I dag har Pusn vår vore på jakt. I loftståvo!
Var pluseleg ei fæla krafsing og snusing rundt sofaen me sat i, som diverre var litt for låg til å koma inn under. Sambo meinte han hadde lagt merke til at ho hadde noko i kjeften då ho kom opp rett før (-men han tok ikkje affære!). Så me løfta både oss sjølv og sofane, og etter litt febrilsk krafsing under der i hybelkaninreiret kom Pusn stolt ut med ei søøt, lita grå mus i kjeften. Framleis levande. Eg hasta ned trappa, fekk lokka Pusn med, og husja både henne og kompisen ut. Så fekk me oververa eit ekte katten-og-musen-show på plenen.
Ok, eg sleppe deg fri, spring du! HAHA, lurte deg! vil heller kasta deg opp i lufta, la deg springa litt før eg stoppar deg med eit realt klask over halen!
Ganskje så festleg å sjå på i grunn (viss me ikkje sette oss inn i kjenslene til musa, i alle fall!). Me er jo "på lag" med Pusn, så det var jo naturleg at me heia på henne..? Sjølv om det stakk litt i meg, kanskje eg her burde trekka inn ei preik om å "ikkje slå dei som er mindre enn deg"..? Nei, Naturens Gang fekk vera tema for preika i dag. Og me hadde det retteleg triveleg der på plenen, eigentleg etter leggetid for småprinsessene.
Heilt til leiken var over, og me byrja høyre små knekke-og-knaskelydar når Pusn beit musa over hovudet.
På tide å legga seg! Og la naturen gå sin gang!
Pusn vår har heitt både Mia og Bassa, men kjem alltid tilbake til det gode, gamle Pusn. Her har ho kompisen i kjeften. Endå er det leik..
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Naturens gang ja, og me vil jo ikkje ha mus i huset. Så pusen gjere jobben sin den:)
SvarSlett