onsdag 24. februar 2010

"Tass- tass- tass..."


Det hender eg høyrer lyden i mørkret. Halvt i søvne.

"Mamma", kviskar ei lita stemme. "Kan eg få kosa med deg?". Eg er for trøtt til å protestera. Så ligg me der då. I halvsøvne. Koselig. Men trangt.

Søv litt, lett-tungt, heilt til ein liten fot landar rett over nasa, eller midt på skinnleggen. Uh!

Men varmen frå ein liten kropp, den rytmiske, rolege pusten er beroliggande. Så søv eg igjen. Lett-tungt-lett.

Oj, der har visst endå ein liten person kome til i senga. Og kva er den varme bylten nede ved foten? Fem i breidda no; to store, tre små.

Om eg klarar å mobilisera eit "Nei, gå tilbake i di seng!", får eg nokre utruleg store, blanke augo i meg, akkompagnert av eit sårt "jamen, mamma, du e jo så mjuk!". Og så ligge me der igjen då. Søv litt, lett-tungt- lett-tungt. Vaken.
Samanhengande søvn er for pyser!

4 kommentarer:

  1. He he, eg syns eg ser dåke:) du skriv godt! Håpar du får ei god natts søvn, så sjåast me kanskje utkvilte imorgon, he he..

    Solfrid

    SvarSlett
  2. Den var fin. Og for meg som er mormora til dei søte små så forstår eg veldig godt kva du skriv:)

    SvarSlett
  3. hahaha da dere e nett so eg sku skreve da sjøl;)))
    har vel ikkje vore så mangen sammenhengande søvn-netter på omtrent 8år her heller...
    men veeeldig koselig då;)
    frode pleie flykta ner på sofaen;)

    koselig blogging:)
    magnild

    SvarSlett
  4. Det høras herlig ut når du beskriver ,cecilie.Snakk om å snu det til noe positivt...deilig!

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?