med i konsertsammanheng før Cecilie, eg minnast eit forykande uver med Tor som herja med hammaren under Madonna i Oslo, trur ikkje eg tørka på fleire dagar etter den, skikkelig regnkler er eit 'møst' på konsert:-) Ser du har foreviga ein kjent kar i baren med gul sydvest på ;-)) Tøff bar må eg seia, vart litt målaus når eg såg den, skikkelig retro !!
SvarSlettOg for dei som feiga ut pga været, ja dei gjekk glipp av ei flott oppleving :-))
Helsing ' VeteranUværsKonsertgjengar' Hilde & Bjørn
Kjekt at det var så bra at både vær og venting ikkje fekk mest oppmerksomhet. Såg veldig bra ut, og bra at det kom såpass mange:)
SvarSlett